Prosjekt om fylkeskommunal administrasjonshistorie har starta opp

Nordland skole, Kristiansund. Fotograf Williams. Kjelde Flickr Commons. RiksarkivetLLP sitt prosjekt om fylkeskommunal administrasjonshistorie har no starta opp. Ingrid Nøstberg har fire månaders permisjon frå sin jobb som arkivar ved Vestfoldarkivet for å arbeide med prosjektet på heiltid. Målsetninga for denne perioden er å skrive og publisere artiklar om fylkeskommunane sitt engasjement på skulesektoren på Wikipedia, i tillegg til ein generell artikkel om fylkeskommunane si utvikling.

Prosjektet er finansiert med midlar frå Kulturrådet, og det er ein god start for å kunne nå hovudmålet – ei komplett handbok om fylkeskommunene si administrasjonshistorie. Dette føreligg for kommunane og staten sin del, men ikkje for fylkeskommunane, noko som er eit sakn for både arkivinstitusjonar, forvaltninga sjølv og andre historisk interesserte.

LLP vil halde fram å arbeide for ei vidare finansiering av prosjektet. Prosjektgruppa består av Anne Aune (Hordaland fylkesarkiv), Snorre Øverbø (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane), Ketil Jensen (Arkiv i Nordland) og Ingrid Nøstberg (Vestfoldarkivet).

(Foto: Nordlandet skole, Kristiansund, 1951. Kjelde: Flickr Commons/Riksarkivet. Fotograf Williams)

 

Sterk bekymring for endringar i støtteordninga for privatarkiv

Bilder.Bergenbyarkiv 226Frå 2014 er det ikkje lenger høve for arkivinstitusjonar å søkje prosjektmidlar frå støtteordninga for privatarkiv. Støtteordninga vart oppretta i 2010, gjennom ABM-utvikling og seinare gjennom Kulturrådet, som eit tiltak grunna i behovet for ein meir heilskapeleg samfunnsdokumentasjon der ein ser arbeidet med private og offentlege arkiv meir i samanheng, og der både arkivinstitusjonar og museum kunne søkje om prosjektmidlar. I stortingsmeldinga for arkiv som kom i november 2012 vart det lagt føringar for at ordninga for framtida skulle gjelde for musea, og frå 2014 er dette ein realitet.

LLP er svært bekymra for at arkivinstitusjonar ikkje lenger kan søkje på desse og har no teke kontakt med Riksarkivaren og med Stortingets Familie- og kulturkomite for å uttrykke denne og for å be om at det vert sikra tilsvarande prosjektmidlar for arkivinstitusjonane i framtida.

Les e-post til Riksarkivaren
Les e-post til Stortingets Familie- og kulturkomite

Kommunearkivinstitusjonane uttrykkjer og si bekymring.

Uttalen frå dei seier:

Lederne for de kommunale arkivinstitusjonene i Norge har tidligere kommentert stortingsmeldingen om arkiv. I det kommunale arkivmiljøet er det generelt sett stor misnøye med innholdet i meldingen, men det er positivt at Riksarkivaren nå har nedsatt flere arbeidsgrupper som skal jobbe med ulike temaer innenfor både privatarkiver, arkivdanning og elektroniske arkiver.  

Mange kommunale arkivinstitusjoner jobber med bevaring og formidling av privatarkiver. Det er derfor bekymringsfullt at arkivinstitusjonene nå ikke lenger har mulighet til å søke om midler via støtteordninger for privatarkiver, en bekymring også Riksarkivaren deler. Da denne støtteordningen ble innført i 2010 var det etter lang kamp, og der LLP hadde jobbet hardt for å få på plass en slik støtteordning. De kommunale arkivinstitusjonene støtter LLP fullt ut i arbeidet med å synliggjøre disse utfordringene, og anser det som svært viktig for privatarkivarbeidet i Norge at denne støtteordningen fortsetter å gjelde også for arkivinstitusjoner.

LLP vil halde sine medlemer oppdatert om det vidare arbeidet i denne saka.

 

Nordisk arkivformidlingskonferanse utsett til mars 2014

Arrangørane Norsk kulturråd, Riksarkivet og Landslaget for lokal- og privatarkiv seier seg leie for at ein ser seg nøydde til å utsetje den nordiske arkivformidlingskonferansen til mars 2014. Ein av grunnane til utsetjinga er at nokre av keynote-talarane diverre meldte avbod i sommar.

Ny dato og program for konferansen vil bli klart i løpet av hausten. Me vonar at dei av dykk som hadde sett av dagane i oktober til å delta, har tolmod til å vente til våren.

 

30 000 kr delt ut i stipend for 2013

Kilde. National Archief NL. Flickr Commons.  leerlingen school Leidseplein 1978LLP sitt styre handsama innkomne søknader om stipend for 2013 på styremøte 20. august. 30 000 kroner var lyst ut.

Drammen byarkiv vart løyvd 10 000 kr til studiereise til Sverige. Målet med reisa er å tileigne seg kunnskap om svenske kommunar og arkivinstitusjonar, og å få inspirasjon og idear om tenester, prosessar og løysingar som byarkivet kan nytte i sitt eige arbeid framover. Studieturen går til Göteborg byarkiv, Borås byarkiv, Jänköping byarkiv og Stockholm stadsarkiv.

Marit Hosar vart løyvd 10 000 kr til frikjøp for å få fristilt tid til å skrive ein fagartikkel om arkivene sin synlegheit og forankring i sine ansvarsområde. Det vil her bli retta søkjelys på betydninga av ei regional/lokal forankring for å lukkast i arbeidet med bevaring og formidling av private arkiv.

Arkiv i Nordland vart løyvd 10 000 kr til studietur til institusjonar med relevant kompetanse innan fotobevaring- og formidling. Reisa vil gå til Norsk Folkemuseum der ein vil lære meir om digitalisering av store fotoarkiv, identifisering og kobling av metadata til bileta, og publisering og formidling av store arkiv.

Stipendmottakarane vil levere rapport seinast seks veker etter at tiltaka er avslutta, og desse vil bli publisert på heimesidene våre.

 

 

 

Kulturarvsamarbeid med Polen og partnerskapsseminar i Warszawa

Det er framleis ledige plassar til partnerskapsseminaret Warszawa 20. august.

Det polske utanriksdepartementet inviterar norsk kulturarvsektor til partnerskapsseminar i Warszawa. Gjennom EØS-midlane og kulturarvprogrammet i Polen lysast det ut 75 millionar euro til restaureringsprosjekt, vedlikehald av arkiv og digitaliseringsprosjekt. Her finst det gode mulegheiter for prosjektsamarbeid for norske arkiv.

