LLP vedtok på styremøte 25. mai 2011 å overføre dei resterande midlane frå openArms-prosjektet til DIAS-prosjektet. Det stod att kr 355 183 kr frå openArms-prosjektet. Desse er no overført til Riksarkivet. DIAS-prosjektet er eit samarbeid mellom Riksarkivaren og fire sentrale kommunale aktørar; Bergen Byarkiv, Oslo byarkiv, IKA Møre og Romsdal, og IKA Trøndelag. Eit hovudmål […]
Kulturdepartementet skal i løpet av 2012 leggje fram ei melding til Stortinget om arkivsektoren. 9. juni arrangerte departementet innspelskonferanse der ei rekkje representantar for arkivsektoren i Noreg fekk koma med sine innspel til meldinga. Departementet har i tillegg opna for skriftlege innspel til meldinga. Fristen er sett til 1. september og kan sendast til e-post: arkivmelding@kud.dep.no […]
Sluttrapporten frå prosjektet «privatarkiv i museum» som vart initiert av ABM-utvikling og Riksarkivaren er no fullført. Arkivkartlegginga i 2005 synte at norske museum oppbevarar meir enn 30 000 hyllemeter privatarkiv og at størsteparten av dette materialet er uordna og utilgjengeleg for bruk. Musea manglar faglege og økonomiske ressursar til å ta seg av arkiva på ein forsvarleg måte. Dette var bakgrunnen […]
LLP arrangerar kurs i privatarkivarbeid for dei som arbeider i bedrifter, organisasjonar, museum, og arkivinstitusjonar. Kurset vert halde 1. og 2. september på Maihaugen ved Lillehammer, og vert leia av Marit Hosar, arkivleiar ved Opplandsarkivet avd. Maihaugen. I tillegg vil foredragshaldarar vera: Bjørn Bering, utviklingsdirektør for fagfeltet arkiv, Norsk kulturråd. Vilhelm Lange, leiar for privatarkivavdelinga […]