Innkalling til landsmøte 2014 – med saksdokument

Landslaget for lokal- og privatarkiv kallar med dette inn til landsmøte, tysdag 18. mars kl 14.30. Møtet finn stad på Clarion Royal Christiania Hotel i Oslo.

Landsmøtet er offentleg, og me syner elles til LLP sine vedtekter.

 

Dagsorden med saksdokument

Forretningsorden

1. Val av møteleiar, referent og representantar til å underskrive protokollen.

2. Årsmelding. Saksdokument

3. Revidert rekneskap.

Saksdokument 1. Offentleg rekneskap
Saksdokument 2. Revisors beretning

4. Fastsetjing av kontingent. Saksdokument

5. Budsjett. Saksdokument

6. Handlingsplan. Saksdokument

7. Val av styre. Saksdokument

8. Val av valkomite på tre medlemer etter framlegg frå styret. Saksdokument

9. Framlegg fremja av medlemer eller av styret. Saksdokument

9.1. Framlegg frå Lokalhistorisk arkiv i Bergen. Framlegg om gradert medlemskap i LLP

Saksdokument 1
Saksdokument 2

9.2. Framlegg frå LLP sitt styre. Endring av § 8 Styret si samansetning og valprosedyre.

Saksdokument

 

 

 

Prosjekt om fylkeskommunal administrasjonshistorie er godt i gang

Ingrid Nestberg 002Den første fasa i LLP sitt prosjekt om fylkeskommunal administrasjonshistorie er no sluttført. Ved hjelp av midlar frå Kulturrådet har Ingrid Nøstberg, arkivar ved Vestfoldarkivet, vore engasjert i fire månader for å skrive og publisere artiklar på Wikipedia. 16 artiklar knytta til fagområdet vidaregåande opplæring er no tilgjengelege på Wikipedia, i tillegg til ein generell artikkel om fylkeskommunane si administrasjonshistorie. Artiklane kan søkjast opp ved å skrive «kategori: fylkeskommunal forvaltning» i søkefeltet i Wikipedia. Artiklane er og lenkja til kvarandre internt i Wikipedia.

Det er eit mål å publisere artiklar om fylkeskommunen sine øvrige saksområde, og LLP og prosjektgruppa arbeider aktivt for vidare finansiering. Det er difor svært gledeleg at LLP har motteke kr 75 000 frå Riksarkivaren for å kunne vidareføre dette arbeidet.

Prosjektgruppa består av Anne Aune (Hordaland fylkesarkiv), Snorre Øverbø (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane) og Ketil Jensen (Arkiv i Nordland). Ingrid Nøstberg byrjer i ny jobb i Riksarkivet og går med det ut av prosjektgruppa.

(Foto: Ingrid Nøstberg, Vestfoldarkivet. Fotograf: Mekonnen Wolday, Vestfoldmuseene IKS)

 

Artiklar på Wikipedia

 

 

Arkivdagen 2014

Navy Archives Personnel Bess Glenn,1942. U.S National ArchivesDen nordiske arkivdagen i november 2014 vil i år ikkje ha eit felles nasjonalt tema. Arkivinstitusjonane vert bedne om å finne eit eige tema og til å bruke dagen til å synleggjere arkiva si betydning i samfunnet og arkiva sitt innhald.

Under http://kulturradet.no/arkivdagen vil det etterkvart kome meir informasjon med felles logo for 2014 og oversikt over lokale arrangement. Alle vert bedne om å sende inn oversikt over eigne arrangement.

Arkivdagen 2015

For Arkivdagen 2015 er «Grenselaust» valt som eit felles nordisk tema. Institusjonane vert oppmoda til å slutte seg til dette og til å sende inn illustrasjonar og synspunkt til korleis temaet kan tolkast til http://kulturradet.no/arkivdagen

 

 

(Foto: Navy-Archives-Personnel-Bess-Glenn1942. U.S-National-Archives/Flickr Commons)