Svarbrev frå Norsk Kulturråd vedkomande støtteordninga for privatarkiv

LLP sendte 12. juni eit likelydende brev til Kulturrådet og Kulturdepartementet der LLP understreka ei forventning om at løyvde midlar til støtteordninga for privatarkiv for 2012 ikkje skal bli lågare enn dei midlane som vart løyvd i 2011.

6. juni vart det klart at Kulturrådet har løyvd 3, 3 millionar kroner til 25 institusjonar under støtteordninga. Dette representerer inga auke frå 2011. I tillegg til tildelingane våren 2011 vart det i november same år løyvd 1, 1 millionar ekstra til 5 institusjonar som var vurderte som viktige prosjekt, men som likevel ikkje hadde nådd fram i hovudtildelinga.  LLP bad om at det og i år vert lagt inn ekstra midlar til støtteordninga.

I brevet frå LLP vart det og understreka viktigheita av at Kulturdepartementet legg til rette for ei rask stigning av midlar i støtteordninga for privatarkiv.

LLP har no fått svar frå Kulturrådet.
Svarbrev til LLP frå Norsk Kulturråd

 

Knytt til denne saka:
LLP sitt likelydende brev til Kulturrådet og Kulturdepartementet
Tre millionar til privatarkiv

 

Høyringsfråsegn – Lov om Norsk Kulturråd

LLP har sendt høyringsfråsegn til Kulturdepartementet vedkomande forslag til ny lov om Norsk Kulturråd.

Bakgrunnen for det nye lovforslaget frå departementet er eit mål om å utarbeide eit regelverk som er betre tilpassa dagens forhold enn det regelverket og styringsgrunnlaget som stammar frå etableringa av rådet i 1965. Betydeleg delegering av oppgåver og nye funksjonar for rådet har kome til. Mellom anna gjeld dette overføringa av arkiv- og museumsoppgåvene frå ABM-utvikling og ein omlagt tilskotsstruktur.

Les LLP si fråsegn

Høyringsbrev
Høyringsnotat
Høyringsinstansar

LLP ynskjer innspel frå medlemer – Forslag til nye bevarings- og kassasjonsreglar frå Riksarkivaren på høyring

Riksarkivaren har sendt forslag til nye bevarings- og kassasjonsreglar på høyring.

Bakgrunnen for forslaget er eit forelda regelverk som i låg grad set forvaltninga i stand til å nytte dette effektivt. Endring av oppgåver og saksfelt, endra omgrepsbruk i forvaltninga, nye arkivnøklar og den digitale revolusjonen er faktorar som har bidrege til at regelverket framstår som utdatert og vanskeleg å praktisere.

Høyringsbrev

Høyringsnotat

Forslag til nytt regelverk

Høyringsinstansar

LLP ynskjer innspel frå medlemer. Riksarkivaren har sett fristen til 1. oktober. LLP ber om at innspel frå medlemer vert sendt til vårt sekretariat innan 5. september

e-post: postmottak@llp.no

Støtteordninga for privatarkiv – uttale til Kulturrådet og til Kulturdepartementet

LLP har i dag sendt eit likelydende brev til Norsk Kulturråd og til Kulturdepartementet med ei uttale om støtteordninga for privatarkiv.

6. juni vart det klart at Kulturrådet har løyvd 3, 3 millionar kroner til 25 institusjonar under støtteordninga. Dette representerer inga auke frå 2011. I tillegg til tildelingane våren 2011 vart det i november same år løyvd 1, 1 millionar ekstra til 5 institusjonar som var vurderte som viktige prosjekt, men som likevel ikkje hadde nådd fram i hovudtildelinga.

Brevet frå LLP til Norsk Kulturråd og Kulturdepartementet kan du lese her:

Uttale i samband med støtteordninga for privatarkiv

Les og på Norsk Kulturråd sine heimesider:

Tre millionar til privatarkiv

Workshop om Arkivdagen 2012 – 18. juni

18. juni arrangerar Riksarkivaren, Norsk Kulturråd og LLP workshop om arkivdagen. Som vanleg vert arkivdagen arrangert i november og årets tema er ‘Møteplassar’.

På workshopen vil det vera innleiingar med idear og erfaringar og vi vil prøva å starte ein dugnad der vi vil lage digitale forteljingar kring temaet utover hausten.

Tid: 11.30-ca 15.00
Stad: Oslo byarkiv

  • Om Oslo-samarbeidet ved Runhild Seim, Riksarkivet
  • Om den nordiske samanhengen, Eli Solberg, Norsk Kulturråd
  • Innfallsvinkler til temaet for 2012 møteplasser og om å arrangere/delta på lokale workshops i å lage digitale fortellinger, ved Marit Hosar, Opplandsarkivet, avd. Maihaugen

Påmelding innan 14. juni til ellen.rosjo@kul.oslo.kommune.no

Det er no oppretta ei felles nettside med informasjon om Arkivdagen 2012

Informasjon om arrangement kan sendast på e-post til eli.solberg@kulturrad.no

 

Kulturrådet gjev støtte til Wikipediakurs

Norsk Kulturråd har sett av midlar for 2012 til arkiv, museum, og regionale kulturnett som skipar til kurs i korleis skriva for Wikipedia. Mesteparten av midlane skal nyttast til å etablera kurs og samlingar for fagfolk ved institusjonane og frivillege rundt i landet. Det løyvast inntil kr 25 000 for kvart kurs som vert innvilga støtte.

