Prosjekt om fylkeskommunal administrasjonshistorie har starta opp

Nordland skole, Kristiansund. Fotograf Williams. Kjelde Flickr Commons. RiksarkivetLLP sitt prosjekt om fylkeskommunal administrasjonshistorie har no starta opp. Ingrid Nøstberg har fire månaders permisjon frå sin jobb som arkivar ved Vestfoldarkivet for å arbeide med prosjektet på heiltid. Målsetninga for denne perioden er å skrive og publisere artiklar om fylkeskommunane sitt engasjement på skulesektoren på Wikipedia, i tillegg til ein generell artikkel om fylkeskommunane si utvikling.

Prosjektet er finansiert med midlar frå Kulturrådet, og det er ein god start for å kunne nå hovudmålet – ei komplett handbok om fylkeskommunene si administrasjonshistorie. Dette føreligg for kommunane og staten sin del, men ikkje for fylkeskommunane, noko som er eit sakn for både arkivinstitusjonar, forvaltninga sjølv og andre historisk interesserte.

LLP vil halde fram å arbeide for ei vidare finansiering av prosjektet. Prosjektgruppa består av Anne Aune (Hordaland fylkesarkiv), Snorre Øverbø (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane), Ketil Jensen (Arkiv i Nordland) og Ingrid Nøstberg (Vestfoldarkivet).

(Foto: Nordlandet skole, Kristiansund, 1951. Kjelde: Flickr Commons/Riksarkivet. Fotograf Williams)

 

Webinar Arkivdagen i Norge event 30/04-2024
location_on Teams
share