LLP lyser ut stipend for 2014 på kr 30 000

Bilder.Bergenbyarkiv 023LLP  lyser med dette ut stipend for 2014 på kr 30 000. Søknadsfristen er sett til 1. oktober 2014.

Både enkeltpersonar og institusjonar kan søke, og føremålet med stipendordninga er at dette skal gå til arkivfagleg vidareutvikling, studieturar, eller til utarbeiding av faglege artiklar og litteratur.

LLP sitt styre har utarbeidd statuttar for stipendordninga. Søknaden må fylle vilkåra for dei rammene som er teikna opp i desse.

Søknad kan sendast til e-post: postmottak@llp.no

eller pr. post:

Landslaget for lokal- og privatarkiv
c/o Bergen Byarkiv, pb 7700
5020 Bergen

Spørsmål kan rettast til LLP sitt sekretariat på tlf 97 649 262.

 

Statuttar for stipendordninga

Føremål
Tilskotsordninga skal bidra til å heve kunnskap om statlege, kommunale, fylkeskommunale og private arkivinstitusjonar og deira arbeid med, og bruk av, arkiv

Virkeområde
Tilskotsordninga er eit tilbod til LLP sine medlemer. Det er ein føresetnad at det føreligg økonomiske midlar løyvd av styret.

Vilkår for tilskot
Tilskot kan løyvast til tiltak som har ein kvalitet som bidreg til å fremje føremålet med ordninga.

Ved tildeling av tilskot vert det lagt vekt på at tiltaket har høg arkivfagleg ambisjon og kvalitet.

Det vert ikkje løyvd tilskot til:

a) dekkjing av underskot for tiltak som allereie har funne stad.
b) tiltak som har funne stad før søknaden er sendt inn.
c) ordinær drift av institusjonar, organisasjonar eller anna verksemd.

Kunngjering og søknadsfrist
Tilskotsordninga vert kunngjort på LLP sine nettsider

Søknadsfrist vert kunngjort på LLP sine nettsider.

Krav til søknaden
Søknaden skal vere skriftleg og underteikna av den som søkjer eller av den som har løyve til å forplikte vedkomande søkjar.

Søknaden skal innehalde følgjande:

a) skildring av tiltaket det vert søkt om støtte til, herunder føremål, stad og dato/periode for gjennomføringa.
b) informasjon om føremålet.
c) oversyn over medverkande.
d) spesifikasjon over andre mottekne tilskot dersom søkjar eller andre medverkande har motteke slik støtte.
e) budsjett med finansieringsplan.

Handsaming av søknader
Tilskot vert løyvd utfrå ei skjønnsmessig vurdering basert på føremålet med, og kriteriar for, tildelinga nemnt ovanfor. Ved vurderinga skal det mellom anna vektleggjast fagleg nivå og utbytte.

Rapport og rekneskap
Prosjektrapport skal sendast inn seinast seks -6- veker etter at tiltaket er avslutta.

LLP stiller seg berettiga til å gjere rapporten tilgjengeleg på LLP sine nettsider.

Fråfall av tilskot og krav om tilbakebetaling
Om tildeling av tilskot byggjer på uriktige opplysningar frå søkjar, eller tilskotet – eller delar av det – ikkje er nytta etter føresetnadane, herunder at fastsette vilkår ikkje er oppfyllt, fell tilskot som ikkje er utbetalt vekk og utbetalt tilskot kan krevast tilbake. Det same gjeld om tilskotsmottakar ikkje har levert rekneskap og rapport innan fastsett frist, eller om rekneskapet ikkje vert funne tilfredsstillande.

Sakshandsaming og klagemulegheitar
Vedtak om tilskot og avslag på søknader kan ikkje påklagast.

Webinar Arkivdagen i Norge event 30/04-2024
location_on Teams
share