Søknadsfrist er 20. juni.

Kulturrådet vil kople informasjon i ulike formidlingstenester som arkivportalen.no, digitaltmuseum.no, digitaltfortalt.no og europeana.eu saman med innhald i sentrale kunnskapskjelder. Gjensidig lenking vil bidra til meir bruk av dei ulike kunnskapskjeldene og gjera tema som gjeld arkiv, museum og kunst meir kjende blant brukarane.

Les meir på Norsk Kulturråd sine heimesider.

Innlegg frå LLP sitt jubileumsseminar

LLP markerte sitt 25-års jubileum med fagseminar på Britannia Hotel i Trondheim 24. – 25. april. Nye media, samarbeid om arkiv, og vegen vidare for LLP var tema for seminaret.

Her kan du lese nokre av innlegga frå seminaret. Fleire kan kome til etterkvart.

Tysdag 24. april 2012

«DIAS-prosjektet»– Trond Sirevåg, Riksarkivaren.

«Lyrikk og øl, idrett og innvandring» – Tom Oddby, Byarkivar i Drammen.

«Hvordan ta kontroll av arkivering fra sosiale medier. En praktisk gjennomgang med facebook som eksempel» – Thomas Sødring, Førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

«KDRS som samarbeidsprosjekt for kommunale arkivinstitusjoner. Kva tilbod har KDRS til privatarkivaktørar?» – Tor Eivind Johansen, Dagleg leiar ved KDRS.

Onsdag, 25. april 2012

«Har vi bruk for LLP?» – Kjetil Reithaug, Arkivsjef ved Interkommunalt arkiv i Vest-Agder.

«LLP sin historie» – Leiarane av LLP frå 1987 til i dag.

«LLP som arkivpolitisk interesseorganisasjon: mot framtidas arkivlandskap» – Bjørn Bering, Avdelingsdirektør i Norsk Kulturråd.

Vedkomande Arne Skivenes sitt foredrag «Arkivaren – karriere, kall og kamp – ‘Arkiv i tegneserier’ på nye eventyr», har han bede oss om å formidle fylgjande:

Hei,

Generelt er jeg positiv til å legge mine foredrag og presentasjoner ut på nett, men jeg er kommet til at jeg ikke vil gjøre det med tegneseriepresentasjonene mine

En grunn er at de kun består av bilder, som for store deler blir meningsløse uten den muntlige presentasjonen fordi det visuelle og det muntlige er så sterkt knyttet til hverandre.

En annen grunn er at jeg har investert svært mye i disse tegneseriebaserte foredragene jeg har laget. Det er uten tvil de presentasjonene jeg har lagt ned mest ressurser i av alt jeg har gjort, jeg tør ikke tenke på hva jeg har brukt av tid og penger på innkjøp og research over mange år, og på fotografering og sammensetning av dette stoffet. Det er blitt en helhet som jeg er fornøyd med og som er tilpasset min form. Jeg har kommet til den erkjennelsen at jeg har lagt såpass mye av meg selv i dette at disse foredragene er viktige for meg.

Om noen skulle få lyst til å hyre meg inn for å fremføre dem ved en passende anledning, er det en helt annen sak. Det gjør jeg med stor glede.

Jeg har tre foredrag:

– «Kaos, kunnskap og konspirasjon. Arkiv i tegneserier.» (1998) (Dette er et bredt sveip over hele feltet, basert på enkeltstående bilder eller korte sekvenser. Lagt opp etter ulike tema) ca 40 minutter

– «Makt og magi. Arkiv i tegneserier vender tilbake.» (2006) (Dette er mer fokusert rundt de to aspektene i tittelen, noe mørkere enn det første foredraget, og delvis basert på noe lengre tegneseriesekvenser) ca 40 minutter

– «Arkivaren – karriere, kall og kamp – ‘Arkiv i tegneserier’ på nye eventyr». (2012) (Dette er også konsentrert rundt temaene i tittelen, delvis gjennom enkeltstående tegninger, men også ved bruk av en del lengre, sammenhengende sekvenser som nesten har karakter av tegnefilm) ca 45 minutter.

Jeg har også en 8-minutters lynversjon med et sveip gjennom en arkivinstitusjons oppgaver.

Foredragene baserer seg i all hovedsak på utgivelser etter forrige foredrag, og det er en minimal gjenbruksprosent.

 

LLP ber medlemer om innspel til lov om Norsk Kulturråd

LLP er ein av høyringsinstansane som skal kome med innspel til kulturdepartementet om utkast til lov om Norsk Kulturråd.

