LLP har i dag sendt eit likelydende brev til Norsk Kulturråd og til Kulturdepartementet med ei uttale om støtteordninga for privatarkiv. 6. juni vart det klart at Kulturrådet har løyvd 3, 3 millionar kroner til 25 institusjonar under støtteordninga. Dette representerer inga auke frå 2011. I tillegg til tildelingane våren 2011 vart det i november […]
18. juni arrangerar Riksarkivaren, Norsk Kulturråd og LLP workshop om arkivdagen. Som vanleg vert arkivdagen arrangert i november og årets tema er ‘Møteplassar’. På workshopen vil det vera innleiingar med idear og erfaringar og vi vil prøva å starte ein dugnad der vi vil lage digitale forteljingar kring temaet utover hausten. Tid: 11.30-ca 15.00 Stad: Oslo […]
Norsk Kulturråd har sett av midlar for 2012 til arkiv, museum, og regionale kulturnett som skipar til kurs i korleis skriva for Wikipedia. Mesteparten av midlane skal nyttast til å etablera kurs og samlingar for fagfolk ved institusjonane og frivillege rundt i landet. Det løyvast inntil kr 25 000 for kvart kurs som vert innvilga […]
LLP markerte sitt 25-års jubileum med fagseminar på Britannia Hotel i Trondheim 24. – 25. april. Nye media, samarbeid om arkiv, og vegen vidare for LLP var tema for seminaret. Her kan du lese nokre av innlegga frå seminaret. Fleire kan kome til etterkvart. Tysdag 24. april 2012 «DIAS-prosjektet»– Trond Sirevåg, Riksarkivaren. «Lyrikk og øl, […]