Les invitasjonen:

Invitasjon til partnerskapsseminar i Polen, 20. august

Kulturarvsamarbeid gjennom EØS-midlene

Det polske kulturdepartementet inviterer norsk kulturarvsektor til partnerskapsseminar i Warszawa 20. august. Formålet med seminaret er å koble norske og polske kulturarvsaktører som ønsker å samarbeide om kulturarvsprosjekter gjennom EØS-midlene. Seminaret er knyttet til utlysningen av kulturarvsmidler gjennom det polske kulturarvsprogrammet. Utlysningen har følgende prioriteringer:

  • restaurering og revitalisering av historiske bygg, samt tilpasning av historiske bygg til kulturformål;
  • konstruksjon, utvidelse og rekonstruksjon av kulturbygg;
  • vedlikehold og konservering av objekter, historiske boksamlinger, audiovisuelle arkiv og samlinger, og filmer;
  • utvikling av digitale ressurser på kulturfeltet, inkludert digitaliseringsprosjekter.

Prosjektene skal ledes fra Polen, men norske kulturinstitusjoner, universiteter og høgskoler på kunst- og kulturfeltet, museer, arkiv, kommuner, kirker og religiøse organisasjoner, NGOer fra kulturfeltet, og ikke-kommersielle kulturaktører kan delta som partnere.

Søknadsskjema for deltakelse på seminaret (vedlagt) sendes til evm@ra.no med kopi til akpe@ra.no.Søknadsfrist: snarest (til alle plasser er besatt). Plasser vil fordeles fortløpende, ut fra hvordan prosjektidéen passer inn i utlysningen og etter førstemann-til-mølla-prinsippet. Søkere bør ikke bestille flyreise før plass på seminaret er bekreftet. Hotell i Warszawa dekkes av Det polske kulturdepartementet. Program for seminaret sendes vedlagt.

Les mer om utlysningen av EØS-midler i Polen her. Kontakt Riksantikvaren for mer informasjon:

Ellen Mauritzen: evm@ra.no

Aleksandra Petie Einen: akpe@ra.no

Program

Søknadskjema

Stemmer – Arkivdagen 2013

Som vanlig arrangeres Arkivdagen i november. Det er også i år felles tema i Norge: Stemmer. Flere institusjoner er allerede i gang med planleggingen. Det gjør det enklere å gjøre avtaler om samarbeid og å informere om arrangementene i god tid på forhånd.

I år som de siste årene samarbeider Riksarkivaren, LLP og Norsk kulturråd om et felles informasjonsopplegg for dagen. Felles logo og nettsider er på plass, brosjyre er under arbeid og pressemelding kommer når dagen nærmer seg. Dere kan lese mer om dette på http://arkivdagen.no/, se særlig ”For arrangører” og “Arrangementer 9. november 2013”. Husk å sende oss en melding til eli.solberg@kulturrad.no så snart dere har planer om arrangement, så får vi det ut på arrangementsoversikten på nettsidene.

Har dere materiale til brosjyre for publikum?

I høst vil det bli distribuert en brosjyre til arkivinstitusjonene samt andre institusjoner som bevarer arkiv. Brosjyren kan deles ut til publikum både før og under Arkivdagen. Brosjyren vil denne gangen være mer generell om Arkivdagen, arkiv og arkivinstitusjoner, slik at den kan gjenbrukes i årene framover. Har din institusjon foto, dokumenter eller informasjon som kan brukes i brosjyren? Da vil vi gjerne høre fra deg. Send oss ditt forslag til innhold til eli.solberg@kulturrad.no så raskt som mulig, men senest 15. august. Skriv noen få ord om det materialet du sender. Vi er spesielt interessert dersom det knytter seg en liten fortelling til materialet eller dersom det er knyttet til en hendelse eller noe annet som kan egne seg til formidling i brosjyren og på nettsiden. Si fra dersom vi ikke kan bruke materiale fra din institusjon i nettutstillingen.

Ønsker dere flyer til utdeling før brosjyren kommer?

I forbindelse med Arkivmøtet i Ålesund ble det laget en flyer i postkortstørrelse med litt informasjon om Arkivdagen 2013. Denne kan sendes institusjonene til utdeling. Send en e-post til eli.solberg@kulturrad.no med antallet dere ønsker tilsendt.

 

 

Nordisk arkivformidlingskonferanse 2013

Nordisk kvinnekongress 1902. Fotograf Severin Worm Petersen. Kjelde. Nasjonalbiblioteket - Flickr CommonsLandslaget for lokal- og privatarkiv, Norsk Kulturråd og Riksarkivaren i samarbeid med ein nordisk fagkomité arrangerar ein nordisk arkivformidlingskonferanse på møtesenteret KS agenda i Oslo.

Konferansen finn stad 24. – 25. oktober.

Me ønskjer å gjere opp status for arkivformidlingsfeltet i Norden. Kva har me oppnådd? Kvar går vegen vidare? Kva er dei viktigaste trendane, tendensane og plattformene? Kva er forventa av oss som samfunnsinstitusjonar, og kva slags samfunnsrolle meiner me sjølve at arkivinstitusjonane bør ha? Konferansen vil knytte an til følgjande tema:

• Digitale tjenester og digital formidling
• Arkivet som ressurs for kulturelle og kreative næringar og for regional utvikling?
• Arkivet som besøksmål og fysisk rom i ein digital tidsalder
• Medverknad og sosial inkludering

Ein del av innlegga på konferansen vil kunne gå inn i ein planlagt antologi om arkivformidling.

Informasjon om påmelding og pris vil kome.

«Mellom barken og veden, eller von i hengande snøre?» – av Karin Gjelsten

Karin GjelstenLLP arrangerte 3.- 4. juni privatarkivkonferanse i Sandefjord, i samarbeid med Kulturrådet og Riksarkivaren. Styreleiar Karin Gjelsten var invitert til å halde innlegg om LLP si rolle som pådrivar for å få etablert ordninga og om LLP si rolle, vurdering og vidare utvikling av støtteordninga for privatarkiv.

Her kan du lese innlegget hennar:

Mellom barken og veden, eller von i hengande snøre?

Arkivmeldinga: LLP inn i SAMDOK-prosjektet sine arbeidsgrupper

Riksarkivaren starta i januar 2013 opp arbeidet med oppfølgjing av arkivmeldinga, eit prosjekt som har fått namnet SAMDOK (samla samfunnsdokumentasjon). SAMDOK er delt inn i tre delprosjekt, eitt for kvart satsingsområde; kommunale arkiv, privatarkiv og arkiv i e-forvalting.

LLP har tidlegare delteke på dialogmøter om oppfølgjing av meldinga, og det skal no etablerast arbeidsgrupper for kvart av dei tre satsingsområda i prosjektet. LLP har fått invitasjon til å vere representert i strategigruppe for privatarkiv og i strategigruppe for arkiv i e-forvalting.

I arbeidsgruppene vert det deltakarar frå Arkivverket sine eigne rekkjer og frå sentrale aktørar som KS, KAI-miljøa, Norsk Arkivråd, Kulturrådet og LLP med fleire.

LLP sine representantar:

Strategigruppe for privatarkiv: Cecilie Lintoft – Oslo byarkiv.
Strategigruppe for arkiv i e-forvaltng: Ole Martin Rønning – Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.

Peikar til nettstad for SAMDOK-prosjektet:
SAMDOK- samla samfunnsdokumentasjon

LLP si uttale til Kulturutgreiinga 2014

NOU 2013: 4 – Kulturutgreiinga 2014 som vart levert til regjeringa 4. mars har vore på høyring fram til 1. juli.

Kulturutgreiinga 2014 vart sett ned av regjeringa for å greie ut utviklinga i norsk kulturpolitikk etter 2005, og gje ei vurdering av dei viktigaste utfordringane kulturpolitikken står ovanfor i åra som kjem.

Utvalet har vore leia av Anne Enger.

LLP har levert høyringsuttale til utgreiinga.

LLP si uttale til NOU 2013:4 Kulturutgreiinga 2014

Høyringsdokument (Kulturdepartementet)

Sekretariatet held stengt i juni månad

State Library and Archives of Florida.Flickr commonsPå grunn av ferieavvikling held LLP sitt sekretariat stengt mellom 31. mai og 30. juni. E-post vert lest sporadisk, men me kan diverre ikkje garantere svar før ved inngangen til juli månad.

Dersom det gjeld hastesaker kan ein kontakte Karin Gjelsten på e-post: Karin.Gjelsten@Bergen.Kommune.no, eller på tlf: 481 11 723.

Me ynskjer alle våre medlemer og samarbeidspartnarar ein retteleg god sommar!

 

 

Samarbeidsmøte om eForvalting og arkivdanning

Etter invitasjon frå Riksarkivaren deltok LLP torsdag 2. mai i samarbeidsmøte om e-forvalting og arkivdanning. Styreleiar Karin Gjelsten og styremedlem Cecilie Lintoft representerte LLP, og møtte saman med representantar for Norsk Arkivråd, KS-faggruppe for dokumentasjon og arkiv og Departementenes arkivledergruppe.

Bakgrunnen for samarbeidsmøtet er Riksarkivet si oppfølgjing av arkivmeldinga, eit arbeid som skal koordinerast innan satsinga SAMDOK – samla samfunnsdokumentasjon. Prosjektet skal ha tre fokusområde: kommunale arkiv, privatarkiv og arkiv i e-forvalting.

Møtet 2. mai omhandla e-forvalting og arkivdanning og dei inviterte fekk som utgangspunkt for diskusjonen halde presentasjonar om sitt syn på kva som er dei viktigaste utfordringane innan dette feltet.

LLP sin presentasjon kan du lese her:
LLP sitt innlegg på samarbeidsmøte om eForvaltning og arkivdanning

Riksarkivet sin SAMDOK-blogg

Kulturutvekslingsprogrammet med Polen lyser ut 30,5 millionar kr

Vil du samarbeide med ein polsk kulturaktør? No er det mogleg å søkje om støtte frå kulturutvekslingsprogrammet med Polen.

No er den andre utlysinga for tildeling frå programmet klar, og ein kan begynne å førebu søknadar. Det er polske aktørar som kan søkje om midlar, men dei må samarbeide med minst ein partnar fra Noreg, Island eller Liechtenstein. Og prosjekta kan gjerne initierast frå Noreg.

Les meir på Kulturrådet sine nettsider:
Ny utlysing i Polen

24. mai arrangerar Kulturrådet eit partnerskapsseminar i Warszawa, der norske kulturaktørar kan bli kjende med polske kulturaktørar. Seminaret er gratis, men deltakarar må sjølve dekke reise og opphald. Frist for å søkje er 16. mai 2013.

Les meir på Kulturrådet sine nettsider:
Matchmaking-seminar i Polen 24. mai

LLP sitt styre for komande periode

Landsmøtet i LLP gjekk fredag 19. april einstemmig inn for valkomiteens innstilling til styre for komande periode. Karin Gjelsten ved Bergen Byarkiv er gjenvald som styreleiar for perioden 2013-2015. Det er styret i LLP som vel nestleiar. Konstituerande styremøte skal haldast i Oslo 22. mai.

LLP sitt styre

Karin Gjelsten. Styreleiar. 2013-2015
Bergen Byarkiv
Tlf: 55 56 61 84/48 11 17 23
Karin.Gjelsten@bergen.kommune.no

Tom Oddby. 2013-2015
Drammen Byarkiv
Tlf: 32 04 66 99/92 04 56 12
tomodd@drmk.no

Tor Ingve Johannessen. 2012-2014
Interkommunalt Arkiv i Rogaland IKS
Tlf: 51 50 12 80/91 68 57 03
tor.johannessen@ikarogaland.no

Mads Langnes. 2012-2014
Romsdalsmuseet
Tlf: 71 20 24 66/95 12 90 67
mads@romsdalsmuseet.no

Cecilie Lintoft. 2012-2014
Oslo byarkiv
Tlf: 23 46 03 49/90 47 53 28
cecilie.lintoft@kul.oslo.kommune.no

Ole Martin Rønning. 2013-2015
Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Tlf: 95 45 60 79
ole.martin.ronning@arbark.no

Turid Holen. 2013-2015
Interkommunalt Arkiv i Vest-Agder IKS
Tlf: 38 14 55 93/92 82 19 45
holen@ikava.va.no

Vararepresentantar

1. vara: Marion Sørensen. 2013-2015
IKA Finnmark
marion@ikaf.no

2. vara: Berit Stie. 2012-2014
Aust Agder kulturhistoriske senter.
Tlf: 37 07 35 25
Berit.Stie@aaks.no

LLP lyser ut stipend på kr. 30 000

LLP har gleda av å lyse ut stipend for 2013 på kr 30 000, med søknadsfrist 1. august 2013.

Både enkeltpersonar og institusjonar kan søke, og føremålet med stipendordninga er at dette skal gå til arkivfagleg vidareutvikling, studieturar, eller til utarbeiding av faglege artiklar og litteratur.

LLP sitt styre har utarbeidd statuttar for stipendordninga. Søknaden må fylle vilkåra for dei rammene som er teikna opp i desse.

Søknad kan sendast til e-post: postmottak@llp.no

eller pr. post:

Landslaget for lokal- og privatarkiv
c/o Bergen Byarkiv, pb 7700
5020 Bergen

Spørsmål kan rettast til LLP sitt sekretariat på tlf 97 649 262

Statuttar for stipendordninga

Føremål
Tilskotsordninga skal bidra til å heve kunnskap om statlege, kommunale, fylkeskommunale og private arkivinstitusjonar og deira arbeid med, og bruk av arkiv

Virkeområde
Tilskotsordninga er eit tilbod til LLP sine medlemer. Det er ein føresetnad at det føreligg økonomiske midlar løyva av styret.

