Nyheter
Riksarkivet arrangerar SAMDOK-konferanse 3. – 4. desember

Riksarkivaren starta i januar 2013 opp arbeidet med oppfølgjing av arkivmeldinga, eit prosjekt som har fått namnet SAMDOK (samla samfunnsdokumentasjon). SAMDOK er delt inn i tre delprosjekt, eitt for kvart satsingsområde; kommunale arkiv, privatarkiv og arkiv i e-forvalting. 3. – 4. desember arrangerast det SAMDOK-konferanse på Thon Hotel Oslo Airport Gardermoen. Årets tema er arkiv […]

Prosjekt om fylkeskommunal administrasjonshistorie har starta opp

LLP sitt prosjekt om fylkeskommunal administrasjonshistorie har no starta opp. Ingrid Nøstberg har fire månaders permisjon frå sin jobb som arkivar ved Vestfoldarkivet for å arbeide med prosjektet på heiltid. Målsetninga for denne perioden er å skrive og publisere artiklar om fylkeskommunane sitt engasjement på skulesektoren på Wikipedia, i tillegg til ein generell artikkel om fylkeskommunane […]

Sterk bekymring for endringar i støtteordninga for privatarkiv

Frå 2014 er det ikkje lenger høve for arkivinstitusjonar å søkje prosjektmidlar frå støtteordninga for privatarkiv. Støtteordninga vart oppretta i 2010, gjennom ABM-utvikling og seinare gjennom Kulturrådet, som eit tiltak grunna i behovet for ein meir heilskapeleg samfunnsdokumentasjon der ein ser arbeidet med private og offentlege arkiv meir i samanheng, og der både arkivinstitusjonar og […]

Nordisk arkivformidlingskonferanse utsett til mars 2014

Arrangørane Norsk kulturråd, Riksarkivet og Landslaget for lokal- og privatarkiv seier seg leie for at ein ser seg nøydde til å utsetje den nordiske arkivformidlingskonferansen til mars 2014. Ein av grunnane til utsetjinga er at nokre av keynote-talarane diverre meldte avbod i sommar. Ny dato og program for konferansen vil bli klart i løpet av hausten. […]

Privatarkivkonferansen 2025 event 28/04-2025 - 29/04-2025
location_on Hotel Victoria, Stavanger
message Privatarkivkonferansen 2025 blir i Stavanger på Hotel Victoria
Webinar Planarbeid med arkiv event 07/05-2025
location_on Microsoft Teams
message Om digitisering av arkiver
Webinar om Digitisering av arkiver event 04/06-2025
location_on Microsoft Teams
message Om digitisering av arkiver
share