LLP deltek i høyringar hjå Stortinget sin Familie- og kulturkomite

Storthinget 1890-1900Regjeringa Stoltenberg II la 27. september fram si tilråding til statsbudsjett for 2014. I samband med budsjetthandsaminga arrangerar stortingskomiteane høyringar. LLP har bede om å få delta i desse hjå Stortinget sin Familie- og kulturkomite.

LLP har fått tid hjå komiteen måndag 11. november kl 19.35. Nestleiar Tom Oddby og leiar for LLP sin privatarkivseksjon, Cecilie Lintoft, vil kommentere budsjettforslaget for komitemedlemene.

Høyringane er opne for presse og publikum og vil finne stad i Stortingets komitehus i Akersgt. 18. Det er og høve til å følgje høyringane direkte på Stortinget sitt nettfjernsyn.

Stortinget sin familie- og kulturkomite er leia av Svein Harberg (H). Dei øvrige medlemene er Ib Thomsen (Frp), Mette Tønder (H), Rigmor Aasrud (A), Hege Haukeland Liadal (A), Geir Jørgen Bekkevold (Krf), Arild Grande (A), Morten Stordalen (Frp), Kårstein Eidem Løvaas (H) og Sonja Mandt (A).

Høyringsprogram 11. november – Stortinget sin Familie- og kulturkomite
Høyringsprogram 12. november – Stortinget sin Familie- og kulturkomite
Stortinget sitt nettfjernsyn
Statsbudsjettet, Programkategori 8.20 Kulturformål (Kap 320-329)

(Foto: Storthinget, Christiania, ca 1890-1900. Photocrom. Kjelde: Library of Congress/Flickr Commons).


 

 

 

Workshop om veiledning i digital arkivdanning og arbeidet med langtidsbevaring event 07/12-2017
location_on Riksarkivet, Wergelandssalen, Folke Benadottes vei 21 , oslo
Privatarkivkonferansen 2018 event 12/03-2018 - 13/03-2018
location_on Radisson Blu Scandinavia Hotel (Holbergs plass)
message Privatarkivkonferanse 2018
Årsmøte 2018 for Arkivforbundet event 12/03-2018
location_on Radisson Blu Scandinavia Hotel (Holbergs plass)
message Årsmøte 2018
share