LLP sitt styre handsama innkomne søknader om stipend for 2013 på styremøte 20. august. 30 000 kroner var lyst ut.
Drammen byarkiv vart løyvd 10 000 kr til studiereise til Sverige. Målet med reisa er å tileigne seg kunnskap om svenske kommunar og arkivinstitusjonar, og å få inspirasjon og idear om tenester, prosessar og løysingar som byarkivet kan nytte i sitt eige arbeid framover. Studieturen går til Göteborg byarkiv, Borås byarkiv, Jänköping byarkiv og Stockholm stadsarkiv.
Marit Hosar vart løyvd 10 000 kr til frikjøp for å få fristilt tid til å skrive ein fagartikkel om arkivene sin synlegheit og forankring i sine ansvarsområde. Det vil her bli retta søkjelys på betydninga av ei regional/lokal forankring for å lukkast i arbeidet med bevaring og formidling av private arkiv.
Arkiv i Nordland vart løyvd 10 000 kr til studietur til institusjonar med relevant kompetanse innan fotobevaring- og formidling. Reisa vil gå til Norsk Folkemuseum der ein vil lære meir om digitalisering av store fotoarkiv, identifisering og kobling av metadata til bileta, og publisering og formidling av store arkiv.
Stipendmottakarane vil levere rapport seinast seks veker etter at tiltaka er avslutta, og desse vil bli publisert på heimesidene våre.