Vilkår for tilskot
Tilskot kan løyvast til tiltak som har ein kvalitet som bidreg til å fremje føremålet med ordninga.

Ved tildeling av tilskot vert det lagt vekt på at tiltaket har høg arkivfagleg ambisjon og kvalitet.

Det vert ikkje løyva tilskot til:

a) dekning av underskot for tiltak som allereie har funne stad.
b) tiltak som har funne stad før søknaden sendast inn.
c) ordinær drift av institusjonar, organisasjonar eller anna verksemd.

Kunngjering og søknadsfrist
Tilskotsordninga vert kunngjort på LLP sine nettsider

Søknadsfrist vert kunngjort på LLP sine nettsider.

Krav til søknaden
Søknaden skal vere skriftleg og underteikna av den som søkjer eller den som har løyve til å forplikte vedkomande søkjar.

Søknaden skal innehalde fylgjande:

a) skildring av tiltaket det vert søkt om støtte til, herunder føremål, stad og dato/periode for gjennomføringa.
b) informasjon om føremålet.
c) oversyn over medverkande.
d) spesifikasjon over andre mottekne tilskot dersom søkjar eller andre medverkande har motteke slik støtte.
e) budsjett med finansieringsplan.

Handsaming av søknader
Tilskot løyvast ut frå ei skjønnsmessig vurdering basert på føremålet med og kriteriar for tildelinga nemnd ovanfor. Ved vurderinga skal det mellom anna vektleggjast fagleg nivå og utbytte.

Rapport og rekneskap
Prosjektrapport skal sendast inn seinast seks -6- veker etter at tiltaket er avslutta.

LLP stiller seg berettiga til å gjere rapporten tilgjengeleg på LLP sine nettsider.

Fråfall av tilskot og krav om tilbakebetaling
Om tildeling av tilskot byggjer på uriktige opplysningar frå søkjar, eller tilskotet -eller delar av det- ikkje er nytta etter føresetnadane, herunder at fastsette vilkår ikkje er oppfyllt, fell tilskot som ikkje er utbetalt vekk og utbetalt tilskot kan krevast tilbake. Det same gjeld om tilskotsmottakar ikkje har levert rekneskap og rapport innan fastsett frist, eller om rekneskapet ikkje vert funne tilfredsstillande.

Sakshandsaming og klagemulegheitar
Vedtak om tilskot og avslag på søknader kan ikkje påklagast.

LLP tilbyr no personlege medlemskap

Landsmøtet til LLP vedtok fredag 19. april einstemmig å føreta ei vedtektsendring slik at  alle som har interesse for arkiv og som ynskjer å støtte LLP sitt arbeid no kan melde seg inn i LLP som einskildmedlem.

Vedtektene har tidlegare sagt at berre personar som er fagleg tilsett ved institusjonar som er fullt medlem av LLP eller andre som av fagleg oppnemning eller av yrke handsamar saker med tilknytning til arkivsektoren kan vere medlem.

Eit medlemskap for einskildpersonar kostar kr 200 pr. år og personlege medlemer kan og veljast til verv i LLP.

LLP sitt styre skal formelt godkjenne alle søknader om medlemskap.

Innmelding:
e-post: postmottak@llp.no
Tlf: 976 49 262

Ta gjerne kontakt med LLP sitt sekretariat for ein uforpliktande samtale dersom du ynskjer meir informasjon om LLP sitt arbeid.

 

Om LLP

Bli medlem

 

 

 

 

Stortinget handsamar arkivmeldinga

Stortingsmeldinga om arkiv vert handsama av Stortinget i dag, torsdag 4. april kl 10.00. Arkivmeldinga er første sak på dagsorden, og det er høve til å følgje denne direkte frå Stortinget sitt nettfjernsyn.

Meldinga vart fremja i statsråd 9. november 2012, og har vore til handsaming i Stortinget sin familie- og kulturkomite fram til 14. mars, då komiteen sende si innstilling til Stortinget. LLP la fram si tilråding til komiteen i høyring 22. januar.

Opposisjonen i komiteen, Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, har kritisert meldinga for å vere ei melding som har ei altfor smal tilnærming til arkivfeltet, som prioriterar å handsame det statlege Arkivverket framfor det heilskapelege arkivlandskapet, og som i for låg grad peikar framover og gjev sats til naudsynt politikkutvikling.

Gunn Karin Gjul (Arbeidarpartiet) har leia komiteen og Olemic Thommesen (Høgre) har vore saksordførar.

Peikarar:

Stortinget sitt nettfjernsyn (møtetype Stortingsmøte)
Innstilling 243 S (2012-2013)
Melding St. 7 (2012-2013) Arkiv
LLP sitt framlegg for Stortinget sin familie- og kulturkomite

Landsmøte 2013 – saksdokument

LLP sitt årlege landsmøte vert i 2013 halde på Rica Parken Hotel i Ålesund kl 9.00. Møtet er offentleg for alle som ynskjer å delta. Innkalling vert sendt ut til alle medlemer i samsvar med LLP sine vedtekter. Medlemer som har fullt medlemskap har røysterett på landsmøtet.

Saksliste med saksdokument

1. Konstituering: Val av møteleiar, referent og representantar til å underskrive protokollen frå møtet
Saksdokument

2. Årsmelding
Saksdokument

3. Revidert rekneskap
Saksdokument

4. Fastsetjing av kontingent
Saksdokument

5. Budsjett
Saksdokument

6. Handlingsplan
Saksdokument

7. Val av styre
Saksdokument

8. Val av valkomité på tre medlemmer etter framlegg frå styret
Saksdokument

9. Framlegg fremja av medlemer eller av styret
Saksdokument

9.1. Forslag om endring av vedtektene i § 3 Medlemskap
Saksdokument

LLP sine vedtekter

 

 

Privatarkivkonferanse 3. – 4. juni. Program og påmelding

LLP, Norsk Kulturråd og Riksarkivaren har gleda av å invitere til privatarkivkonferanse på Rica Park Hotel i Sandefjord 3. – 4. juni. Tema for konferansen er kystkulturdokumentasjon, arkivpolitikk og koordinering av privatarkivarbeid.

Program

Sesjonen Kystkulturdokumentasjon gir en bred presentasjon av kilder til kystkultur. Flertallet av landets fylker ligger ved kysten, og arkivmaterialet fra de ulike virksomhetene gjenspeiler så vel arbeid som fritid, så vel hverdagsliv som dramatiske enkelthendelser. Vi skal bli bedre kjent med dette spennende og mangfoldige feltet, med hvalfangst, isproduksjon, shipping og turisme som stikkord. Strategier, resultater og erfaringer fra enkeltstående og samarbeidende prosjekter vil inspirere til tilsvarende arbeid med kilder også fra andre deler av privat sektor.

