Første nasjonale strategi for privatarkiv er vedteken

unnamedRiksarkivaren har vedteke ein ny strategi for privatarkivarbeidet i Noreg. Målet for strategien er å få ein meir heilskapeleg samfunnsdokumentasjon på sikt der arkivmateriale vurderast for bevaring utfrå dei samfunnsfunksjonar som arkivmaterialet speglar og dokumenterer, og ikkje utfrå forvaltningstilhøyrsle. Riksarkivaren sin nye strategi er basert på innspel frå eit breitt arkivfagleg miljø i delprosjekt privatarkiv i Samdok. LLP har vore ein av partnerane i delprosjektet.

Les meir om privatarkivstrategien på Riksarkivet sine nettsider:

Første nasjonale strategi for privatarkiv
Privatarkivstrategi 2015-2020

 

Foreslå kandidater til arkivmøtets formidlingspris!

7na (2)Det 7. norske arkivmøtet blir arrangert på Fornebu  5. og 6. april 2016.

Arrangementskomiteen har fulgt oppfordringen fra tidligere arkivmøter og ønsker også denne gangen å dele ut en formidlingspris. Det er arrangementskomiteen som er jury, og prisen er en kunstgjenstand. Alle som ønsker det, kan foreslå kandidater til prisen.

Kriteriet er at det må være et formidlingsprosjekt som har blitt gjennomført siden forrige arkivmøtet i 2013. Vinneren vil måtte gi et kort innlegg om sine formidlingsresultater under arkivmøtet.

Frist for innsending av forslag er 18. februar 2016 og må inneholde en beskrivelse av formidlingsresultat og en begrunnelse for at kandidaten bør tildeles formidlingsprisen.

Forslag kan sendes på e-post til: lasa@arkivverket.no

Referat frå møte mellom LLP og Kulturdepartementet 6. januar

Akergata59v1LLP hadde 6. januar eit møte med Kulturdepartementet for å følgje opp tidlegare møte 12. august 2015, der utviklingsmidlar til arkivsektoren og midlar til privatarkivarbeid var tema. Eitt område som vart diskutert på møte i august var musea sitt arkivarbeid og utlysing av utviklingsmidlar i 2015, der musea ikkje hadde høve til å søkje. LLP inviterte med seg Kjetil Høstrup Djuve frå Norsk Industriarbeidermuseum/Telemarksarkivet som medlemsrepresentant frå museumssektoren til møtet 6. januar.

Les referat frå møtet 6. januar:
Referat, møte mellom LLP og Kulturdepartementet

Tidlegare nyhende knytt til denne saka:
– KUD har svart på spørsmål frå LLP om utviklingsoppgåvene
– 
Brev til Kulturdepartementet august 2016
– 17. august: Referat frå møte mellom Kulturdepartementet og LLP
– 28. juni: Kulturdepartementet møter LLP 12. august
– 15. juni: Fem millionar mindre i arkivutviklingsmidlar – LLP krev heilomvending frå Kulturdepartementet

 

Brev til Kulturminister Linda Cathrine Hofstad Helleland

23697832782_360853eea6_o16. desember 2015 overtok Linda Hofstad Helleland (H) jobben som kulturminister etter Thorhild Widvey.

LLP har i dag sendt eit brev til Hofstad Helleland med ønskje om godt framtidig samarbeid, og for å minne henne på den viktigheita arkiv har som bærebjelke for samfunnet vårt. Kulturministaren vert oppmoda om å besøke arkivinstitusjonar for å bli kjend med sektoren, og for å få eit innblikk i dei utfordringar sektoren står ovanfor i dag.

Les brevet til kulturministeren:
Brev til Linda Hofstad Helleland frå LLP

 

Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor