Støtteordninga for privatarkiv kan inkludere arkivinstitusjonar i 2014

Bilder.Bergenbyarkiv 192I Arkivmeldinga, som vart handsama av Stortinget i fjor blei det varsla at støtteordninga for privatarkiv, som starta opp i 2010,  for framtida berre skulle gjelde for musea. I 2013 fekk ingen arkivinstitusjonar støtte frå ordninga.

– No kan det likevel sjå ut som at arkivinstitusjonar kan få støtte frå ordninga frå hausten 2014. I ein artikkel i siste utgåve av Museumsnytt kan ein lese at Kulturdepartementet i tildelingsbrevet for 2014 ikkje har lagt føringar for at støtteordninga no skal målrettast berre mot museumsfagleg relevante arkivprosjekt. Difor er det no opp til Kulturrådet å ta stilling til dette.

Artikkelen, der nestleiar av LLP, Tom Oddby, og Generalsekretær i Norges Museumsforbund, Liv Ramskjær, vert intervjua, kan du lese her:

Museumsnytt – «Støtteordning for privatarkiv – i museum OG arkiv»

LLP håper at det frå hausten 2014 igjen er muleg for arkivinstitusjonar å få støtte gjennom Kulturrådet si støtteordning for privatarkiv, og er glade for at Museumsforbundet støttar opp om denne saka. LLP vil over sommaren ta kontakt med Kulturdepartementet og Kulturrådet.