Bakgrunnen for det nye lovforslaget frå departementet er eit mål om å utarbeide eit regelverk som er betre tilpassa dagens forhold enn det regelverket og styringsgrunnlaget som stammar frå etableringa av rådet i 1965. Betydeleg delegering av oppgåver og nye funksjonar for rådet har kome til. Mellom anna gjeld dette overføringa av arkiv- og museumsoppgåvene frå ABM-utvikling og ein omlagt tilskotsstruktur.

Fråsegna frå LLP skal representere alle våre medlemsorganisasjonar, og det er difor ynskjeleg at me mottek innspel til utkastet til lova.

Innspel kan sendast på e-post til vårt postmottak: postmottak@llp.no

Frist: 1. august 2012.

Høyringsbrev

Høyringsnotat

Høyringsinstansar

LLP 25 år – Jubileumsskrift

LLP sitt fyrste Landsmøte i Sogndal i 1987. Foto: Marit HosarI dag, 23. mai er det 25 år sidan Landslaget for lokal- og privatarkiv arrangerte sitt første landsmøte i Sogndal med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som vertskap. LLP vart stifta 6. september 1986 på ein konferanse på Ås med representantar for over 20 arkivinstitusjonar tilstades. Bakgrunnen var behovet for eit fagleg forum, og for å styrke privatarkivarbeidet i Noreg. I tillegg var det behov for ei organisering av det faglege arkivarbeidet for institusjonar utanfor det statlege arkivverket.

25-års jubileet vart feira med jubileumsseminar på Britannia Hotel i Trondheim 23.-25. april inneverande vår, og i samband med arrangementet vart det utarbeidd eit jubileumsskrift der alle dei tidlegare leiarane av LLP har bidrege med å fortelje om sine minne og LLP sitt arbeid frå deira periodar som LLP-leiarar.

Takk til Marit Hosar for arbeidet med å organisere og setje saman skriftet.

Her kan du lese LLP sitt jubileumsskrift:

LLP 25 år – Jubileumsskrift

 

LLP si fråsegn til Kulturutgreiinga 2014

Me syner til Kulturutgreiinga 2014 som er sett ned av regjeringa for å utgreie kulturpolitikken i Noreg etter 2005 og som skal kome fram til dei viktigaste utfordringane som kulturpolitikken står ovanfor dei komande år. Vurderingane dei kjem fram til skal leggjast fram i form av ei NOU i januar 2013.

Utvalet oppmoda LLP til å kome med innspel til fylgjande problemstillingar:

– Beskriv de viktigste endringene kulturpolitikken etter 2005 har skapt innenfor arkivfeltet, slik LLPs medlemmer opplever det.

– I hvilken grad og på hvilke måter har kulturpolitikken etter 2005 endret arbeidsbetingelsene for LLPs medlemmer?

– På hvilke måter har eventuelle endringer i arbeidsbetingelser påvirket deres muligheter til å oppfylle målene om at alle skal ha tilgang til kulturopplevelser og om økt kvalitet?

– I tråd med vårt mandat kan Kulturutredningen gi forslag til endringer i kulturpolitikken innenfor gjeldende budsjettrammer.  Vi vil derfor utfordre LLP til å komme med begrunnede forslag til endringer dere mener bør gjøres i kulturpolitikken.

LLP har no sendt si fråsegn til utvalet. Denne kan du lese her:

LLP si fråsegn til Kulturutgreiinga 2014

 

LLP Landsmøte 2012 – Sakspapir

LLP sitt landsmøte 2012 vert avhalde på Britannia Hotell i Trondheim kl 13.00. LLP sitt sekretariat har diverre ikkje endå motteke revidert rekneskap. Revidert rekneskap og budsjett vert lagt ut på våre heimesider så snart det reviderte rekneskapet er motteke frå revisjonsfirmaet.

Dagsorden og sakspapir for landsmøte 2012:

  1. Konstituering: Val av møteleiar, referent og representantar til å underskrive protokollen frå møtet
  2. Årsmelding
  3. Rekneskap / Redegjering for årsrekneskapet
  4. Fastsetjing av kontingent
  5. Budsjett
  6. Handlingsplan
  7. Val av styre
  8. Val av valkomité på tre medlemmer etter framlegg frå styret
  9. Framlegg fremja av medlemer eller av styret

9.1. Framlegg om at LLP opner for personlege medlemskap

Florence Declaration for the Preservation of Analogue Photo Archives

Kunsthistorisches Institut in Florenz – Max-Planck-Institut tok i 2009 initiativ til å rette fokus på det analoge fotografiet sin verdi og status i ei digital verd. Med «The Florence Declaration of the Preservation of Analogue Photo Archives» har dei utarbeidd tilråingar for bevaring av analoge fotoarkiv.

Deklarasjonen kan du lese i sin heilskap her:

The Florence Declaration for the Preservation of Analogue Photo Archives 

Underskrifter til støtte for deklarasjonen

Kunsthistorisches Institut in Florenz – Max-Planck-Institut

 

 

Forskingskonferanse i Trondheim 23. april

«ARKIVFORSKING: TRENDAR OG UTFORDRINGAR»

Måndag 23. april arrangerar Landslaget for lokal- og privatarkiv og Institutt for arkiv-, bibliotek-, og informasjonsfag (ABI) ved Høgskolen i Oslo og Akershus forskingskonferansen «Arkivforsking: trendar og utfordringar» på Britannia Hotell i Trondheim.

