LLP sitt styre har 17. mars gjort vedtak om tildelingar av stipend for 2015. Kr. 50 000 var lyst ut og stipend vart delt ut til 5 søkjarar.
Stipendmottakarane er: Kunsthuset Kabuso ved Hardanger og Voss museum, Benedikte Berntzen ved Nasjonalbiblioteket, Guro Nordby ved Norsk Industriarbeidermuseum, Terje Nomeland, og Misjonsforbundet «Historisk Selskap og Arkiv».
Kunsthuset Kabuso ved Hardanger og Voss museum er tildelt kr. 10 000
Midlane skal nyttast til publikasjon i etterkant av utstillinga BILET-/FLAUM som står ved kunsthuset hausten 2015. I samband med 200-årsflaumen som råka Vestlandet hausten 2014, samlar kunsthuset inn bilete frå privatpersonar i Hardanger og indre Hordaland som opplevde flaumen. I løpet av utstillingsperioden vert det arrangert ein internasjonal konferanse med lokal forankring som omhandlar flaumens visuelle kultur. Utstillinga og konferansen skal resultere i ein publikasjon med utvalde bilete og konferansebidrag som skal dokumentere flaumen og konferansen for ettertida. Tidspunkt for planlagt utgjeving er januar 2016.
Benedikte Berntzen ved Nasjonalbiblioteket er tildelt kr. 10 000
Berntzen sitt prosjekt omhandlar vidareutvikling av arkiva etter teatersjefane Johan og Alma Fahlstrøm, å lyfte fram norsk teaterhistorie og heve denne kunnskapen for ei brei lesargruppe. Ekteparet Fahlstrøm var teatersjefar ved ei rekkje privatteater, som Centralteatret og Fahlstrøms Theater i Eldorado. Prosjektet har ein teknisk-fagleg del og ein del for utarbeiding av fagleg artikkel som vil søkjast publisert i eit fagleg tidsskrift. LLP sine løyvde stipendmidlar er øyremerkja den delen av prosjektet som omhandlar utarbeiding av fagleg artikkel.
Guro Nordby ved Norsk Industriarbeidermuseum er tildelt kr. 20 000
Nordby skal gjere undersøkjingar kring dei regionale arbeidarrøyrslearkiva som kom i drift i 1970-åra, og som hadde andre bakgrunnar og idear enn det sentrale Arbeiderbevegelsens arkiv. Dei fleste av desse arkiva er i dag underlagt større institusjonar kring om i fylka. Kva var desse arkiva uttrykk for, kva har dei betydd – og kva har skjedd sidan? Undersøkjinga skal resultere i ein artikkel, med sikte på publisering. Stipendmidlane går til frikjøp av Nordby si arbeidskraft til prosjektet.
Terje Nomeland er tildelt kr. 5000
Midlane går til studietur til Reykjavik på Island for å delta på den årlege konferansen til International Council on Archives (ICA). Konferansen vert arrangert 27.- 29. september og har den overordna tittelen ”Archives: Evidence, Security and Civil Rights; ensuring trustworthy information”. Føremålet er å delta på arkivfaglege nyttige og lærerike foredrag som vil være til inspirasjon i det daglege virke ved Statsarkivet i Bergen, i tillegg til å hente erfaringar, idear og inspirasjon frå andre land sine arkivinstitusjonar. Terje Nomeland mottek stipendet som personleg medlem.
Misjonsforbundet – Historisk Selskap og Arkiv (HSA) er tildelt kr. 5000
Midlane skal nyttast til å dekkje deler av kostnadene til tre dagers opplæring for innleiande registrering ved HSA sine lokale i Kristiansand. Føremålet er å etablere gode rutiner når det gjeld registrering av materiale. Frå 2011 og fram til i dag har store deler av arkivmateriale som tidligere har vore deponert ved Misjonsforbundets kontor i Oslo blitt flytta til Kristiansand. Vidare har ei rekkje lokalmenigheiter også sendt arkivmateriale, som t.d. historiske menigheitsprotokollar og korrespondanse. Som arkiv er HSA nye, og føremålet er å etablere gode rutiner når det gjeld registrering av materiale. Opplæringa er planlagt 2. kvartal 2015.
Alle tilskotsmottakarane skal levere rapport seinast 6 veker etter at tiltaket er avslutta. Desse vil bli gjort tilgjengeleg på våre nettsider.