Familie- og kulturkomiteen på Stortinget har no levert si innstilling vedkomande regjeringa sitt forslag til statsbudsjett 2013. LLP merker seg særleg at opposisjonen, beståande av Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti har sett behovet for betre rammer for privatarkiva. I innstillinga ber dei om større merksemd til ikkje-statleg arkivsektor og ei opptrapping av støtteordninga for privatarkiv. […]
LLP har invitert alle medlemer til eit medlemsmøte 13. desember der temaet er stortingsmeldinga om arkiv som vart lagt fram 9. november. Bakgrunnen for møtet er at LLP ynskjer å få flest mogeleg av medlemene med på ein diskusjon om meldinga og for å få innspel til det vidare arbeidet med handsaminga av innhaldet i […]
Måndag 19. november held LLP saman med dei andre arkivorganisasjonane møte om arkivmeldinga som vart lagt fram 9. november. Føremålet med møtet er å saman kome fram til ein strategi for vidare oppfylgjing av meldinga. LLP vil gjerne ha innspel frå medlemer. Desse kan sendast på e-post til postmottak@llp.no LLP vil og snarleg kome med […]
Den første eigne stortingsmeldinga om arkiv vart i dag lagt fram av Kulturminister Hadia Tajik under ei pressekonferanse i Riksarkivet sine lokale. Meldinga kan du lese her: Meld. St. 7 (2012-2013), Arkiv