Arkiv som er skapte av private organisasjonar, bedrifter og av enkeltpersonar er heilt sentrale element i samfunnet sitt minne. Utan privatarkiva blir kildegrunnlaget for kunnskap om og analyse av kultur og samfunnsutvikling sterkt mangelfullt og skeivt.
Det har difor, frå framlegget til arkivlova i 1987 og fram til regjeringa si melding om arkiv i 2013, vore eit hovudmål å styrke innsatsen med private arkiv. Museumssektoren har fått ein stadig viktigare plass i dette arbeidet; og musea samla forvaltar i dag om lag ein fjerdedel av det bevarte privatarkivmaterialet i Norge. Interessa for å utvikle arbeidet med private arkiv er klart aukande i museumssektoren; og musea tek stadig initiativ til å redde viktige arkiv og gjere desse tilgjengelige.
På denne bakgrunnen inviterar Kulturrådet, i samarbeid med Landslaget for lokal- og privatarkiv og Norges museumsforbund, til fagdag (dag 1) og kurs (dag 2) om arkivarbeid i museum. Innleiarar og kurshaldarar vil kome frå både Kulturrrådet, Riksarkivaren, organisasjonane og enkeltinstitusjonar.
Programmet vil mellom anna innehalde følgjande tema: musea sitt arbeid med arkiv frå privat samfunnssektor, politiske og faglege strategiar for musea sitt arbeid med private arkiv, innsyn og bruk, infrastruktur og brukarservice.
Dato: 6. og 7. november.
Program
Meld deg på her!
For meir informasjon, kontakt: Bjørn Bering: bjorn.bering@kulturrad.no eller Bård Bie-Larsen: bard.bie-larsen@kulturrad.no