LLP-innlegg på SAMDOK-konferansen og om privatarkiv i musea

Tom OddbyLLP har i haust vore representert med innlegg på SAMDOK-konferansen, der fungerande leiar Tom Oddby har halde innlegg om felles utfordringar og løysingar for arkivsektoren. Innlegget inngjekk i ein plenumsdebatt mellom Kulturrådet, Riksarkivet, KS, KDRS, Norsk Arkivråd og LLP.

6.-7. november arrangerte Kulturrådet, Norges museumsforbund og LLP seminaret «Ut av mørket og fram til brukarane», om bevaring og formidling av arkiv i musea. Tom Oddby haldt innlegg på vegne av LLP, som i tillegg til Kulturrådet, Norges museumsforbund, og Riksarkivet var bedne om å presentere eit overordna perspektiv som nasjonal aktør.

Du kan no lese innlegga her:
Tom Oddby – SAMDOK – 16.oktober 2014
Tom Oddby – Privatarkiv i musea – 6. november 2014

 

HIFO: Sesjon- og manuslokking til Norske historiedager i Stavanger

Bilder.Bergenbyarkiv 226HIFO Rogaland oppmodar arkivmiljøet til å kome med forslag til sesjonar og foredrag til Norske historiedagar i Stavanger 19.-21.juni 2015:

Sesjon- og manuslokking til Norske historiedager i Stavanger 19.- 21. juni 2015

Frist 1. desember 2014 

Neste år skal Norske historiedager arrangeres i Stavanger. Vi inviterer til å komme med forslag til sesjoner og foredrag. Forslag kan fremmes individuelt eller på vegne av miljøer og grupper. Den faglige arbeidsgruppen for Historiedagene ønsker forslag som kan knyttes til konferansens hovedtema: Ressurser – energi, makt og mennesker, men også forslag med andre tema.

Norske historiedager skal vise bredden og mangfoldet i historiefaget.

«Ressurser – energi, makt og mennesker» handler om endringer og kontinuitet i bruk av ulike ressurser på forskjellige steder og samfunnsområder fra middelalder frem til vår egen tid.

«Energi» kan knyttes til det mange forbinder med naturressurser. Her er fangst, dyrking, produksjon og konsumpsjon av mat sentralt. Men også bruk av fossile energikilder som olje, gass og ulike typer kull og torv samt fornybare kilder som vann-, vind- og solkraft. Tematikk som handler om kamp om naturressurser er spesielt interessant her.

«Makt» kan rettes mot utvikling og endring i demokratiske institusjoner i samfunnet, eksempelvis politisk styresett, velferd og rettspraksis, men også sosial, økonomisk og kulturell makt. Makt kan også knyttes til fagområdet historiebruk, som setter historieforskning og -formidling i et kritisk perspektiv.

«Mennesker» kan handle om hvordan migrasjon har bidratt til kulturmøter og strukturendringer i ulike samfunn, og om enkelte og gruppers nyvinninger og kunnskapsheving gjennom entreprenørskap. Vi oppfordrer til migrasjonshistoriske og entreprenørhistoriske forslag.

Forslag kan sendes til Lene Bøe: lene.boe@uis.no

Den faglige arbeidsgruppen for Norske historiedager 2015 består av: Gunnar Nerheim (leder), Marie Smith-Solbakken, Beate Aasen Bøe, Anne Jorunn Frøyen, Svein Ivar Langhelle, Harald Hamre, Torkel Thime og Lene Bøe (sekretær)

LLP har levert budsjettinnspel til Familie- og kulturkomiteen

Tom og Cecilie 2Fungerande leiar for LLP, Tom Oddby, og nestleiar Cecilie Lintoft har i kveld lagt fram sitt innlegg til Stortinget sin Familie- og kulturkomite, vedkomande regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2015.

På grunn av ei kommunikasjonssvikt mellom vaktene i stortingsbygget fekk Oddby og Lintoft kome seg fram til høyringssalen i siste minutt, men fekk bruke dei 6 tilmålte minutta til å legge fram LLP sitt innspel.

Situasjonen kring støtteordninga for privatarkiv var eitt av temaene Oddby og Lintoft tok opp i innlegget. Etter at støtteordninga i 2013 berre var reservert musea, til sterke protestar frå LLP, fekk arkivinstitusjonane igjen mulegheit til å søke midlar frå støtteordninga i 2014. Det har nyleg oppstått usikkerheit om innretninga kring støttordninga att, då det har kome signal som kan tyde på at denne i 2015 igjen skal vere reservert berre musea.

Dei fekk og levert eit skriftleg innlegg til komiteen sine representantar.

Innlegget kan du lese her:
LLP sitt innlegg – Statsbudsjettet 2015

Innlegget på Stortinget sitt videoarkiv (LLP sitt innlegg startar 13 minutt inn i sendinga):
Budsjetthøyringar – Familie- og kulturkomiteen – 6.11.2014

Les og:
LLP i komitehøyringar på Stortinget

 

LLP i komitehøyringar på Stortinget

stortingsbygningen. Stortingsarkivet - foto. Teigens fotoatelier asLLP møter Stortinget sin familie- og Kulturkomite torsdag 6. november, for å kommentere regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2015, som vart lagt fram 8. oktober. LLP har fått felles høyringsrunde med Norsk Arkivråd kl 18.20 – 18.40. Organisasjonane har 6 minutt kvar til å legge fram sine innlegg. LLP sitt innlegg startar kl. 18.30.

Komitehøyringane er opne for publikum og finn stad i Stortinget i Nedre Vollgt. 20. Du kan og følgje høyringsrunda og LLP sitt innspel direkte på Stortinget sitt nettfjernsyn. Vel høyringssal N-202.

Stortinget sitt nettfjernsyn

Fungerande styreleiar Tom Oddby og nestleiar Cecilie Lintoft møter for LLP.

Stortinget sin familie- og kulturkomite består av leiar Svein Harberg (H), Geir Jørgen Bekkevold/Dag Sele (Krf), Rigmor Aasrud (A), Arild Grande (A), Hege Haukeland Liadal (A), Kårstein Eidem Løvaas (H), Sonja Mandt (A), Morten Stordalen (Frp), Ib Thomsen (Frp) og Mette Tønder (H).

Høyringsprogram

Statsbudsjettet 2015, kapittel fordelt til Familie- og kulturkomiteen

(Foto: Stortingsbygningen. Stortingsarkivet. – Teigens fotoatelier)