Professor Karen Anderson frå Mittuniversitetet i Sverige, vil opne konferansen med foredraget «Trends and challenges in international archival/recordkeeping research»

Konferansen vert arrangert som ein før-konferanse til LLP sitt jubileumsseminar 23.-25. april. Det vert høve til å melde seg på forskingskonferansen og jubileumsseminaret under eitt, eller kvar for seg.

Sjå: Program, LLP sitt jubileumsseminar

PROGRAM FORSKINGSSEMINARET «ARKIVFORSKING: TRENDAR OG UTFORDRINGAR»

Kl 10:00 Opningsforedrag ved professor Karen Anderson, Mittuniversitetet i Sverige
«Trends and challenges in international archival/recordkeeping research»

Kl 11:00 Ranveig Gausdal, Norsk kulturråd
«Kulturrådets forskingspolitikk for arkivsektoren»

Kl 11:45 Lunsj

Kl 12:30 – 15:30 Presentasjoner knytta til aktuelle norske arkivforskingsprosjekt

Synøve Bringslid, Statsarkivet i Bergen, Maria Press, Statsarkivet i Trondheim, Ine Fintland og Torkel Thime, begge Statsarkivet i Stavanger:
«Arkivbeskrivelse i Norge 1622-2003»

Omtale: Vår kunnskap om norske arkivbeskrivelser er begrenset. Nyere litteratur og debatt om emnet etterlater et inntrykk av at norsk arkivhistorie på dette området begynner omkring 1980. Men allerede i 1610 ble stattholder Kruse pålagt å lage en registratur over arkivmaterialet som befant seg i Akershus slott. Arbeidet ble sluttført i 1622 og resulterte i det som trolig kan karakteriseres som Norges første arkivkatalog. Gjennom 1700-tallet ble det gjennomført flere arkivkatalogprosjekter, blant annet med utgangspunkt i maler utarbeidet ved det danske kanselli i København. Dette danner starten på en spennende historie om arkivbeskrivelse, der nye ideer og metoder tas i bruk gjennom 18- og 1900-tallet. Et nystartet forskningsprosjekt i regi av fire arkivarer ved statsarkivene i Bergen, Stavanger og Trondheim tar sikte på å bringe denne historien frem i lyset.

Leiv Bjelland, Høgskolen i Oslo og Akershus
«Arkiv er samfunn gjort bestandig. Arkivistikk og oversettelsessosiologi»

Omtale: Innlegget undersøker sammenhengen mellom arkivistikk og actor-network theory (ANT, også kjent som the sociology of translation). Actor-network theory har i omlag 30 år levert alternative forståelser av forbindelsene mellom teknologi, vitenskap og samfunn, basert på at teknologi/vitenskap og samfunn ikke skal forstås som motsetninger, men som nettverk av ulike, men likeverdige aktører. Perspektivet synes på mange måter relevant for arkivistikk, men har likevel ikke blitt systematisk introdusert og drøftet i arkivfaget.

Johanne Bergkvist, Oslo byarkiv.
«Et minoritetsarkiv under oppbygging»

Omtale: Oslo byarkiv samarbeider i dag med en representant for romanifolket Kai-Samuel Vigardt om avlevering og ordning av arkivmateriale fra han og hans morfar Ludvig Karlsens engasjement i ulike romaniforeninger og virksomheter. I de offentlige arkivene finnes romanifolket i stor grad som klienter. Oppbyggingen av et slikt privatarkiv utfordrer dermed det kommunale arkivets rolle, og stiller arkivaren ovenfor et samfunnsansvar om å sørge for at alle aspekter ved minoriteters historie blir bevart i arkivene.

Ellen Røsjø, Oslo byarkiv/Høgskolen i Oslo og Akershus
«Majoritets- og minoritetsperspektiv i arkivbevaring»

Omtale: Ellen Røsjø ser på representasjon av minoriteter i arkivene. Hun tar utgangspunkt i arkivbevaringsteori og undersøker hva henholdsvis de offentlige og de private arkivene dokumenterer. Hvilke stemmer kan man i offentlige arkiver finne fra nye minoriteter? Hvilket perspektiv har myndighetene på minoritetene? Hva dokumenterer de private arkivene om minoritetene? Hun tar opp mulige veier mot en felles integrert samfunnshukommelse.

Ole Stian Hovland, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
«Medvitne val eller tilfeldige handlingar?»

