Opposisjonen ber om opptrapping av støtteordninga for privatarkiv

Familie- og kulturkomiteen på Stortinget har no levert si innstilling vedkomande regjeringa sitt forslag til statsbudsjett 2013.

LLP merker seg særleg at opposisjonen, beståande av Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti har sett behovet for betre rammer for privatarkiva. I innstillinga ber dei om større merksemd til ikkje-statleg arkivsektor og ei opptrapping av støtteordninga for privatarkiv. Komitemedlemene uttrykkjer bekymring for at viktig arkivmateriale frå privat sektor står i fare for å gå tapt.

I innstillinga heiter det:

«Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at de store utfordringene som ligger i de private arkivene. Mye viktig arkivmateriale er i ferd med å forvitre og enkelte typer dokumentasjon, eksempelvis private bedrifters arkiver, blir kassert etter at tiden for lagringsplikten i iht. regnskapsloven er tilbakelagt.»

Vidare ber dei om ei opptrapping av støtteordninga for privatarkiv:

«Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti vil minne om at arkivfeltet er mer enn de statlige arkivene. Disse medlemmer etterlyser rammer som kan bedre vilkårene for privat- og lokalarkivene, og disse medlemmer peker i den forbindelse på behovet for en opptrapping av støtteordningen for privatarkiv.»

LLP deltok 18. oktober i budsjetthøyringar hjå komiteen der me leverte vår uttale vedkomande budsjettforslaget og uttrykte nettopp behovet for ein heilskapeleg arkivpolitikk som også femnar om ikkje-statleg arkivsektor. LLP bad om ei monaleg auke i støtteordninga for privatarkiv til minst 15-20 millionar kr pr år.

Innstillinga frå komiteen kom berre nokre få veker etter at Kulturdepartementet la fram den første Stortingsmeldinga om arkiv. I dag vert støtteordninga for privatarkiv forvalta av Norsk Kulturråd med eit rammeverk på kr 2 millionar pr år. I arkivmeldinga vert det tilrådd at støtteordninga for privatarkiv skal innskrenkast til å gjelde berre arkiv i musea og at det statlege Arkivverket skal overta store delar av utviklingsansvaret for arbeid med sikring og bevaring av privatarkiv. I komitehøyringane 18. oktober understreka LLP viktigheita av at ansvaret for utviklingsoppgåvene på arkivfeltet held fram å ligge hjå Norsk Kulturråd.

Heile innstillinga frå Familie- og kulturkomiteen kan du lese her:
Innst. 14 (2012-2013)(Midlertidig)

Knytta til denne saka:
LLP i budsjetthøyring hjå Stortinget sin Familie- og kulturkomite
Arkivmeldinga er lagt fram

 

Privatarkivkonferansen 2025 event 28/04-2025 - 29/04-2025
location_on Hotel Victoria, Stavanger
message Privatarkivkonferansen 2025 blir i Stavanger på Hotel Victoria
Webinar Planarbeid med arkiv event 07/05-2025
location_on Microsoft Teams
message Om digitisering av arkiver
Webinar om Digitisering av arkiver event 04/06-2025
location_on Microsoft Teams
message Om digitisering av arkiver
share