Nyheter
Invitasjon til Det 6. norske arkivmøte

Det 6. Norske Arkivmøte finn stad i Ålesund på Rica Parken Hotel 17.-19. april 2013. Dei norske arkivmøta vert arrangert annakvart år for alle arkivtilsette og arkivinteresserte I Noreg. Arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Kulturråd, Riksarkivaren, Landslaget for lokal- og privatarkiv og Norsk Arkivråd. Invitasjon, program og påmeldingsinformasjon: Invitasjon til Det 6. norske arkivmøte

«Stemmer» er tema for Arkivdagen 2013

Tema for Arkivdagen 2013 i november er «Stemmer». Eit ope tema, men likevel sjølvsagt i eit år der me feirar både stemmeretten og det norske språkmangfaldet. Arkiva dokumenterer ikkje berre stemmerett og kampen for denne, men inneheld millionar av stemmer frå fortida. Alle desse stemmene representerar eit språk. Korleis ein heile tida har nytta språket […]

Privatarkivkonferanse i juni

Landslaget for lokal- og privatarkiv, Norsk Kulturråd og Riksarkivet arrangerar 3.- 4. juni 2013 privatarkivkonferanse i Sandefjord. Konferansen vil finne stad på Sandefjord Park Hotel. Tema for konferansen vil vere kystkultur, arkivpolitikk og koordinering av privatarkivarbeid. Påmeldingsfrist er 19. april 2013. Meir informasjon med fagleg program kjem snarleg.

Varsel om landsmøte 2013

LLP har i dag sendt ut varsel om landsmøte 2013 til sine medlemer. Landsmøtet vil i år finne stad på Rica Parken Hotel i Ålesund, fredag 19. april kl 9.00, i samband med Det 6. norske arkivmøte som vert arrangert 17.-19. april. Varsel om landsmøte 2013 Landsmøtet sine forhandlingar LLP sine vedtekter

share