LLP sin arkivformidlingsblogg vert avvikla

Illustrasjoner strategiplan til designerLLP vedtok på styremøte 28. november 2013 å avvikle det tidlegare formidlingsnettverket til LLP. Formidlingsnettverket vart etablert i samband med det 4. norske arkivmøtet i 2009, og kom til uttrykk gjennom bloggen «Formidlingsnettet». Målsettinga var at ein i større grad skulle kunne dele erfaringar og kunnskap om formidling. Bakgrunnen for opprettinga av Formidlingsnettverket var eit treårig prosjekt i regi av LLP med støtte frå dåverande ABM-utvikling, og som då tok sikte på å utvikle eit nasjonalt nettverk for arkivformidling. Dei siste tre år har bloggen blitt lite nytta.

Bloggen vert no avvikla. LLP syner til den danske bloggen «Arkivformidling» som er ei plattform til diskusjon, erfaringsutveksling, og utvikling av den utadretta verksemda i arkiva. LLP oppmodar til å bruke denne i det vidare nettverksarbeidet.

Peikar til den danske arkivformidlingsbloggen:
Arkivformidling

Les og:
LLP avviklar tre utval

 

Innspel – gjennomgang av Norsk Kulturråd

Bilder.Bergenbyarkiv 226Regjeringa ønskjer å reformere kulturpolitikken med mål om auka maktspreiing, høgre kvalitet og breiare finansiering av kulturlivet. I samband med dette har Kulturdepartementet sett ned ei utgreiingsgruppe som skal gjennomgå Norsk Kulturråd si arbeidsform og organisering. I tillegg er det sett ned ei referansegruppe som skal kome med innspel til utgreiingsgruppa sitt arbeid. LLP sin leiar, Karin Gjelsten, er utnemnd til medlem av referansegruppa.

Utgreiingsgruppa skal beskrive Norsk Kulturråd sin organisasjon og oppgåver i dag, vurdere om Norsk Kulturråd si oppgåvesamansetning er føremålstenleg og legge fram forslag om eventuell alternativ oppgåvesamansetning/andre organisatoriske modellar.

Etter at Kulturdepartementet oppmoda til å sende inn skriftlege innspel til dette arbeidet har LLP no levert sitt innspel.

Dette kan du lese her:

LLP sitt innspel – Norsk Kulturråd

Sjå og:

Kulturdepartementet – gjennomgang av Norsk Kulturråd

 

Høyringsuttale – forslag til forskrift om Norsk helsearkiv og helsearkivforskriften

Bilder.Bergenbyarkiv 176Helse- og omsorgsdepartementet sendte i desember 2013 forslag til forskrift om Norsk helsearkiv og helsearkivforskrifta ut på høyring. Norsk helsearkiv skal etablerast som ei ny ening innanfor det statlege Arkivverket. Eininga vil på same måte som andre einingar i Arkivverket, vere underlagt Riksarkivarens myndigheit til å styre og organisere verksemda. Eininga Norsk helsearkiv skal forvalte Helsearkivregisteret, som vil innehalde fysisk og digitalt arkivmateriale (arkivdepot) og eit register over avlevert materiale (bestandsopplysningar).

LLP sin høyringsuttale

Høyringsbrev

Høyringsnotat

Høyringsinstansar