Pressemelding: Fem millionar mindre i arkivutviklingsmidlar – LLP krev heilomvending frå Kulturdepartementet!

Følgjande pressemelding er i dag sendt ut til media og kulturpolitikarar på Stortinget frå LLP:

Tom OddbyLLP reagerar sterkt på prosessen som har vore kring overføringa av arkivutviklingsoppgåvene frå Kulturrådet til Arkivverket i 2015. Utviklingsmidlar for arkiv er overført til Arkivverket med langt færre kroner enn tidlegare år, og frå 2015 er arkivinstitusjonar også nekta støtte fra støtteordninga for privatarkiv. Denne ordninga skal kun gjelde for museumsinstitusjonar, noko også Norges Museumsforbund er ueinige i. Samanlikna med tidlegare år er reduksjonen i støtteordninga på 5 millionar kroner årleg, noko som gjer at svært mange viktige prosjekt innan arkivsektoren no går ei usikker framtid i møte.

Utviklingsmidlane har vore særs viktige og positive for arkivsektoren. Slik LLP ser det har denne prosessen ikkje blitt kommunisert ut eller vorte fagleg grunngjeven frå Kulturdepartementet si side. LLP ber Kulturdepartementet snu!

Me har i dag sendt Kulturdepartementet eit brev der me gjer greie for våre sterke bekymringar, og der me ber Kulturdepartementet bidra med informasjon om kva faglege grunngjevingar som ligg føre for denne utviklinga. Me ber og om å få kjennskap til det faglege grunnlaget for beslutninga om å utelate arkivsektoren frå støtteordninga for privatarkiv. Vidare ber me om å få møte departementet for drøftingar.

LLP vil følgje opp denne saka tett i tida framover, både mot kulturdepartementet og familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

Les vårt brev til departementet på LLP si nettside, og via Facebook og twitter:

Til Kulturdepartementet «Sterk bekymring vedkomande utviklingsoppgåvene for arkiv»

###

Kontaktinfo:

Styreleiar Tom Oddby, mobil 9204 5612 eller e-post tomodd@drmk.no

 

Foto: LLP sin styreleiar, Tom Oddby

 

 

 

Hvordan sikre arkiver etter næringslivet? event 23/06-2025
location_on Union Scene Drammen og direkte på YouTube
message Arkivforbundet og Vestfoldarkivet inviterer politikere og representanter fra næringslivet, forskningsmiljøet og arkivsektoren til debatt!
Kulturarv og frivillighet – en viktig del av beredskapsplanen event 25/06-2025
location_on Union Scene Drammen (Hovedscenen)
message Kulturarv er et strategisk mål i krig, fordi det er et uttrykk for historie, samhold og identitet.
Webinar om Rettighetsproblematikk og tilgjengeliggjøring av videoarkiver event 03/09-2025
location_on Microsoft Teams
share