Elevmapper skal ikkje til Riksarkivet

Bilder.Bergenbyarkiv-296Dei siste dagar har fleire aviser, mellom anna Verdens Gang, Bergens Tidende og Dagsavisen skrive om elevmapper. Media har her meldt om forskriftsendringar som seier at elevmapper for framtida skal bevarast hjå Riksarkivet, noko som har danna grunnlag for misforståingar.

Endringane i regelverket for bevaring og kassasjon for kommunar og fylkeskommunar som media har omtalt, gjeld i dag eit forslag til forskriftsendringar som no er under utarbeiding av Riksarkivaren etter at det har vore ute på høyring. Eitt av forslaga frå Riksarkivaren gjeld å bevare utvald elevdokumentasjon som har verdi i lang tid. Det ligg ikkje føre eit forslag om at Riksarkivet skal bevare elevmapper pr. elev.

Det er framleis kommunane og kommunale depot som skal ha ansvaret for elevmapper. Desse skal ikkje overførast til Riksarkivet.

Riksarkivaren har i denne samanheng sendt ut ei pressemelding.

 

 

Workshop om veiledning i digital arkivdanning og arbeidet med langtidsbevaring event 07/12-2017
location_on Riksarkivet, Wergelandssalen, Folke Benadottes vei 21 , oslo
Privatarkivkonferansen 2018 event 12/03-2018 - 13/03-2018
location_on Radisson Blu Scandinavia Hotel (Holbergs plass)
message Privatarkivkonferanse 2018
Årsmøte 2018 for Arkivforbundet event 12/03-2018
location_on Radisson Blu Scandinavia Hotel (Holbergs plass)
message Årsmøte 2018
share