Omtale: Eit overordna mål ved dette prosjektet vil vera å studera og analysera verksemda til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, spesielt arbeidet med innsamling og formidling. Både innsamling, forvalting og formidling er basert på eit sett verdiar, premissar og føresetnader som kan vera eksplisitte eller implisitte, medvitne eller umedvitne. Kva har styrt og styrer innsamlings- og formidlingsverksemda? Er det ein bevisst ideologi? Eller er det kanskje like mykje ein ubevisst ideologi? Er det haldningar og interesser til einskildpersonar som har styrt dette arbeidet, eller er det krav frå løyvande styresmakter eller andre ytre krefter?

Kl 15:45 – 16:30: Avsluttande paneldebatt

PRISAR:
Forskingsseminar, kr 1500
Forskingsseminar og LLP sitt jubileumsseminar, kr 7500 (inkl. overnatting frå mån til ons)

Påmelding til e-post: postmottak@llp.no (påmelding er bindande).

Me gjer merksam på at det er begrensa med plassar til forskingskonferansen, så me tilrår å melde seg på snarleg for å sikre plass. Påmeldingsfristen er sett til 10. mars.

 

 

LLP 25 år – Jubileumsseminar

I høve LLP sitt 25-års jubileum har me gleda av å ynskje velkomen til jubileumsseminar på Britannia Hotell i Trondheim 23.-25. april 2012.

Seminaret vil starte 23. april kl 18.00 med mottaking på Arkivsenteret Dora med enkel servering, velkomst, og omsyning på arkivsenteret.

Måndag 23. april arrangerar LLP og Høgskolen i Oslo og Akershus forskingskonferansen «Arkivforsking: Trendar og utfordringar» på Britannia Hotell.
Sjå program: Forskingskonferanse 23. april

PROGRAM – JUBILEUMSSEMINAR

Måndag 23. april

Kl 18.00: Mottaking på Arkivsenteret Dora.
Lett servering, velkomst og omsyning på arkivsenteret.

Tysdag 24. april

NYE MEDIA OG SAMARBEID OM ARKIV

Kl   9.00: Velkomen ved LLP sin styreleiar Karin Gjelsten
Kl   9.15: Opning ved Riksarkivar Ivar Fonnes
Kl 10.00: Kaffi
Kl 10.15: Trond Sirevåg – Prosjektleiar for DIAS-prosjektet, Riksarkivet.
«DIAS-prosjektet»
Kl 11.00: Pause
Kl 11.15: Karianne Schmidt Vindenes – Avdelingsdirektør, Vestfoldarkivet.
«Jeg er forfatter på Wikipedia – Vestfoldarkivets bruk av Wikipedia og Arkivportalen»
Kl 12.00: Lunsj
Kl 13.00: Thomas Sødring – Førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo og Akershus.
«Hvordan ta kontroll av arkivering fra sosiale medier. En praktisk gjennomgang med facebook som eksempel»
Kl 13.45: Tor Eivind Johansen – Dagleg leiar ved KDRS.
«KDRS som samarbeidsprosjekt for kommunale arkivinstitusjonar. Kva tilbod har KDRS til privatarkivaktørar?»
Kl 14.30: Kaffi
Kl 14.45: Tom Oddby – Byarkivar i Drammen.
«Lyrikk og øl, idrett og innvandring: Drammen byarkiv og privatarkivarbeidet»

Kl 16.00: Omsyning i Nidarosdomen

Kl 19.00: Aperitif
Kl 19.30: Festmiddag

Onsdag 25. april

LLP – KVAR GÅR VEGEN?

Kl   9.00: Arne Skivenes – Byarkivar i Bergen.
«Arkivaren – karriere, kall og kamp – ‘Arkiv i tegneserier’ på nye eventyr»
Kl  9.45: Kaffi
Kl 10.00: Kjetil Reithaug – Arkivsjef ved Interkommunalt arkiv i Vest-Agder.
«Har vi bruk for LLP?»
Kl 10.30: LLP sine tidlegare og noverande leiarar.
«LLP sin historie»
Kl 11.00: Debatt – Debattleiar Anne Aune – Fylkesarkivar ved Hordaland fylkesarkiv.
Kl 11.30: Bjørn Bering – Avdelingsdirektør i Norsk Kulturråd.
«LLP som arkivpolitisk interesseorganisasjon: mot framtidas arkivlandskap»
Kl 12.00: Lunsj

Kl 13.00: Landsmøte, LLP

Påmelding til jubileumsseminaret kan sendast på e-post til LLP sitt postmottak: postmottak@llp.no
Påmeldingsfrist er 10. mars. Påmelding er bindande.
Ver venleg å melde frå i påmeldinga om du ynskjer å delta på omsyninga i Nidarosdomen.

Prisar for seminaret er:

Jubileumsseminar inkl. 2 overnattingar (mån-ons): Kr 6800
Jubileumsseminar inkl. 1 overnatting (tys-ons): Kr 5900
Jubileumsseminar utan overnatting (inkl. festmiddag): Kr 3800
Jubileumsseminar og forskingskonferanse (mån-ons): Kr 7500

 

 

Søk støtte til arbeid med privatarkiv

Me minnar om Norsk Kulturråd si støtteordning for privatarkiv.

Institusjonar som arbeider med å bevare og gjere tilgjengelegg privatarkiv, kan søke Kulturrådet om støtte innan 15. mars 2012.

