Arkivforbundet lyser ut stipend for 2017

Styret vedtok på styremøtet 23-24. november 2016 å lyse ut stipend for 2017.

Det skal deles ut stipend for til sammen 30.000 kroner, og søknadsfristen er søndag 5. mars. 2017. Se nettsiden for detaljer om vår stipendordning.

Søknader sendes på e-post til post@arkivforbundet.no. Spørsmål sendes styreleder Tom Oddby på e-post tomodd@drmk.no.

Statuttar for stipendordninga

Føremål
Tilskotsordninga skal bidra til å heve kunnskap om statlege, kommunale, fylkeskommunale og private arkivinstitusjonar og deira arbeid med, og bruk av, arkiv

Virkeområde
Tilskotsordninga er eit tilbod til LLP sine medlemer. Det er ein føresetnad at det føreligg økonomiske midlar løyvd av styret.

Vilkår for tilskot
Tilskot kan løyvast til tiltak som har ein kvalitet som bidreg til å fremje føremålet med ordninga.

Ved tildeling av tilskot vert det lagt vekt på at tiltaket har høg arkivfagleg ambisjon og kvalitet.

Det vert ikkje løyvd tilskot til:

a) dekkjing av underskot for tiltak som allereie har funne stad.
b) tiltak som har funne stad før søknaden er sendt inn.
c) ordinær drift av institusjonar, organisasjonar eller anna verksemd.

Kunngjering og søknadsfrist
Tilskotsordninga vert kunngjort på LLP sine nettsider

Søknadsfrist vert kunngjort på LLP sine nettsider.

Krav til søknaden
Søknaden skal vere skriftleg og underteikna av den som søkjer eller av den som har løyve til å forplikte vedkomande søkjar.

Søknaden skal innehalde følgjande:

a) skildring av tiltaket det vert søkt om støtte til, herunder føremål, stad og dato/periode for gjennomføringa.
b) informasjon om føremålet.
c) oversyn over medverkande.
d) spesifikasjon over andre mottekne tilskot dersom søkjar eller andre medverkande har motteke slik støtte.
e) budsjett med finansieringsplan.

Handsaming av søknader
Tilskot vert løyvd utfrå ei skjønnsmessig vurdering basert på føremålet med, og kriteriar for, tildelinga nemnt ovanfor. Ved vurderinga skal det mellom anna vektleggjast fagleg nivå og utbytte.

Rapport og rekneskap
Prosjektrapport skal sendast inn seinast seks -6- veker etter at tiltaket er avslutta.

LLP stiller seg berettiga til å gjere rapporten tilgjengeleg på LLP sine nettsider.

Fråfall av tilskot og krav om tilbakebetaling
Om tildeling av tilskot byggjer på uriktige opplysningar frå søkjar, eller tilskotet – eller delar av det – ikkje er nytta etter føresetnadane, herunder at fastsette vilkår ikkje er oppfyllt, fell tilskot som ikkje er utbetalt vekk og utbetalt tilskot kan krevast tilbake. Det same gjeld om tilskotsmottakar ikkje har levert rekneskap og rapport innan fastsett frist, eller om rekneskapet ikkje vert funne tilfredsstillande.

Sakshandsaming og klagemulegheitar
Vedtak om tilskot og avslag på søknader kan ikkje påklagast.

Tom Oddby deltok i panel på samdok-konferansen

Styreleder i Arkivforbundet Tom Oddby deltok i panel under samdok-konferansen. Her er han nummer tre fra høyre.

Styreleder i Arkivforbundet Tom Oddby deltok i panel under samdok-konferansen sammen med andre sentrale aktører i arkivlandskapet.

Der fortalte han at mangelen på en klar og tydelig offentlig arkivpolitikk har ført til at arkivsektoren er på etterskudd med å løse viktige oppgaver av stor viktighet både for samfunnet og for hver enkelt innbygger.

Les hele innlegget til Tom Oddby her.

Varsel om landsmøte i Arkivforbundet tirsdag 4. april


Arkivforbundet varsler dere herved om vårt landsmøte tirsdag den 4. april klokken 16:30 på hotell Scandic St. Olavs plass i Oslo.

Møte er berammet til å være en times tid. De av dere som har forslag til landsmøte må fremme dette minst 30 dager før, det vil si innen 6. mars. Forslagene vil bli tatt opp på Arkivforbundets styremøte i mars og det vil så bli sendt ut innkalling til landsmøte sammen med diverse saksdokumenter som vist i vedtektene § 5.

Viser til våre vedtekter rundt innkalling til Landsmøte!

§ 5 Innkalling til landsmøte
Varsel om ordinært landsmøte skal sendast til medlemene minst 60 dagar på førehand. Landsmøtet skal haldast innan juni månad. Saker som skal fremjast for landsmøtet må vere styret i hende minst 30 dagar på førehand. Innkalling til landsmøte skal sendast ut minst 21 dagar på førehand. Med innkallinga skal det følgje årsmelding, revidert rekneskap, framlegg til budsjett, handlingsplan, valkomitéen si innstilling, eventuelle framlegg frå styret og styret si innstilling i saker fremja av medlemer.