LLP får møte Kulturdepartementet 6. januar

Akergata59v1LLP får møte Kulturdepartementet 6. januar for å drøfte utviklingmidlar til arkivsektoren og finansiering av privatarkivarbeidet.

Det har vore eit aktivt arbeid i 2015 for å finne ut kva som har skjedd med midlane i støtteordninga for privatarkiv, som no ser ut til å ha blitt avvikla utan at det er gjort noko vedtak om dette. Støtteordninga for privatarkiv vart vedteken av Stortinget i 2010, men det har ikkje blitt løyvd midlar i 2015. I 2014 var det berre museumsinstitusjonar som kunne søkje midlar frå ordninga.

Utviklingsmidlane til sektoren har gått gjennom ein kraftig reduksjon sidan 2012, då nesten 10 millionar kroner vart løyvd sektoren i 2012. I 2015 var løyvingane redusert til 4 millionar kroner.

 

SSB møter LLP 6. januar

LLP får møte SSB 6. januar. Bakgrunnen er at LLP har teke initiativ til drøftingar vedkomande registrering av ressursinnsatsen arkivsektoren i KOSTRA. KOSTRA er eit viktig verktøy som vert brukt av styresmaktene og andre for å måle kommunane sine kostnader på ulike område. I dette arbeidet er det eit mål for LLP at ressursar sett inn på arbeid som fell under arkivlova, som er ei kulturlov, vert tydeleg registrert under kulturoppgåver.

KOSTRA si arbeidsgruppe for kultur har fått eit skriftleg innspel frå LLP, og har etter dette kalla LLP inn til møte.

Les tidelegare nyheit om saka og innspel frå LLP:
LLP vil ha ressursinnsatsen på arkiv tydelegare registrert i KOSTRA

 

 

 

Forslag til ny organisasjonsmodell for LLP

495Forslag til ny organisasjonsmodell

I tråd med handlingsplanen for 2015 har styret de siste månedene brukt mye tid på å utrede en framtidig organisasjonsstruktur for LLP. Styret mener at LLPs organisasjon må styrkes for å synliggjøre og effektivisere det arbeidet som skal gjøres i årene fremover. Dette inkluderer å jobbe med å utvikle rammevilkårene for arkivsektoren, å synliggjøre arkivsektoren og arkivenes plass i samfunnet samt å drive påvirkning i forhold til forvaltning og politiske prosesser.

Styret har vurdert ulike organisasjonsmodeller og mener at etablering av en såkalt generalsekretærmodell, tilsvarende den som Norges Museumsforbund har, vil være en god løsning for LLP. En generalsekretærstilling må i så fall ha geografisk plassering i Oslo, fortrinnsvis i et kontorfellesskap sammen med lignende organisasjoner. Dette vil sikre kontinuitet i arbeidet med viktige saker, og gi nærhet til mange viktige nettverk. En slik stilling vil i så fall erstatte dagens ordning med en lønnet organisasjonssekretær i 100 % stilling og en lønnet styreleder i 20 % stilling.

Styrets forslag til ny organisasjonsmodell, samt finansiering av denne, vil bli lagt fram på LLPs landsmøte i 2016. Møtet holdes på Quality Expo Hotel Fornebu 5. april, i forbindelse med Det 7. norske arkivmøtet. Vi ser fram til å fortelle mer om planene for ny organisasjonsmodell, og håper derfor på høy møtedeltakelse.

 

Namnekonkurranse: Føreslå nytt namn til LLP!

2536358399_88e6544fa9_oLLP lyser med dette ut namnekonkurranse!

No kan du kan bli den som bestemmer kva vår organisasjon skal heite i framtida!

I 2016 er det 30 år sidan Landslaget for lokal- og privatarkiv vart stifta. I april 2015 gjorde LLP sitt landsmøte vedtak om at styret skal gjere framlegg om nytt namn for organisasjonen i 2016. No ønskjer me at medlemene skal vere med på å påvirke forslaget!

Kva bør vår landsdekkande fagpolitiske interesseorganisasjon heite i framtida?

LLP lyser med dette ut namnekonkurranse der både institusjonar og tilsette i medlemsorgansasjonar kan føreslå nytt namn for organisasjonen! Har du eit forslag du meiner vil passe, så vil me svært gjerne at du sender det til oss.

Beste forslag premierast!

Det vert gjort merksam på at styret ikkje kan forplikte seg til å bruke nokon av forslaga.

Forslag kan sendast på e-post til: postmottak@llp.no

Frist 15. januar 2016.

 

Foto: Ethan Lofton/Flickr Commons. Lisens

LLP vil ha ressursinnsatsen på arkiv tydelegare registrert i KOSTRA

Illustrasjoner strategiplan til designerLLP har sett i gang arbeid med å sjå nærare på behovet for at arkivsektoren sin ressursinnsats vert tydelegare registrert i KOSTRA (Statistisk sentralbyrå). KOSTRA er eit verktøy for å måle ressursbruk og for å samanlikne kommunane på ulike område.