Musiker og komponist Tone Krohn åpner konferansen med et utdrag fra «Et ørlite hurra» – en egenskreven musikk-kabaret om hvalfangerkonene.

Forfatter Ragnar Kvam avslutter konferansens første dag med et foredrag over «Kilder til Thor Heyerdals liv».

10.00 Registrering på Rica Park hotell i Sandefjord
11.00-12.00 Lunsj
12.00-12.40 Velkommen.
Et utdrag fra «Et ørlite hurra» – hvalfangerkonene forteller
Musiker og komponist Tone Krohn
Kilder til kystkultur
Karianne S. Vindenes, avdelingsdirektør ved Vestfoldarkivet
12.40-13.10 I hvalfangernes kjølvann – kilder til hvalfangsthistorie. 
Med eksempler fra bruk av arkiver i Norge, England, Skottland og Sør-Afrika.Dag Ingemar Børresen, konservator ved Hvalfangstmuseet
13.10-13.30 Kaffepause
13.30-14.00 Rederiet Bugge (1852) – Fra polarhistorisk gründervirksomhet til internasjonal shipping.
Om ordning av komplekse arkiver med sammensatt eierstruktur. Marit Slyngstad og Lone Kirchhoff, arkivarer ved Vestfoldarkivet
14.00-14.30 «Den siste istid». Naturisen i det moderne gjennombruddet: Produksjon, bruk og eksport av naturis i Norge og Europa på 1800- og 1900-tallet.
Et fellesprosjekt i Nasjonalt museumsnettverk for kystkultur og fiskerihistorie.
Per G. Norseng, seniorkonservator ved Norsk Maritimt Museum
14.30-14.45 Kaffepause
14.45-15.00 Livet om bord på danskebåten – en kulturhistorisk reise.
Stig Tore Lunde, rådgiver ved Vestfoldmuseene
15.10-16.00 «Kilder til Thor Heyerdals liv».
Forfatter Ragnar Kvam

 

Utflukter 16.30-18.00

På ettermiddagen tilbyr vi omvisning på Hvalfangstmuseet, Midtåsen og i Vestfoldarkivets nye lokaler.

Etter omvisningene er det tid, for de som ønsker, å ta en svømmetur i hotellets saltvannsbasseng, før det serveres en drink ute i paviljongen kl. 19.30.

Klokken 20.00 serveres det middag i hotellets restaurant.

PROGRAM 4. JUNI

Arkivpolitikk 09.00-12-00

I oppfølgingen av ABM-meldingen (2000) og Kulturmeldingen (2003) ble det fra LLP og ABM-utvikling (Kulturrådet) foreslått å utrede politisk arbeidet med samfunnets arkiver. I 2012/13 har vi endelig fått både en stortingsmelding om arkiv og dessuten en NOU om kulturpolitikken der statens forvaltning av A(rkiv), B(ibliotek) og M(useum) inngår i mandatet.

I denne sesjonen tar vi opp forslagene i utredningene. Innlederne vil vurdere om grunnlaget nå er lagt for å styrke og målrette innsatsen med arkiver fra private organisasjoner, bedrifter og personer, og for å få på plass effektive virkemidler.  Vi spør også hva arkivinstitusjonene ønsker og forventer av staten med sikte på å støtte opp under og styrke arbeidet med privatarkivene lokalt og regionalt. Riksarkivaren, Kulturrådet og LLP vil redegjøre for sine strategier og planer for arbeidet med privatarkiver, og innleder til debatten.

09.00 – 12.00 Ranveig Gausdal, Norsk Kulturråd.
Status for privatarkivfeltet. Kulturrådets forslag til mål, strategier og virkemidler.
Ivar Fonnes, Riksarkivaren.
Stortingsmelding om arkiv; Riksarkivarens arbeid med strategi for privatarkiv.
Karin Gjelsten, styreleder LLP.
Støtteordningen for privatarkiv. Bakgrunn og LLPs rolle, vurdering og videre utvikling av ordningen. Presentasjon av LLPs rolle som pådriver for å få etablert en støtteordning for privatarkiv.
Catharina Schønning-Lykke, Drammen Byarkiv.
Hva betyr støtteordningen for arbeidet med privatarkiv? Presentasjon av privatarkivprosjekter finansiert av støtteordningen.
Kaffe 10.30-11.00
Diskusjon: Arbeidet med privatarkiv. Veien videre.

 

Lunsj fra 12.00-13.00

Koordinering av privatarkivarbeidet 13.00-16.00

Retningslinjer for arbeidet med privatarkiver trådte i kraft 10. april i 2002, og har som formål å sikre at arbeidet med bevaring av privatarkiver utføres planmessig, systematisk og at gjeldende arkivfaglige prinsipper og rutiner følges. Samordningen skjer gjennom fylkeskoordinerende organ oppnevnt av Riksarkivaren. Det er etablert et samarbeid mellom Riksarkivet og Norsk kulturråd (tidligere ABM-utvikling) om oppfølgingen av arbeidet.

Vi har bedt tre innledere om å dele erfaringer fra deres fylkeskoordinerende institusjoner.  Vi spør om status etter snart 10 års arbeid med koordinering av privatarkiv i fylkene. Hvilke ønsker og behov finnes, og hvilke forventinger har de i det videre arbeidet. Etter innlederne er det satt av tid til diskusjon.

13.00-16.00 Gunnar Urtegaard, Riksarkivet.
Riksarkivaren som nasjonal koordinator for privatarkivarbeid i Norge. Hva ligger i denne rollen, hvordan etablere et godt samarbeid og hvilke konkrete samarbeidstiltak vil Riksarkivaren prioritere?
Koordineringsarbeidet – erfaringer og utfordringer
Ann Tove Manshaus, Buskerud fylke/erfaringer fra samarbeid med tre fylker.
Tone Stakvik, IKA Trøndelag – erfaringer fra Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag
Ellen Røsjø, Oslo Byarkiv – erfaringer fra Oslo
Kaffe 14.15-14.45
Diskusjon: Koordinering av arbeidet med privatarkiv – veien videre.

Utflukter dag 1

Velg ett av fire alternativer:

Tur til Hvalfangstmuseet med omvisning

Hvalfangstmuseet er Europas eneste spesialmuseum for hval og hvalfangst. Museet forvalter viktige hvalfangstarkiver som er en del av Norges dokumentarv. På museet kan du enten velge en omvisning i museets faste utstilling om hvalfangstens historie eller i «Førstereis-utstillingen».

Alternativ 1: På museet tilbys vi en omvisning i museets faste utstilling; en kulturhistorisk vandring i hvalfangstens historie.

Alternativ 2«Førstereis»-utstilling.

Tur til eiendommen Midtåsen

Alternativ 3: Midtåsen var ekteparet Bess (1921-2006) og Anders Jahre (1891-1982) hjem. Eiendommen ble anlagt i perioden 1931-34, og består av et hovedbygg, portnerbolig, et ombygd drivhus samt en 60 mål stor park. Vi får en omvisning inne i hovedbygget «Villa Midtås», tegnet av arkitekt Arnstein Arneberg (1881-1961). Bygningens hovedfløy ble i 1960 forlenget med «Arnebergstuen», en monumental festsal. Arneberg er også arkitekten bak hageanlegget. Franske hageidealer preger sørenden mot sjøen, mens nordsiden er anlagt som en engelsk landskapshage. Eiendommen eies nå av Sandefjord kommune, Vestfold fylke og Anders Jahres stiftelse, er fredet, og er åpen for publikum. Sommeren 2009 ble det anlagt en skulpturpaviljong på en høyde i parken med arbeider av Knut Steen.

Omvisning i Vestfoldarkivets nye lokaler på Hinderveien

Alternativ 4: I 2012 flyttet Vestfoldarkivet inn i nytt arkivbygg på Pindsle i Sandefjord. Vestfoldarkivet er sammen med Samlingsforvaltningen en avdeling i Vestfoldmuseene IKS, et konsolidert museum opprettet som et interkommunalt selskap i 2009. Det tilbys omvisning i det nye bygget med arkiv-, gjenstand- og fotomagasiner, digitaliseringsverksted med mer.

PÅMELDING

Meld deg på her

Reservering av rom ordnes av den enkelte til: nina.kemkers@rica.no, tlf. 33 44 74 21. Ref.nr.: 13869386. Kr 1 045 per natt (betales av den enkelte ved utsjekk avreisedagen).

Romreservasjonen utgår 19. april.

Deltakeravgift begge dager                      kr 2 000

Deltakeravgift mandag 3. juni                  kr 750

Middag mandag 3. juni                             kr 600

Deltakeravgift tirsdag 4. juni                    kr 750

Frist for påmelding: 19. april. Påmeldingen er bindende. Det er mulig å melde seg på etter denne datoen også, men da kan vi dessverre ikke lenger garantere plass på hotellet da romreservasjonen vår er gått ut. Ring hotellet på telefon 33 44 74 21 og undersøk selv.

 

Innstilling om arkivmeldinga levert til Stortinget

Stortinget sin familie- og kulturkomite har i dag sendt si innstilling om arkivmeldinga til stortinget.

Opposisjonen beståande av Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg folkeparti kritiserar meldinga for å vere svak i høve strategiar for å styrke privatarkiva og meiner det er overraskande at regjeringa ikkje nyttar mogelegheiten arkivmeldinga gjev til å stake ut ein ny og meir offensiv kurs.

Vidare peikar dei på at arkivmeldinga er ei melding for statleg sektor

 «Disse medlemmer vil påpeke at andre innenfor sektoren i liten grad er nevnt, og tiltakssiden er i hovedsak rettet inn på det statlige arkivverket. Viktige resultater og utfordringer i sektoren for øvrig er ikke beskrevet, og slik disse medlemmer ser det, gir den derfor ingen perspektiver for kommuner og fylkeskommuner. Disse medlemmer viser til at arkivmeldingen ikke behandler sentrale problemstillinger for de daglige arkivfunksjonene i kommunal sektor, og mye av den dokumentasjonen som blir skapt i dag er viktig rettighetsdokumentasjon for enkeltpersoner og er fremtidens kildegrunnlag.»

Dei peikar og på behovet for å styrke dei regionale fagmiljøa

– «Disse medlemmer viser til at det er store variasjoner i fagmiljø og kvalitet på arkivarbeidet i kommunene. Disse medlemmer mener det er grunn til å etterspørre hvordan sterkere regionale fagmiljøer kan bygges opp gjennom investeringer i kompetansebygging, felles løsninger og brukermedvirkning. Disse medlemmer mener det i denne sammenheng bør utvikles strategier og handlingsplaner som også omfatter brede faglige nettverk der de private arkivene kan finne sin naturlige plass

Les innstillinga:
Innst. 243 S (2012-2013)(Midlertidig)

Oppstartsmøte om det neste kulturløftet 6. mars

Kulturminister Hadia Tajik har invitert ei rekkje organisasjonar innan kultur- og frivillighetsfeltet til oppstartsmøte om det neste kulturløftet. LLP vil vere representert og kome med innspel på møtet, som finn stad på Dansens Hus i Oslo 6. mars.

Oppstartsmøtet er starten på ein serie med innspelsmøter som skal arrangerast i alle landet sine fylke i løpet av våren 2013. LLP vil og vere representert på fylkesmøtet i Hordaland 23. mai.

– «Siden 2005 har regjeringen satset sterkt på kultur og frivillige gjennom Kulturløftet 1 og 2. Bevilgningene til kultur har økt med 5 milliarder kroner. 1 milliard av dette har gått til momskompensasjonsordningen for frivillige organisasjoner.

Møtet 6. mars er starten på en serie innspillsmøter i alle landets fylker denne våren. Nå skal retningen for de kommende årene pekes ut. Hva bør videreføres? Hva bør det satses på fremover? Hvordan sikre økt deltakelse?»

Alle seminara er opne for alle som ynskjer å delta. Det er høve til å sende skriftlege innspel til departementet fram til 21. juni 2013. Møtet 6. mars vil bli kringkasta direkte på deira nettsider.

Peikarar:
Skjema for innspel
Kulturløftet si framside
Datoar for fylkesseminar
Stortinget Nett-TV (direkte overføring 6. mars kl 13.00)
Kulturutgreiinga 2014

Invitasjon til Det 6. norske arkivmøte

Det 6. Norske Arkivmøte finn stad i Ålesund på Rica Parken Hotel 17.-19. april 2013. Dei norske arkivmøta vert arrangert annakvart år for alle arkivtilsette og arkivinteresserte I Noreg.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Kulturråd, Riksarkivaren, Landslaget for lokal- og privatarkiv og Norsk Arkivråd.

Invitasjon, program og påmeldingsinformasjon:
Invitasjon til Det 6. norske arkivmøte

«Stemmer» er tema for Arkivdagen 2013

Tema for Arkivdagen 2013 i november er «Stemmer». Eit ope tema, men likevel sjølvsagt i eit år der me feirar både stemmeretten og det norske språkmangfaldet.

Arkiva dokumenterer ikkje berre stemmerett og kampen for denne, men inneheld millionar av stemmer frå fortida. Alle desse stemmene representerar eit språk. Korleis ein heile tida har nytta språket og uttrykt seg, er arkiva særs gode kjelder for å kasta lys over.

Det er berre fantasien som set grenser for kva innfallsvinklar små og store arkiv kan nytte.

Me oppmodar om å følgje med på Arkivdagen sine nettsider www.arkivdagen.no

Me ønskjer lukke til med arkivdagen i november.

