Røyster i arkiva – Arkivdagen 2013

Anna Rogstad 1905Har du tenkt på kva som gjøymer seg i norske arkiv? Lurer du på kva arkiv eigentleg er? – No får du mulegheiten til å finne ut av dette sjølv! 9. november opnar arkiv over heile Norden magasina for publikum. Omvisningar, seminar og føredrag skal gje folk flest betre innsyn i kva som gjøymer seg i arkiva og kva betydning dokumenta har for både fortida og framtida. Arkivdagen er arkivsektoren si årlege formidlingssatsing. Kvart år er det valt eit tema for arrangementet, og i 2013 er tema røyster. Det fleirtydige temaet femner om fleire av dei store jubilea i norsk samanheng. Både røysterettsjubileet og Ivar Aasen-jubileet er med, i tillegg til grunnlovsjubileet i 2014. Ved sida av dei nasjonale feiringane opnar Arkivdagen og for dei lokale røystene.

Sjå liste over arrangement:
Arkivdagen 2013

(Foto: Anna Rogstad – første kvinne på Stortinget i 1911. Kjelde: Stortinget/Flickr Commons).
Fagdag om lyd – Opplandsarkivet event 20/11-2017
location_on Valdres folkemuseum, Fagernes
message Fagdag der tema er "lyd"
Styremøte i Arkivforbundet event 22/11-2017 - 23/11-2017
location_on Oslo byarkiv, Maridalsveien 3
message Siste styremøte for Arkivforbundet i 2017
Privatarkivkonferansen 2018 event 12/03-2018 - 13/03-2018
location_on Radisson Blu Scandinavia Hotel (Holbergs plass)
message Privatarkivkonferanse 2018
share