Nominasjon til verdas dokumentarv 2016/2017

Bilder.Bergenbyarkiv 232Den norske komiteen for verdas dokumentarv lyser ut nominasjonsrunde til UNESCO sitt internasjonale Memory of the World-register for opptak i 2017. Nominasjonsfristen er 15. november 2015.

Memory of the World (MoW) vart oppretta i 1992 og er eitt av fleire UNESCO-program med føremål å gje eit nødvendig løft for å synleggjere og redde kulturarva.

Det finst register på internasjonalt, regionalt og nasjonalt nivå. Føremålet med registret er å auke medlemslanda sitt medvit om eiga dokumentarv, oppmode til vern av arva og å gjere arva tilgjengeleg for eit størst mogleg publikum. Noregs dokumentarv er den norske delen av UNESCOs Memory of the World-register.

Det er no opna for nominasjonar til det internasjonale registret.

Du kan lese meir om retningslinjer og søknadsprosedyrer på Kulturrådet sine nettsider:
Nominasjon til Memory of the World 2016/2017 – Kulturrådet

 

LLP har sendt oppfølgjingsbrev til Kulturdepartementet

karusell_04LLP har sendt eit oppfølgjingsbrev til Kulturdepartementet etter at det vart halde møte vedkomande arkivsektoren si organisering og utviklingsoppgåver 12. august. Det er eit ønskje om nærare avklaringar på fleire punkt frå departementet, og i tillegg har LLP bede om eit nytt møte på nyåret 2016.

Brevet kan du lese her:
Brev til Kulturdepartementet august 2016

Tidlegare nyhende knytt til denne saka:
– 17. august: Referat frå møte mellom Kulturdepartementet og LLP
– 28. juni: Kulturdepartementet møter LLP 12. august
– 15. juni: Fem millionar mindre i arkivutviklingsmidlar – LLP krev heilomvending frå Kulturdepartementet

Kreativt Europa lyser ut samarbeidsprosjekt

LLP vidareformidlar med dette informasjon frå Kulturrådet om EU-programmet Kreativt Europa:

Internasjonale samarbeidsprosjekter kan søke midler fra EU-programmet Kreativt Europa med frist 7.oktober.

Kreativt Europa omfatter hele kulturfeltet og typiske sektorer er: festivaler, musikk, scenekunst, visuell kunst, arkitektur, arkiv og bibliotek, kunsthåndverk, kulturarv og design.
Utlysningen finner du her: https://eacea.ec.europa.eu/creative-europe/actions/culture/cooperation-projects_en

Prosjektene skal bidra til å:
· Styrke kulturlivets evne til å arbeide internasjonalt
· Øke sirkulasjon av kunstnere, aktører, kulturelle/kreative produksjoner og produkter
· Bidra til innovasjon i kunst- og kulturfeltet
· Bidra til publikumsutvikling

Små prosjekter har minimum tre europeiske partnere og kan søke opp til 200 000 Euro (inntil 60 % av totalbudsjett)
Store prosjekter har minimum seks europeiske partnere og kan søke opp til 2 000 000 Euro (inntil 50 % av totalbudsjett)

Mer informasjon finner du her: http://www.kulturradet.no/om-eus-kulturprogram

Åpent informasjonsmøte fredag 21.august kl 10 – 13 hos Norsk kulturråd i Oslo
Mer informasjon og påmelding finner du her:
http://www.kulturradet.no/kalender/hendelse/-/infomote-kreativt-europa-210815
Først til mølla!

Ønsker du veiledning eller har spørsmål kan du kontakte:
Åsmund Prytz tlf 971 84 013
Thea Breivik tlf 458 33 457
Epost: Kreativteuropa@kulturadet.no

Vi minner om at dette er en årlig utlysning. Vi kommer gjerne ut for å informere om ordningene for din organisasjon. Ta kontakt!

Med vennlig hilsen

Thea Breivik

Seniorrågiver/ Senior Adviser
Seksjon for internasjonale og andre tverrgående oppgaver

Referat frå møte mellom LLP og Kulturdepartementet

Bilder.Bergenbyarkiv 016Etter førespurnad fekk LLP møte Kulturdepartementet 12. august, for å drøfte arkivsektoren sine behov knytt til privatarkivarbeidet og til sektoren sine utviklingsoppgåver generelt.

LLP har ført referat frå møtet. Det vert gjort merksam på at departementet har fått tilbod om å lese referatet for godkjenning, men har takka nei til dette tilbodet.

Referatet kan du lese her:
Referat frå møte mellom LLP og Kulturdepartementet 12. august 2015

I etterkant av møtet arbeider LLP no med eit oppfølgingsbrev til departementet. Dette vil bli lagt ut på våre heimesider snarleg.