Regjeringa Solberg føresler i sitt forslag til statsbudsjett for 2014 å kutte løyvingane til Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (Arbark) med to millionar kroner. Regjeringa Stoltenberg II føreslår i sitt forslag til statsbudsjett å løyve kr 7 532 000 kr. Regjeringa Solberg vil i sitt budsjettforslag omdisponere to millionar av desse til nasjonal satsing på folkebibliotek.
Tre private arkivføretak mottek direkte støtte over statsbudsjettet, av dei Arbark. For dei to andre, Misjonsarkivet og stiftinga Asta, er det ikkje føreslått kutt i løyvingane.
Dagleg leiar av Arbark, Frank Meyer har følgjande uttale om budsjettkuttet:
”Et kutt på kr 2 mill. på statstilskuddet til Arbark, den største private arkivinstitusjonen i Norge, vil være alvorlig for driften. Det vil etter alt å dømme føre til nedbemanning, kortere åpningstider og lengre ventetid for publikum. Arbark vil måtte verne om kjerneoppgavene sine og nedprioritere strategisk utviklingsarbeid med Arkivverket, LLP med flere om bevaring av sivilsamfunnets kulturarvmateriale. Støtten Arbark gir til regionale arkivinstitusjoner vil falle bort.”
Det føreslåtte kuttet vart måndag 11. november teke opp med Stortinget sin Familie- og kulturkomite av LLP i samband med høyringar om statsbudsjettet 2014.
Innlegget i sin heilskap kan du lese her:
LLP sitt innlegg for Stortinget sin Familie- og kulturkomite 11. november 2013
Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (Arbark) vart oppretta i 1908 av LO og Arbeiderpartiet i fellesskap. Arbark er arbeiderbevegelsen sin eldste eksisterande kulturinstitusjon i Noreg, og Arbark si viktigaste oppgåve er å bevare arbeidarrørsla si mangfaldige kulturarv og formidle denne vidare til nye generasjonar.
Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (Arbark) sine heimesider