LLP sitt landsmøte vart halde i Ålesund 19. april i samband med det 6. norske arkivmøte. Du kan no lese den signerte protokollen frå møtet. Landsmøteprotokoll 2013 Saksliste med saksdokument
Etter invitasjon frå Riksarkivaren deltok LLP torsdag 2. mai i samarbeidsmøte om e-forvalting og arkivdanning. Styreleiar Karin Gjelsten og styremedlem Cecilie Lintoft representerte LLP, og møtte saman med representantar for Norsk Arkivråd, KS-faggruppe for dokumentasjon og arkiv og Departementenes arkivledergruppe. Bakgrunnen for samarbeidsmøtet er Riksarkivet si oppfølgjing av arkivmeldinga, eit arbeid som skal koordinerast innan […]
Vil du samarbeide med ein polsk kulturaktør? No er det mogleg å søkje om støtte frå kulturutvekslingsprogrammet med Polen. No er den andre utlysinga for tildeling frå programmet klar, og ein kan begynne å førebu søknadar. Det er polske aktørar som kan søkje om midlar, men dei må samarbeide med minst ein partnar fra Noreg, […]
Landsmøtet i LLP gjekk fredag 19. april einstemmig inn for valkomiteens innstilling til styre for komande periode. Karin Gjelsten ved Bergen Byarkiv er gjenvald som styreleiar for perioden 2013-2015. Det er styret i LLP som vel nestleiar. Konstituerande styremøte skal haldast i Oslo 22. mai. LLP sitt styre Karin Gjelsten. Styreleiar. 2013-2015 Bergen Byarkiv Tlf: […]