Kulturrådet aukar driftsløyvingane til LLP med kr. 300 000!

495

LLP har med glede motteke nyheiten om at Kulturrådet aukar driftsløvingane til LLP i 2015 med kr. 300 000! Ei auke frå kr. 519 000 i 2014, til kr. 820 000 i 2015.

Rådet i Kulturrådet vedtok 17. desember tilskotsfordeling for kap. 320 post 74. Vedtaket er gjort med atterhald om Kulturdepartementet sitt tildelingsbrev til Kulturrådet.

Heile lista over tilskot kan du lese på Kulturrådet sine nettsider:
Tildelinger, driftstilskudd Post 74

 

Arkiv- og museumstilskot over til tippemidlane i Kulturfondet

Kulturrådet melder på sine nettsider at utlysing av utviklingsmidlar for arkiv og museum (post 77), med frist 15. oktober 2014, blir trekt tilbake. Innkomne søknader vil ikkje bli handsama. Unntaket er tilskotsordninga for sikringstiltak i museum.

Bakgrunnen er regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2015 (Prop. 1 S 2014-2015). Det vart der føreslått at tilskot til arkiv- og museumsføremål vert flytta over til Kulturfondet med finanisering frå spelemidlar frå Norsk Tipping, med ei ramme på 30, 2 millionar kroner. Spelemidlane blir forvalta av Kongen, og er ikkje ein del av statsbudsjettet.

Prosjekt- og utviklingstiltak på museums- og arkivfeltet blir vidareført i 2015 over spelemidlane på samme nivå som i 2014. Midlane vil i starten av 2015 bli lyst ut som søkbare program.

Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet inngjekk 21. november ei budsjettavtale med partia Venstre og Kristeleg Folkeparti. Statsbudsjettet sine kapittel fordelt til Familie- og kulturkomiteen vart handsama 3. desember og vart vedtekne av stortinget 10. desember.

Lenkjer:

Utlysning av utviklingsmidler for museum og arkiv trekkes tilbake (Kulturrådet)

Kulturrådet – Statsbudsjettet 2015

Enighet om statsbudsjettet 2015 (Regjeringen)

Statsbudsjettet 2015 – kapitler fordelt til Familie- og kulturkomiteen (Stortinget)

International Council on Archives (ICA) – «Call for papers»

Reykjavik from highInternational Council on Archives (ICA) arrangerar sin neste årlege konferanse i Reykjavik, Island, 27.- 29. september 2015. Tittel for konferansen er «Archives: Evidence, Security and Civil Rights: Ensuring trustworthy information»

Arrangørane har sendt ut ein «Call for papers» der dei søkjer foredragshaldarar til konferansen. Interesserte vert oppmoda til å sende inn eit samandrag av manus på inntil 400 ord. Frist for innsending er 28. februar 2015. Komitéen vil gje tilbakemelding innan 31. mars.

For meir informasjon les:

ICA – Call for papers – Reykjavik 2015

ICA 2015 – Reykjavik 

 

(Foto: «Reykjavik from High» Fotograf: Donncha O. Caoimh. Kjelde: Flickr Commons. Lisens)