På statsbudsjettet for 2012 vart det vidareført ei støtteordning for privatarkiv som ledd i Kulturrådet sitt ansvar for å tilretteleggje og koordinere arbeidet med arkiv frå privat samfunnssektor. Tiltaket er grunna i behovet for meir helskapeleg samfunnsdokumentasjon, der ein ser arbeidet med offentlege og private arkiv meir i samanheng. Vidare er digitalisering og digital tilgjengelegheit til et breidt utval av arkiv gjennom Arkivportalen eit siktemål med støtteordninga.

Les meir på Norsk Kulturråd sine heimesider

God jul og godt nyttår!

Landslaget for lokal- og privatarkiv ynskjer alle våre medlemer ei riktig god jul og godt nyttår!

Sekretariatet held stengt frå 23. desember til 2. januar.

Me ser fram til vidare godt samarbeid i 2012.

Presentasjonar frå LLP sitt privatarkivseminar

16. – 17. november 2011 arrangerte Landslaget for lokal- og privatarkiv seminar om privatarkivarbeid.

Her er nokre av presentasjonane frå foredraga. Fleire kan koma til etterkvart.

 

 

Seminar om arkivforsking i Trondheim 23. april 2012 – Invitasjon til å halde foredrag – «Call for papers»

Me har gleda av å annonsere at Landslaget for lokal- og privatarkiv feirer sitt 25-års jubileum med to seminar på Britannia Hotel i Trondheim, 23. april og 24.-25. april 2012.

LLP og Institutt for arkiv-, bibliotek-, og informasjonsfag (ABI) ved Høgskolen i Oslo og Akershus arrangerar seminaret «ARKIVFORSKING: TRENDAR OG UTFORDRINGAR» måndag 23. april. Professor Karen Anderson vil halde innleiingsforedraget om «Trends and challenges in international archival/recordkeeping research»

Me inviterar arkivarar og arkivforskarar til å sende inn framlegg til foredrag om eigne forskingsprosjekt eller emne knytt til konferansetemaet.

Meir informasjon om dette kan du finne ved å lese invitasjonen frå HiOA og LLP.

Meir informasjon om påmelding og program til både forskingsseminaret 23. april, og jubileumsseminaret 24. og 25. april vil koma.


  

LLP si høyringsfråsegn vedkomande etablering av Norsk Helsearkiv og Helsearkivregisteret

LLP har i dag sendt si høyringsfråsegn til Helse- og omsorgsdepartementet vedkomande forslag til lovendringar i samband med etablering av Norsk Helsearkiv og Helsearkivregisteret.

Gjennom handsaminga av statsbudsjettet for 2010 vart det avgjort at det skal etablerast eit nasjonalt helsearkiv med føremål å sikra forsvarleg oppbevaring og tilgjengeleggjering av eldre, bevaringsverdige pasientarkiv frå spesialhelsetenesta.

Den nye verksemda, kalla Norsk Helsearkiv, vil bli organisert som ei eiga eining innanfor det statlege Arkivverket. Arkivverket er organisatorisk underlagt Kulturdepartementet, men Helse- og omsorgsdepartementet vil ha ansvaret for etablering og oppbygging av Norsk Helsearkiv i ein interimfase.

Departementet sendte i juli 2011 ut eit høyringsnotat.

Les LLP si høyringsfråsegn her.


  

LLP-konferansen om privatarkiver 2011

LLP har gleden av å presentere program og tidsskjema for årets privatarkivkonferanse som holdes i Bergen 16. og 17. november 2011.

Årets konferanse retter fokus mot ulike problemstillinger og utfordringer knyttet til arbeidet med privatarkiver, som bevaring og formidling av næringslivsarkiver, verdien av å ta vare på organisasjons- og foreningsarkiver og utfordringen med elektroniske arkiver i organisasjonene. Også formidling og forskning vil være tema på konferansen.

Program, Konferanse om privatarkiver, LLP 2011.

 

 

LLP overfører openArms-midlar til DIAS-prosjektet

LLP vedtok på styremøte 25. mai 2011 å overføre dei resterande midlane frå openArms-prosjektet til DIAS-prosjektet.

Det stod att kr 355 183 kr frå openArms-prosjektet. Desse er no overført til Riksarkivet.

DIAS-prosjektet er eit samarbeid mellom Riksarkivaren og fire sentrale kommunale aktørar; Bergen Byarkiv, Oslo byarkiv, IKA Møre og Romsdal, og IKA Trøndelag.

Eit hovudmål for prosjektet er å definere ein felles og omforent pakkestruktur for bevaring av digitalt arkivmateriale med utgangspunkt i OAIS-standarden (ISO 14721: 2003). Denne strukturen skal kunne nyttast fleksibelt for alle typer av digitale leveransar til statlege og kommunale arkivdepot.

Grunngjevinga for vedtaket kan lesast i orienteringsbrevet til Norsk Kulturråd.

Meir om DIAS-prosjektet.