 

Privatarkivkonferanse i juni

Landslaget for lokal- og privatarkiv, Norsk Kulturråd og Riksarkivet arrangerar 3.- 4. juni 2013 privatarkivkonferanse i Sandefjord. Konferansen vil finne stad på Sandefjord Park Hotel.

Tema for konferansen vil vere kystkultur, arkivpolitikk og koordinering av privatarkivarbeid.

Påmeldingsfrist er 19. april 2013.

Meir informasjon med fagleg program kjem snarleg.

Det 6. norske arkivmøte – Program og påmelding

Programmet for Det 6. norske arkivmøte i Ålesund 17.-19. april 2013, er no klart. Det er og ope for påmelding til konferansen.

LLP sitt landsmøte vil finne stad under konferansen, fredag 19. april kl 9.00

Fagleg program

Påmeldingsskjema

Dei norske arkivmøta finn stad annakvart år for alle arkivtilsette og arkivinteresserte i Noreg. Arrangementet er eit samarbeid mellom Riksarkivaren, Norsk Kulturråd, Landslaget for lokal- og privatarkiv og Norsk Arkivråd.

Stiftelsen Asta – LLP sine representantar 2013 – 2014

Stiftelsen Asta vart oppretta av LLP i 1995 i samarbeid med Riksarkivaren og har som føremål å fremje standardisering, kvalitetssikring og tilgjengeleggjering av informasjon om arkivbestanden i offentlege og private verksemder. Dette skjer gjennom informasjonssystemet Asta og ved å levere konsulenttenester innan praktisk arkivarbeid. Stiftinga har og forvaltningsansvaret for Arkivportalen.no

Sjå nettsider: Stiftelsen Asta

Styret og styringsgruppa består av representantar frå LLP og Riksarkivet med to styrerepresentantar, to vararepresentantar og tre medlemer i styringsgruppa kvar. Leiarvervet vekslar annakvart år, og i 2013 er det Riksarkivet som har leiarvervet.

LLP sine representantar for perioden 2013 – 2014

Asta styre:
Terje Haram – Bergen Byarkiv
Wenche Risdal Lund – IKA Kongsberg
Vararepresentantar:
Karianne Schmidt Vindenes – Vestfoldarkivet
Arnt Ola Fidjestøl – IKA Møre og Romsdal
Asta styringsgruppe:
Snorre Dag Øverbø – Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Arne Skivenes – Bergen Byarkiv
Kariannne Schmidt Vindenes – Vestfoldarkivet

 

 

Kulturrådet løyver tre millionar kr til privatarkiv

Kulturrådet delte fredag 25. januar ut løyvingar frå støtteordninga for privatarkiv. 21 av 31 søkjarar fekk løyvd til saman 3 millionar kroner, og mottakarane representerar stor geografisk og tematisk variasjon.

Sjå liste over tildelingar på Kulturrådet sine nettsider:

Tildelingar – Støtteordning for privatarkiv

Støtteordninga for privatarkiv er grunna i behovet for ein meir heilskapeleg samfunnsdokumentasjon og i behovet for digital tilgjengelegheit til eit breidt utval av arkiv. Ordninga har gjeve særs gode resultat og har gjort det mogeleg å bevare arkiv etter ei rekkje bedrifter og organisasjonar som med stort sannsyn elles ville ha gått tapt.

11 av dei 21 prosjekta som fekk løyvingar i årets tildeling skal driftast av arkivinstitusjonar. Stortingsmeldinga om arkiv som vart lagt fram 9. november 2012 har gjeve sterke signal om at støtteordninga for privatarkiv i framtida skal rettast inn mot museumssektoren. Denne skal handsamast av Stortinget våren 2013.

 

 

 

Kulturrådet løyver 250 000 kr til LLP-prosjekt

Kulturrådet delte fredag 25. januar ut utviklingsmidlar til arkiv og museum. Føremålet med ordninga er at arkiv og museum skal vere aktuelle samfunnsinstitusjonar, og løyvingar til samarbeids- og utviklingstiltak er eit viktig reiskap for å nå desse måla.

Ein føresetnad for å få støtte er at løyvingane går til prosjekt som har overføringsverdi til større grupper av institusjonar eller heile sektoren, med utgangspunkt i samarbeid mellom fleire institusjonar, samarbeid med forskingsmiljø, regionale samarbeidstiltak eller utvikling av faglege nettverk.

Det er med stor glede at LLP har motteke nyheiten om at Kulturrådet i søknadsrunden har funne høve til å løyve kr 250 000 kr til prosjektet ‘Fylkeskommunal administrasjonshistorie og arkivkunnskap’.

Prosjektet tek sikte på å utarbeide ei forskingsbasert framstilling av fylkeskommunal administrasjonshistorie og arkivkunnskap frå 1838 til 2010. I første omgang skal det publiserast artiklar om emnet på Wikipedia og LokalhistorieWiki. Artiklane vil bli ei viktig kunnskapskjelde for folk i dag om fylkeskommunane si administrasjonshistorie.

For meir informasjon om prosjektet kan du følgje peikaren;

Fylkeskommunal administrasjonshistorie og arkivkunnskap

Arkivmeldinga – LLP sitt innlegg for Stortinget sin familie- og kulturkomite

LLP deltok tysdag 22. januar i komitehøyringar hjå Stortinget sin familie- og kulturkomite vedkomande stortingsmeldinga om arkiv. Komiteen er sakshandsamar for arkivmeldinga og skal legge fram si innstilling for Stortinget komande vår.

Styreleiar Karin Gjelsten og tidlegare styreleiar Ellen Røsjø møtte komiteen på vegne av LLP. Komiteen fekk utdelt eit skriftleg dokument til vidare sakshandsaming og Ellen Røsjø haldt munnleg innlegg for komiteen. Det var sett av 10 minutt til innlegget.

Tilsaman 8 organisasjonar haldt innlegg for komiteen. Det er høve til å sjå alle innlegga på Stortinget sitt nettfjernsyn. LLP sitt innlegg startar 24 min og 45 sek inne i opptaket.

Sjå opptak:
Stortinget sitt videoarkiv – Open høyring 22. januar

Les LLP sine innlegg for komiteen:
Skriftleg innlegg – Open høyring 22. januar 2013

 

 

6 NA – Føreslå kandidatar til arkivmøtet sin formidlingspris

Det 6. norske arkivmøte vert i år arrangert i Ålesund 17. – 19. april.

Arrangementskomiteen har i år beslutta å dele ut ein formidlingspris, og vonar dette vert ei fast hending på arkivmøta som finn stad annakvart år. Det er arrangementskomiteen som er jury, og prisen er ein kunstgjenstand.

Alle som ynskjer det, kan føreslå kandidatar til prisen. Kriteriet er at det må vere eit formidlingsprosjekt som er presentert etter sist arkivmøte i 2011. Vinnaren vil bli oppmoda til å presentere sine formidlingsresultat under arkivmøtet.

