LLP avviklar tre utval

LLP sitt styre vedtok på styremøte 28. november å avvikle tre av LLP sine utval med verknad frå 1. januar 2014. Dei tre utvala er Forskings- og utdanningsutvalet, Formidlingsutvalet og Formidlingsnettverket.

Forskings- og utdanningsutvalet har hatt som oppgåve å følgje opp utdanningsinstilbod ved universitet og høgskular, arrangere kurs og å vere støttespelar for forskingsprosjektet som LLP utførte om minoritetar i offentlege arkiv. Utvalet har lukkast med å få starta opp eit arkivformidlingsstudie ved Høgskolen i Lillehammer og ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og har i samarbeid med andre utarbeidd pensum til studia. Utvalet sitt fokus har vore utdanning, og måla kan i stor grad seiast å vere nådde. Det har ikkje vore aktivitet i utvalet sidan 2010. LLP sitt styre vil følgje arkivstudia opp på årleg basis.

Formidlingsutvalet har representert LLP i det norske og nordiske samarbeidet med Arkivdagen. Utvalet har arbeidd med å utvikle ei felles oversikt over artiklar og bøker om arkivformidling, og har i tillegg arbeidd med ein nordisk antologi om arkivformidling. I tillegg har utvalet arbeidd med å arrangere ein nordisk arkivformidlingskonferanse.

LLP skal halde fram med å vere representert i arbeidet med Arkivdagen. LLP sitt styre vil peike ut to personar som skal følgje opp arbeidet med Arkivdagen på norsk og nordisk plan, herav minst ein frå LLP sitt styre.

Formidlingsnettverket vart etablert i samband med det 4. norske arkivmøtet i 2009, og kjem til uttrykk gjennom bloggen ‘Formidlingsnettet’. Målsettinga var at ein i større grad skulle kunne dele erfaringar og kunnskap om formidling. Bakgrunnen for opprettinga av Formidlingsnettverket var eit treårig prosjekt i regi av LLP med støtte frå dåverande ABM-utvikling, og som då tok sikte på å utvikle eit nasjonalt nettverk for arkivformidling. Dei siste tre år har bloggen blitt lite nytta.

LLP avviklar altså no si rolle i formidlingsnettverket og prosjektet og har retta eit skriv til Riksarkivet med førespurnad om dei ynskjer å ta ansvar for bloggen vidare.

 

 

 

 

 

share