 

 

 

Kulturdepartementet tek i mot skriftlege innspel til arkivmeldinga

Kulturdepartementet skal i løpet av 2012 leggje fram ei melding til Stortinget om arkivsektoren. 9. juni arrangerte departementet innspelskonferanse der ei rekkje representantar for arkivsektoren i Noreg fekk koma med sine innspel til meldinga.

Departementet har i tillegg opna for skriftlege innspel til meldinga. Fristen er sett til 1. september og kan sendast til e-post: arkivmelding@kud.dep.no

Me oppmodar våre medlemer om å gjera nytte av denne mulegheiten.

For at LLP skal få innspel frå medlemer og fylgje opp arbeidet vidare er det fint om innsendte innspel vert sendt i kopi til oss på e-post: postmottak@llp.no

Lenkje til Kulturdepartementet

Sluttrapport frå prosjektet privatarkiv i musea

Sluttrapporten frå prosjektet «privatarkiv i museum» som vart initiert av ABM-utvikling og Riksarkivaren er no fullført.

Arkivkartlegginga i 2005 synte at norske museum oppbevarar meir enn 30 000 hyllemeter privatarkiv og at størsteparten av dette materialet er uordna og utilgjengeleg for bruk. Musea manglar faglege og økonomiske ressursar til å ta seg av arkiva på ein forsvarleg måte.

Dette var bakgrunnen for at ABM-utvikling og Riksarkivet sette igang prosjektet «Privatarkiv i museum» i 2007. I første omgang som eit pilotprosjekt.

Seks av åtte fylke har no levert sluttrapport. Dei rapporterar at dei har fått ei oversikt over tilstand og mengde i sine respektive fylke. Dei har utarbeidd planar/avtalar for kven som skal gjere kva påprivatarkivområdet. Fleire fylke har oppretta faste møtefora. I Hordaland har ein til dømes oppretta eit privatarkivnettverk.

Sluttrapporten syner og at kompetansen i musea har auka. Riksarkivet har som bidrag i prosjektet halde kurs og opplæring regionalt.

Les sluttrapporten: Privatarkiv i musea

 

 

Kurs i privatarkivarbeid 1. og 2. september

LLP arrangerar kurs i privatarkivarbeid for dei som arbeider i bedrifter, organisasjonar, museum, og arkivinstitusjonar.

Kurset vert halde 1. og 2. september på Maihaugen ved Lillehammer, og vert leia av Marit Hosar, arkivleiar ved Opplandsarkivet avd. Maihaugen.

I tillegg vil foredragshaldarar vera:
Bjørn Bering, utviklingsdirektør for fagfeltet arkiv, Norsk kulturråd.
Vilhelm Lange, leiar for privatarkivavdelinga ved Riksarkivet.

Kurset vert arrangert av LLP i samarbeid med Norsk kulturråd, Riksarkivet og Opplandsarkivet avd. Maihaugen.

Påmelding kan sendast pr e-post til postmottak(at)llp.no
Frist for påmelding er 24. august.

Les meir om kurset: Privatarkiv i museer og andre institusjoner

LLP inviterer til konferanse om privatarkiv

LLP inviterer til konferanse om privatarkiver 16. og 17. november i Bergen

Årets konferanse retter fokus mot ulike problemstillinger og utfordringer knyttet til arbeidet med privatarkiver, som bevaring og formidling av næringslivsarkiver, verdien av å ta vare på organisasjons- og foreningsarkiver og utfordringen med elektroniske arkiver i organisasjonene.

Pris:
Medlemmer: kr 2700
Ikke-medlemmer: kr 3200

Påmeldingsfrist:
5. oktober
e-post: postmottak@llp.no
Påmelding er bindende.

Hotellrom må bestilles av den enkelte og er ikke inkludert i prisen for konferansen. LLP har avtale med Hotel Grand Terminus. Rom kan bestilles der ved å oppgi refransenummer 1554950, med frist 18. oktober.

Pris for enkeltrom er kr 850 / dobbeltrom kr 1050

Konferansen vil bli holdt i Kalfaret brygghus sine lokaler, i Kalfarveien 76. Bergen.

PROGRAM

Onsdag 16. november:

BEVARING OG FORMIDLING AV NÆRINGSLIVSARKIVER

Samarbeid mellom arkiv, museum og næringsliv; bevaring og formidling av arkiver etter norsk petroleumsvirksomhet

– Torkil Thime, Statsarkivet i Stavanger

– Norsk Oljemuseum

– Per Skarung, Esso Norge

Arkivproblematikk under New Public Management

– Terje Haram, Bergen byarkiv

Torsdag 17. november:

ORGANISASJONS- OG FORENINGSARKIVER

Organisasjonsarkiver som kilder og dokumentasjon

– Bjørn Bering, Norsk Kulturråd

Noen erfaringer med Riksarkivets arbeid med elektronisk arkivmateriale i organisasjoner

– Per Kristian Ottersland, Riksarkivet

Bevaring av elektroniske arkiver – en utfordring for idrettslagene

– Hordaland idrettskrets

Referater og medlemslister på minnepenn! Utfordringer rundt bevaring av elektroniske arkiver hos organisasjoner

– Nina Klæboe, Bergen byarkiv

Foreningsarkiver i Misjonsarkivet; ordning og anvendelse

– Gustav Steensland, Misjonsarkivet

FORSKNING OG FORMIDLING

Samarbeid om formidling

– Maria Press, Statsarkivet i Trondheim

Majoritets- og minoritetsperspektiv i arkivbevaring. Hva dokumenterer henholdsvis de offentlige arkivene og privatarkivene om innvandrerorganisasjoner?

