Riksarkivet arrangerar SAMDOK-konferanse 3. – 4. desember

Riksarkivaren starta i januar 2013 opp arbeidet med oppfølgjing av arkivmeldinga, eit prosjekt som har fått namnet SAMDOK (samla samfunnsdokumentasjon). SAMDOK er delt inn i tre delprosjekt, eitt for kvart satsingsområde; kommunale arkiv, privatarkiv og arkiv i e-forvalting.

3. – 4. desember arrangerast det SAMDOK-konferanse på Thon Hotel Oslo Airport Gardermoen.

Årets tema er arkiv i e-forvaltning. Ved hjelp av føredragshaldarar frå inn- og utland vil det presenterast eit breitt bilete av kva som rører seg på feltet. Tysdag 3. desember vil det handle om dei overordna tema, medan onsdag 4. desember skal det gjennom tre parallellsesjonar bli teke føre seg meir praktiske tilnærmingar og konkrete vinklingar.

Program til SAMDOK-konferansen 2013

Påmelding

SAMDOK-prosjektet

Prosjekt om fylkeskommunal administrasjonshistorie har starta opp

Nordland skole, Kristiansund. Fotograf Williams. Kjelde Flickr Commons. RiksarkivetLLP sitt prosjekt om fylkeskommunal administrasjonshistorie har no starta opp. Ingrid Nøstberg har fire månaders permisjon frå sin jobb som arkivar ved Vestfoldarkivet for å arbeide med prosjektet på heiltid. Målsetninga for denne perioden er å skrive og publisere artiklar om fylkeskommunane sitt engasjement på skulesektoren på Wikipedia, i tillegg til ein generell artikkel om fylkeskommunane si utvikling.

Prosjektet er finansiert med midlar frå Kulturrådet, og det er ein god start for å kunne nå hovudmålet – ei komplett handbok om fylkeskommunene si administrasjonshistorie. Dette føreligg for kommunane og staten sin del, men ikkje for fylkeskommunane, noko som er eit sakn for både arkivinstitusjonar, forvaltninga sjølv og andre historisk interesserte.

LLP vil halde fram å arbeide for ei vidare finansiering av prosjektet. Prosjektgruppa består av Anne Aune (Hordaland fylkesarkiv), Snorre Øverbø (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane), Ketil Jensen (Arkiv i Nordland) og Ingrid Nøstberg (Vestfoldarkivet).

(Foto: Nordlandet skole, Kristiansund, 1951. Kjelde: Flickr Commons/Riksarkivet. Fotograf Williams)

 

Sterk bekymring for endringar i støtteordninga for privatarkiv

Bilder.Bergenbyarkiv 226Frå 2014 er det ikkje lenger høve for arkivinstitusjonar å søkje prosjektmidlar frå støtteordninga for privatarkiv. Støtteordninga vart oppretta i 2010, gjennom ABM-utvikling og seinare gjennom Kulturrådet, som eit tiltak grunna i behovet for ein meir heilskapeleg samfunnsdokumentasjon der ein ser arbeidet med private og offentlege arkiv meir i samanheng, og der både arkivinstitusjonar og museum kunne søkje om prosjektmidlar. I stortingsmeldinga for arkiv som kom i november 2012 vart det lagt føringar for at ordninga for framtida skulle gjelde for musea, og frå 2014 er dette ein realitet.

LLP er svært bekymra for at arkivinstitusjonar ikkje lenger kan søkje på desse og har no teke kontakt med Riksarkivaren og med Stortingets Familie- og kulturkomite for å uttrykke denne og for å be om at det vert sikra tilsvarande prosjektmidlar for arkivinstitusjonane i framtida.

Les e-post til Riksarkivaren
Les e-post til Stortingets Familie- og kulturkomite

Kommunearkivinstitusjonane uttrykkjer og si bekymring.

Uttalen frå dei seier:

Lederne for de kommunale arkivinstitusjonene i Norge har tidligere kommentert stortingsmeldingen om arkiv. I det kommunale arkivmiljøet er det generelt sett stor misnøye med innholdet i meldingen, men det er positivt at Riksarkivaren nå har nedsatt flere arbeidsgrupper som skal jobbe med ulike temaer innenfor både privatarkiver, arkivdanning og elektroniske arkiver.  

Mange kommunale arkivinstitusjoner jobber med bevaring og formidling av privatarkiver. Det er derfor bekymringsfullt at arkivinstitusjonene nå ikke lenger har mulighet til å søke om midler via støtteordninger for privatarkiver, en bekymring også Riksarkivaren deler. Da denne støtteordningen ble innført i 2010 var det etter lang kamp, og der LLP hadde jobbet hardt for å få på plass en slik støtteordning. De kommunale arkivinstitusjonene støtter LLP fullt ut i arbeidet med å synliggjøre disse utfordringene, og anser det som svært viktig for privatarkivarbeidet i Norge at denne støtteordningen fortsetter å gjelde også for arkivinstitusjoner.

LLP vil halde sine medlemer oppdatert om det vidare arbeidet i denne saka.