Frist for innsending av forslag er 31. januar 2013 og må innehalde ei skildring av formidlingsresultata, og ei begrunning for at kandidaten bør tildelast formidlingsprisen.

Forslag kan sendast på e-post til: nica@arkivverket.no

Les meir på 6NA sine nettsider:

Det 6. norske arkivmøte

 

Arkivmeldinga – høyringar i Stortinget sin familie- og kulturkomite

Tysdag 22. januar arrangerar Stortinget sin familie- og kulturkomite opne høyringar i samband med handsaminga av stortingsmeldinga om arkiv, som vart lagt fram av Kulturdepartementet 9. november 2012.

LLP vil delta på desse for å legge fram våre reaksjonar på meldinga.

Høyringsprogram (ekstern peikar)

 

Høyringssvar – nye bevarings- og kassasjonsreglar for kommunar og fylkeskommunar

Riksarkivaren sende i slutten av juni 2012 forslag til nye bevarings- og kassasjonsbestemmelsar for kommunar og fylkeskommunar ut på høyring. LLP er ein av høyringsinstansane og har no levert sitt høyringssvar.

Dette kan du lese her:

LLP – høyringssvar vedkomande nye bevarings- og kassasjonsbestemmelsar

Høyringsdokument:

Høyringsnotat frå Riksarkivaren

Riksarkivaren sitt utkast til nytt regelverk

 

 

 

 

 

Arkivmeldinga – LLP ber om referansedokument frå medlemer

LLP arrangerte 13. desember medlemsmøte om stortingsmeldinga om arkiv, som vart lagt fram av Kulturdepartementet 9. november.

Me takkar for alle innspel. Me har motteke viktige innspel frå heile breidda av fagmiljøet. På  medlemsmøtet deltok representantar for byarkiv, fylkesarkiv, museum, ein privatarkivinstitusjon og kommunarkivinstitusjonanes digitale ressurssenter. I tillegg har me fått fleire skriftlege innspel frå representantar frå byarkiv, museum og interkommunale arkivinstitusjonar.

Ein av konklusjonane frå medlemsmøtet er at arkivinstitusjonar utanfor Arkivverket er lite synlege i meldinga. Dette misforholdet ynskjer LLP å bidra til å jamne ut.

Nokre viktige punkt:

  • LLP merker seg at dette er ei arkivmelding for statleg sektor
  • LLP beklager at arkivmeldinga ikkje har fokus på aktivitetar som skjer ved dei kommunale arkivinstitusjonane, at meldinga stort sett brukar døme  frå arkivverket, og at byarkiva ikkje er synlege i forhold til statistikk
  • LLP meiner at arkivmeldinga ikkje har vyer for organisering av arkivfeltet og ikkje signaliserar tiltak for å styrke dei kommunale depotinstitusjonane
  • LLP ser med bekymring på at arkiv ved musea skal handsamast som ein del av musea, og ikkje som ein del av det totale arkivmiljøet
  • LLP reknar med at dei auka løyvingane til privatarkiv som kulturmeldinga og ABM-meldinga omtalte står ved lag, men stiller spørsmål ved kvifor det ikkje står noko om dette i arkivmeldinga
  • LLP er bekymra for dei private og kommunale arkivskaparane sine mulegheiter for å sikre digitalt materiale
  • LLP ser med glede at private leverandører av offentlige tenester for framtida skal følge arkivlov og arkivforskrift

I løpet av januar/februar skal LLP møte familie- og kulturkomiteen på stortinget for å drøfte meldinga i forkant av at meldinga skal handsamast av denne i løpet av våren.

Me vil difor be våre medlemer om å sende oss eit skriv på inntil ei side som kan bidra til å utfylle hovudpunkta av det som de meiner meldinga manglar med utgangspunkt i dykkar organisasjon/institusjon, – og det som de ser på som dei viktige utfordringane for dykkar verksemd. Det er ynskjeleg at skrivet startar med ei kort skildring av verksemda.

Desse vil nyttast som referansemateriale for det dokumentet som LLP skal utarbeide til komiteen og til departementet. Det er såleis av stor betydning at så mange som muleg av medlemene våre bedreg med eit slikt skriv.

Frist er sett til 15. januar 2013 og kan sendast til e-post: postmottak@llp.no

Opposisjonen ber om opptrapping av støtteordninga for privatarkiv

Familie- og kulturkomiteen på Stortinget har no levert si innstilling vedkomande regjeringa sitt forslag til statsbudsjett 2013.

LLP merker seg særleg at opposisjonen, beståande av Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti har sett behovet for betre rammer for privatarkiva. I innstillinga ber dei om større merksemd til ikkje-statleg arkivsektor og ei opptrapping av støtteordninga for privatarkiv. Komitemedlemene uttrykkjer bekymring for at viktig arkivmateriale frå privat sektor står i fare for å gå tapt.

I innstillinga heiter det:

«Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at de store utfordringene som ligger i de private arkivene. Mye viktig arkivmateriale er i ferd med å forvitre og enkelte typer dokumentasjon, eksempelvis private bedrifters arkiver, blir kassert etter at tiden for lagringsplikten i iht. regnskapsloven er tilbakelagt.»

Vidare ber dei om ei opptrapping av støtteordninga for privatarkiv:

«Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti vil minne om at arkivfeltet er mer enn de statlige arkivene. Disse medlemmer etterlyser rammer som kan bedre vilkårene for privat- og lokalarkivene, og disse medlemmer peker i den forbindelse på behovet for en opptrapping av støtteordningen for privatarkiv.»

LLP deltok 18. oktober i budsjetthøyringar hjå komiteen der me leverte vår uttale vedkomande budsjettforslaget og uttrykte nettopp behovet for ein heilskapeleg arkivpolitikk som også femnar om ikkje-statleg arkivsektor. LLP bad om ei monaleg auke i støtteordninga for privatarkiv til minst 15-20 millionar kr pr år.

Innstillinga frå komiteen kom berre nokre få veker etter at Kulturdepartementet la fram den første Stortingsmeldinga om arkiv. I dag vert støtteordninga for privatarkiv forvalta av Norsk Kulturråd med eit rammeverk på kr 2 millionar pr år. I arkivmeldinga vert det tilrådd at støtteordninga for privatarkiv skal innskrenkast til å gjelde berre arkiv i musea og at det statlege Arkivverket skal overta store delar av utviklingsansvaret for arbeid med sikring og bevaring av privatarkiv. I komitehøyringane 18. oktober understreka LLP viktigheita av at ansvaret for utviklingsoppgåvene på arkivfeltet held fram å ligge hjå Norsk Kulturråd.

Heile innstillinga frå Familie- og kulturkomiteen kan du lese her:
Innst. 14 (2012-2013)(Midlertidig)

Knytta til denne saka:
LLP i budsjetthøyring hjå Stortinget sin Familie- og kulturkomite
Arkivmeldinga er lagt fram