God sommar frå LLP! – Sekretariatet sine opningstider

Sommerdag på fjellet ca 1960 Nasjonalbiblioteket. Flickr Commons. meLandslaget for lokal- og privatarkiv ønskjer med dette ein retteleg god sommar!

Sekretariatet er betjent som vanleg fram til 17. juli, tys-tor kl 9.00-15.00.

Mellom 18. juli og 19. august er sekretariatet ubetjent. I denne perioden kan leiar og nestleiar kontaktast ved saker som haster.

Karin Gjelsten:
e-post: Karin.Gjelsten@bergen.kommune.no
Tlf: 48111723

Tom Oddby:
e-post: Tom.Oddby@drmk.no
Tlf: 92045612

(Foto: «Sommerdag på fjellet», ca 1960. Nasjonalbiblioteket/Flickr Commons)

Verdserklæringa om arkiv er omsett til norsk

 

Utsnitt verdserklæringVerdserklæringa om arkiv er no omsett til, og tilgjengeleg, på norsk. Erklæringa vart vedteken av den internasjonale arkivorganisasjonen International Council on Archives (ICA) i 2010, og er ein prinsipputtale om arkiv som slår fast arkiva sin relevans og viktigheit for samfunnet. Arbeidet med omsettinga er eit samarbeid mellom Riksarkivaren, KS, Fagforbundet, Arkivarforeningen, Norsk Arkivråd og LLP. Erklæringa er omsett til begge målføre.

UDA Nynorsk 
UDA Bokmål 

Om Universal Declaration on Archives (ICA sine nettsider)

Inga Bolstad er ny Riksarkivar

Inga_Bolstad_120x140Inga Bolstad vart i statsråd fredag 20. juni utnemnd til Riksarkivar og leiar for Arkivverket.

Bolstad har dei siste 14 åra hatt leiarstillingar i Skatteetaten. Først var ho avdelingsdirektør i Skattedirektoratet, og frå 2007 har ho vore direktør for skatteetatens IT- og servicepartnar, SITS. Ho har heile tida vore ein del av skatteetaten si toppleiing og har hatt ansvar for både organisasjonstenester og ei større reorganisering i etaten.

Bolstad er utdanna diplomøkonom ved BI og er den første Riksarkivar som er kvinne.

 

 

Hege H. Liadal: «Useriøst å sette høringsfristen midt på sommeren»

Hege Haukeland LiadalStatsråd Torhild Widvey mottok for en uke siden utredningen om Norsk Kulturråd, og har nå sendt denne ut på høring med høringsfrist 15.august. Arbeiderpartiets kulturpolitiske talsperson Hege Haukeland Liadal krever nå at høringsfristen utsettes til 15.september.

– Det er useriøst og uhørt å sette høringsfristen på utredningen om Kulturrådet til 15.august. Dette er midt i ferien, og det kan ikke forventes at organisasjonene skal bruke sommerferien på dette. Sånn bråhast kan ikke saken ha, sier kulturpolitisk talsperson fra Arbeiderpartiet, Hege Haukeland Liadal.

– Da jeg møtte noen av kulturorganisasjonene i går, ble jeg også gjort oppmerksom på at bare et fåtall av kunstnerorganisasjonene står på høringslisten. I en sak som vil ha konsekvenser for mange, er første bud å høre alle, fortsetter en oppgitt Hege Haukeland Liadal.

– Kommunene og fylkene bør også ha mulighet til å uttale seg i en slik sak, og de begynner jo ikke på igjen før langt ut i august. Statsråden bør forsikre seg om at alle berørte parter blir hørt i denne saken, og at det blir satt en mer realistisk høringsfrist. Er statsråden klok flytter hun fristen til 15.september, avslutter Hege Haukeland Liadal fra Arbeiderpartiet.

(Foto: Arbeiderpartiet).

Gjennomgang av Kulturrådet er klar

Bilder.Bergenbyarkiv 347Kulturdepartementet sette i desember 2013 ned ei utgreiingsgruppe med oppgåve å gjennomgå Kulturrådet si organisering og oppgåvesamansetning. Gruppa har no levert sine vurderingar og tilrådingar i ein rapport som vart overlevert Kulturminister Torhild Widvey måndag 2. juni.

På arkivfeltet tilrår utgreiingsgruppa at arkivutviklingsfeltet vert overført til Riksarkivaren.

«Utredningsgruppen mener at det er viktig med en avklaring av utviklingsansvaret på arkivfeltet, og vil hevde at dette ansvaret kan ivaretas på en god måte hos Riksarkivaren. Kulturrådets virksomhet på dette området, slik det fremstår i dag, er for liten til at det ligger noen avgjørende utviklingskraft i den.»

Gruppa vurderar at Kulturrådet likevel vil kunne støtte arkivrelaterte tiltak i framtida, då innanfor Norsk kulturfond.

Vidare tilrår gruppa at Post 74, driftstilskot, vert avvikla. Tiltak på denne posten som eignar seg for kunstfagleg vurdering vert tilrådd flytta over til Kulturfondet, medan dei øvrige tiltaka vert flytta over til andre postar på Kulturdepartementet sitt budsjett.

LLP mottek årleg støtte frå Post 74. I 2014 er LLP løyvd kr 519 000 i driftsstøtte.

LLP leverte innspel til utgreiingsgruppa i april.

Rapport – Gjennomgang av Norsk Kulturråd

Pressemelding – Kulturdepartementet 2. juni 2014

LLP sitt innspel – gjennomgang av Norsk Kulturråd