– Ellen Røsjø, Oslo byarkiv

LLP sitt innspel til stortingsmeldinga om arkiv

9. juni arrangerte Kulturdepartementet innspelskonferanse til arbeidet med ei stortingsmelding om arkiv som departementet tek sikte på å legge fram i 2012.

Ei rekkje representantar for heile noreg sitt arkivmiljø var tilstade for å kome med sine innspel.

LLP var inviterte til å halde innlegg om forventningar til meldinga. Berit Stie frå Aust-Agder kulturhistoriske senter representerte LLP på konferansen, og innlegget hennar kan du no lese her.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

LLP lyser ut kr 50 000 i stipend for 2011

LLP har gleda av å lyse ut  kr 50 000 i stipend for 2011.

Søknadsfrist er 1. august.

Både enkeltpersonar og institusjonar kan søke, og føremålet med stipendordninga er at dette skal gå til arkivfagleg vidareutvikling, studieturar, eller til utarbeiding av faglege artiklar og litteratur.

Søkjarar må vere tilknytta ein institusjon som er medlem av LLP.

LLP har utarbeidd statuttar for tildeling av stipendutdeling.

Les meir  om stipendordninga og statuttar for tildeling.

Søknader kan sendast pr e-post til postmottak@llp.no eller pr post:
Landslaget for lokal- og privatarkiv,
c/o Bergen Byarkiv
Pb 7700, 5020 Bergen.

Innspelskonferanse til stortingsmeldinga om arkiv

Kulturdepartementet arrangerar innspelskonferanse til stortingsmeldinga om arkiv i Oslo 9. juni.

LLP er inviterte til å halde innlegg på konferansen, og me ber med dette våre medlemer om å kome med innspel til oss.

Innspel kan sendast på e-post til postmottak@llp.no

Arkivverket tek driftsansvaret for Arkivportalen

 

Riksarkivaren har meddelt Stiftelsen Asta at Arkivverket tek på seg ansvaret for drifta av Arkivportalen.

Arkivverket tek frå 1. januar 2011 det økonomiske ansvaret for drift og vedlikehald av utstyr, noko som vil seie at Arkivverket vil dekkje meir enn halvparten av dei årlege kostnadane.

Stiftelsen Asta vil halde fram med å ha forvaltningsansvaret for Arkivportalen.

Les brevet frå Riksarkivaren

Landsmøte 2011 – sakspapir

Landsmøtet for 2011 vert arrangert i Tromsø 4. mai kl 9.00.

Landsmøtet skal handsame følgjande saker (sakspapir i raud lenkje):

  1. Konstituering: Val av møteleiar, referent og representantar til å underskrive protokollen frå møtet.
  2. Årsmelding
  3. Revidert rekneskap > Redegjering for årsrekneskap
  4. Fastsetjing av kontingent
  5. Budsjett
  6. Handlingsplan
  7. Val av styre
  8. Val av valkomité på tre medlemer etter framlegg frå styret.
  9. Framlegg fremja av medlemer eller styret.
    9.1. Omdisponering av øyremerka midlar
    9.2. Fagseksjonane sitt mandat
    Kommunal fagseksjon
    Seksjon for privatarkiv
    9.3. Forslag til organisasjonsstrategi

Formidlingsnettet har ny nettadresse

I samband med flytting av våre nettsider har Formidlingsnettet fått ny nettadresse.

Den nye adressa er http://formidling.llp.no

LLP sitt fyrste Landsmøte i Sogndal i 1987. Foto: Marit Hosar

LLP 25-års jubileum

LLP sitt fyrste Landsmøte i Sogndal i 1987. Fotograf: Marit Hosar.

LLP fyller 25 år 6. september 2011. Dette vil bli behørleg markert i samband med landsmøtet i 2012.

Tidlegare styreleiarar og LLP-entusiastar, medlemer og andre med meiningar om LLP oppmodast allereie no til å byrje med planleggjinga av dette.

Datoane er ikkje fastsett, men det vert i slutten av april 2012.

LLP startar markeringa med eit privatarkivseminar i byrjinga av november 2011.

Meir informasjon fylgjer etterkvart.

 

Velkomen til LLP sine nye heimesider

Send oss gjerne arrangement de ynskjer at me skal leggje inn i arrangementskalendaren, slik at denne vert så fyldig og oppdatert som mogleg.

Me tek gjerne i mot både ris, ros og tips!

Kontakt oss gjerne gjennom vårt kontaktskjema.