Sluttrapport frå prosjektet privatarkiv i musea

Sluttrapporten frå prosjektet «privatarkiv i museum» som vart initiert av ABM-utvikling og Riksarkivaren er no fullført.

Arkivkartlegginga i 2005 synte at norske museum oppbevarar meir enn 30 000 hyllemeter privatarkiv og at størsteparten av dette materialet er uordna og utilgjengeleg for bruk. Musea manglar faglege og økonomiske ressursar til å ta seg av arkiva på ein forsvarleg måte.

Dette var bakgrunnen for at ABM-utvikling og Riksarkivet sette igang prosjektet «Privatarkiv i museum» i 2007. I første omgang som eit pilotprosjekt.

Seks av åtte fylke har no levert sluttrapport. Dei rapporterar at dei har fått ei oversikt over tilstand og mengde i sine respektive fylke. Dei har utarbeidd planar/avtalar for kven som skal gjere kva påprivatarkivområdet. Fleire fylke har oppretta faste møtefora. I Hordaland har ein til dømes oppretta eit privatarkivnettverk.

Sluttrapporten syner og at kompetansen i musea har auka. Riksarkivet har som bidrag i prosjektet halde kurs og opplæring regionalt.

Les sluttrapporten: Privatarkiv i musea

 

 

Kurs i privatarkivarbeid 1. og 2. september

LLP arrangerar kurs i privatarkivarbeid for dei som arbeider i bedrifter, organisasjonar, museum, og arkivinstitusjonar.

Kurset vert halde 1. og 2. september på Maihaugen ved Lillehammer, og vert leia av Marit Hosar, arkivleiar ved Opplandsarkivet avd. Maihaugen.

I tillegg vil foredragshaldarar vera:
Bjørn Bering, utviklingsdirektør for fagfeltet arkiv, Norsk kulturråd.
Vilhelm Lange, leiar for privatarkivavdelinga ved Riksarkivet.

Kurset vert arrangert av LLP i samarbeid med Norsk kulturråd, Riksarkivet og Opplandsarkivet avd. Maihaugen.

Påmelding kan sendast pr e-post til postmottak(at)llp.no
Frist for påmelding er 24. august.

Les meir om kurset: Privatarkiv i museer og andre institusjoner

LLP inviterer til konferanse om privatarkiv

LLP inviterer til konferanse om privatarkiver 16. og 17. november i Bergen

Årets konferanse retter fokus mot ulike problemstillinger og utfordringer knyttet til arbeidet med privatarkiver, som bevaring og formidling av næringslivsarkiver, verdien av å ta vare på organisasjons- og foreningsarkiver og utfordringen med elektroniske arkiver i organisasjonene.

Pris:
Medlemmer: kr 2700
Ikke-medlemmer: kr 3200

Påmeldingsfrist:
5. oktober
e-post: postmottak@llp.no
Påmelding er bindende.

Hotellrom må bestilles av den enkelte og er ikke inkludert i prisen for konferansen. LLP har avtale med Hotel Grand Terminus. Rom kan bestilles der ved å oppgi refransenummer 1554950, med frist 18. oktober.

Pris for enkeltrom er kr 850 / dobbeltrom kr 1050

Konferansen vil bli holdt i Kalfaret brygghus sine lokaler, i Kalfarveien 76. Bergen.

PROGRAM

Onsdag 16. november:

BEVARING OG FORMIDLING AV NÆRINGSLIVSARKIVER

Samarbeid mellom arkiv, museum og næringsliv; bevaring og formidling av arkiver etter norsk petroleumsvirksomhet

– Torkil Thime, Statsarkivet i Stavanger

– Norsk Oljemuseum

– Per Skarung, Esso Norge

Arkivproblematikk under New Public Management

– Terje Haram, Bergen byarkiv

Torsdag 17. november:

ORGANISASJONS- OG FORENINGSARKIVER

Organisasjonsarkiver som kilder og dokumentasjon

– Bjørn Bering, Norsk Kulturråd

Noen erfaringer med Riksarkivets arbeid med elektronisk arkivmateriale i organisasjoner

– Per Kristian Ottersland, Riksarkivet

Bevaring av elektroniske arkiver – en utfordring for idrettslagene

– Hordaland idrettskrets

Referater og medlemslister på minnepenn! Utfordringer rundt bevaring av elektroniske arkiver hos organisasjoner

– Nina Klæboe, Bergen byarkiv

Foreningsarkiver i Misjonsarkivet; ordning og anvendelse

– Gustav Steensland, Misjonsarkivet

FORSKNING OG FORMIDLING

Samarbeid om formidling

– Maria Press, Statsarkivet i Trondheim

Majoritets- og minoritetsperspektiv i arkivbevaring. Hva dokumenterer henholdsvis de offentlige arkivene og privatarkivene om innvandrerorganisasjoner?

– Ellen Røsjø, Oslo byarkiv

LLP sitt innspel til stortingsmeldinga om arkiv

9. juni arrangerte Kulturdepartementet innspelskonferanse til arbeidet med ei stortingsmelding om arkiv som departementet tek sikte på å legge fram i 2012.

Ei rekkje representantar for heile noreg sitt arkivmiljø var tilstade for å kome med sine innspel.

LLP var inviterte til å halde innlegg om forventningar til meldinga. Berit Stie frå Aust-Agder kulturhistoriske senter representerte LLP på konferansen, og innlegget hennar kan du no lese her.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

LLP lyser ut kr 50 000 i stipend for 2011

LLP har gleda av å lyse ut  kr 50 000 i stipend for 2011.

Søknadsfrist er 1. august.

Både enkeltpersonar og institusjonar kan søke, og føremålet med stipendordninga er at dette skal gå til arkivfagleg vidareutvikling, studieturar, eller til utarbeiding av faglege artiklar og litteratur.

Søkjarar må vere tilknytta ein institusjon som er medlem av LLP.

LLP har utarbeidd statuttar for tildeling av stipendutdeling.

Les meir  om stipendordninga og statuttar for tildeling.

Søknader kan sendast pr e-post til postmottak@llp.no eller pr post:
Landslaget for lokal- og privatarkiv,
c/o Bergen Byarkiv
Pb 7700, 5020 Bergen.

Landsmøte 2011 – sakspapir

Landsmøtet for 2011 vert arrangert i Tromsø 4. mai kl 9.00.

Landsmøtet skal handsame følgjande saker (sakspapir i raud lenkje):

  1. Konstituering: Val av møteleiar, referent og representantar til å underskrive protokollen frå møtet.
  2. Årsmelding
  3. Revidert rekneskap > Redegjering for årsrekneskap
  4. Fastsetjing av kontingent
  5. Budsjett
  6. Handlingsplan
  7. Val av styre
  8. Val av valkomité på tre medlemer etter framlegg frå styret.
  9. Framlegg fremja av medlemer eller styret.
    9.1. Omdisponering av øyremerka midlar
    9.2. Fagseksjonane sitt mandat
    Kommunal fagseksjon
    Seksjon for privatarkiv
    9.3. Forslag til organisasjonsstrategi

LLP 25-års jubileum

LLP sitt fyrste Landsmøte i Sogndal i 1987. Fotograf: Marit Hosar.

LLP fyller 25 år 6. september 2011. Dette vil bli behørleg markert i samband med landsmøtet i 2012.

Tidlegare styreleiarar og LLP-entusiastar, medlemer og andre med meiningar om LLP oppmodast allereie no til å byrje med planleggjinga av dette.

Datoane er ikkje fastsett, men det vert i slutten av april 2012.

LLP startar markeringa med eit privatarkivseminar i byrjinga av november 2011.

Meir informasjon fylgjer etterkvart.

 

Arkivforbundet