LLP 25 år – Jubileumsskrift

LLP sitt fyrste Landsmøte i Sogndal i 1987. Foto: Marit HosarI dag, 23. mai er det 25 år sidan Landslaget for lokal- og privatarkiv arrangerte sitt første landsmøte i Sogndal med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som vertskap. LLP vart stifta 6. september 1986 på ein konferanse på Ås med representantar for over 20 arkivinstitusjonar tilstades. Bakgrunnen var behovet for eit fagleg forum, og for å styrke privatarkivarbeidet i Noreg. I tillegg var det behov for ei organisering av det faglege arkivarbeidet for institusjonar utanfor det statlege arkivverket.

25-års jubileet vart feira med jubileumsseminar på Britannia Hotel i Trondheim 23.-25. april inneverande vår, og i samband med arrangementet vart det utarbeidd eit jubileumsskrift der alle dei tidlegare leiarane av LLP har bidrege med å fortelje om sine minne og LLP sitt arbeid frå deira periodar som LLP-leiarar.

Takk til Marit Hosar for arbeidet med å organisere og setje saman skriftet.

Her kan du lese LLP sitt jubileumsskrift:

LLP 25 år – Jubileumsskrift

 

Webinar om Digitisering av arkiver event 04/06-2025
location_on Microsoft Teams
message Om digitisering av arkiver
Webinar om Rettighetsproblematikk og tilgjengeliggjøring av videoarkiver event 03/09-2025
location_on Microsoft Teams
Nordiske arkivdager event 16/09-2025 - 17/09-2025
location_on Radisson Blu Scandinavia Hotel i Oslo
message Arkivenes betydning i samfunnet
share