Riksarkivet har oppretta facebooksida «Arkivdagen i Norge»:
Frå 2015 er Kulturrådet ikkje lenger ansvarlege for arkivutviklingsoppgåver. Arbeidet med koordinering av Arkivdagen er difor overteke av Riksarkivet og Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP).
Arkivdagen er eit samarbeid mellom arkiv i heile Norden og omfattar alle typer av arkivinstitusjonar. I 2015 vil temaet være «Grenselaust» og vil finne stad 14. november.Det vert fortlaupande lagt ut informasjon på facebooksida. Institusjonar som planlegg eller ønskjer å arrangere Arkivdagen vert oppmoda om å melde seg inn i gruppa og dele stoff og erfaringar.