Arkiva sin ressursbruk er ikkje synleg i KOSTRA, noko som inneberer fleire problemstillingar. Som oftast vert ressursane registrert under administrasjon, men i somme tilfelle vert den også registrert under kulturvern, men med det under Kulturminnelova. LLP meiner at ressursbruken nytta på depot og formidling, og som vert politisk handsama under Kulturdepartementet og Arkivlova bør bli registrert i KOSTRA på det område ein vert lovmessig handsama under. Med det meiner ein at det skal vere samsvar mellom lovpålagte oppgåver i Arkivlova og registrering av ressursbruken under denne i KOSTRA.

Politiske styresmakter nyttar KOSTRA som reiskap i arbeidet sitt. Når ressursar på dette området framstår som kostnadsfrie, eller at det ikkje vert nytta ressursar på arbeidet, fryktar LLP at dette kan gje store konsekvensar for arkivsektoren.

LLP har vore i kontakt med KOSTRA si arbeidsgruppe for Kultur, barne- og ungdomstiltak. Det er no etter avtale med arbeidsgruppa sin leiar sendt inn eit innspel, og LLP har bede om å få eit møte med arbeidsgruppa, eller med representantar for arbeidsgruppa, i januar 2016.

Medlemer kan kome med innspel til dette arbeidet. Innspel kan sendast på e-post til organisasjonsekretær Inger Lene Nyttingnes: inger.nyttingnes@llp.no

Les vårt innspel til KOSTRA si arbeidsgruppe for Kultur, barne- og ungdomstiltak:

Innspel om registrering av arkivsektoren i KOSTRA (SSB)

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP) er ein fagpolitisk interesseorganisasjon som arbeider for vern og formidling av kommunale og private arkiv, for å heve den faglege kompetansen og oppmuntre til lik praksis i arbeidet med arkivalia. Organisasjonen har 130 institusjonsmedlemer og representerar den store breidda av den ikkje-statlege arkivsektoren i Noreg. Sjå meir på vår nettside, www.llp.no.

LLP ser nokre viktige problemstillingar knytt til registrering av arkivsektoren sine oppgåver og kostnader i KOSTRA, og ynskjer å spele desse inn for arbeidsgruppa.

Arkiv blir som lovpålagt oppgåve og politikkområde handsama som ein del av kulturfeltet. Utgangspunktet er todelt; det gjeld lovpålagte oppgåver som er heimla i Arkivlov med forskrifter, og det gjeld skildringar av politikkområde i politiske meldingar og utgreiingar. Arkivlova er ei kulturlov. Den vert forvalta av Kulturdepartementet, og oppgåver vert derfrå delegert til Riksarkivaren.

I dag vert arkivkostnader i dei fleste tilfelle registrert i KOSTRA som administrative oppgåver. LLP ser på dette med stor bekymring då kostnader knytt til lovpålagte oppgåver som ligg under Kulturdepartementet sine oppgåver og ansvarsområde vert usynlege – eller framstår som kostnadfrie, og meiner det kan ha store konsekvensar for sektoren at kostnader knytt til desse oppgåvene ikkje vert synlege i KOSTRA. Ein veit at kulturstyresmaktene nyttar KOSTRA som verktøy når dei mellom anna måler kultur-Noregs tilstand og til andre utgreiingar. LLP bekymrar seg for at arkivsektoren ikkje blir sett under det politiske ansvarsområde det vert handsama under og at ressursinnsatsen her vert skjult i systemet.

I nokre tilfelle vert arkiv og registrert i KOSTRA som kulturoppgåver, men då som kulturminnevern. Eit område som vert handsama av kulturminnelova og som difor også gjev eit misvisande bilete. Dei lovpålagte oppgåvene for arkiv i arkivlova ligg alltid til handsaming som politisk område under Kulturdepartementet. Enger-utvalet (NOU Kultur 2014) har difor arkiv i mandatet. Dei gjer greie for arkivområdet, men i kapittelet som gjer greie for kostnader er det ingen kostnader knytt til arkiv nemnt. Dette fordi ein nyttar KOSTRA-tal. Arkivoppgåver vert og i nokre få tilfelle registrert under bibliotek.

LLP forstår at kostnader knytt til dagligarkiv og postmottak i kommunane kan registrerast som administrative kostnader, men meiner at oppgåver knytt til bevaring og formidling må skillast ut som ein eigen ressursinnsats på kulturfeltet. Desse oppgåvene er forankra i eiga lov med forskrift og i kommunane sin politikk for dette, og kostnadene knytt til denne ressursinnsatsen er betydeleg.

Som eit døme sender me dykk oversikt over kostnader knytt til kjøp av depottenester hjå Interkommunalt arkiv for Buskerud, Vestfold og Telemark, som med sine 40 eigarkommunar mottek nesten 20 millionar kroner i 2015 for tenester knytt til bevaring og formidling.

LLP ber med dette om eit møte for å drøfte problemstillinga nærare og vonar arbeidsgruppa, eller representantar for arbeidsgruppa kan finne høve til dette. Me kan i første omgang foreslå eit møte 6. januar.

Landslaget for lokal- og privatarkiv
27.11.2015