Nordisk arkivformidlingskonferanse 2013

Nordisk kvinnekongress 1902. Fotograf Severin Worm Petersen. Kjelde. Nasjonalbiblioteket - Flickr CommonsLandslaget for lokal- og privatarkiv, Norsk Kulturråd og Riksarkivaren i samarbeid med ein nordisk fagkomité arrangerar ein nordisk arkivformidlingskonferanse på møtesenteret KS agenda i Oslo.

Konferansen finn stad 24. – 25. oktober.

Me ønskjer å gjere opp status for arkivformidlingsfeltet i Norden. Kva har me oppnådd? Kvar går vegen vidare? Kva er dei viktigaste trendane, tendensane og plattformene? Kva er forventa av oss som samfunnsinstitusjonar, og kva slags samfunnsrolle meiner me sjølve at arkivinstitusjonane bør ha? Konferansen vil knytte an til følgjande tema:

• Digitale tjenester og digital formidling
• Arkivet som ressurs for kulturelle og kreative næringar og for regional utvikling?
• Arkivet som besøksmål og fysisk rom i ein digital tidsalder
• Medverknad og sosial inkludering

Ein del av innlegga på konferansen vil kunne gå inn i ein planlagt antologi om arkivformidling.

Informasjon om påmelding og pris vil kome.

«Mellom barken og veden, eller von i hengande snøre?» – av Karin Gjelsten

Karin GjelstenLLP arrangerte 3.- 4. juni privatarkivkonferanse i Sandefjord, i samarbeid med Kulturrådet og Riksarkivaren. Styreleiar Karin Gjelsten var invitert til å halde innlegg om LLP si rolle som pådrivar for å få etablert ordninga og om LLP si rolle, vurdering og vidare utvikling av støtteordninga for privatarkiv.

Her kan du lese innlegget hennar:

Mellom barken og veden, eller von i hengande snøre?

Arkivmeldinga: LLP inn i SAMDOK-prosjektet sine arbeidsgrupper

Riksarkivaren starta i januar 2013 opp arbeidet med oppfølgjing av arkivmeldinga, eit prosjekt som har fått namnet SAMDOK (samla samfunnsdokumentasjon). SAMDOK er delt inn i tre delprosjekt, eitt for kvart satsingsområde; kommunale arkiv, privatarkiv og arkiv i e-forvalting.

LLP har tidlegare delteke på dialogmøter om oppfølgjing av meldinga, og det skal no etablerast arbeidsgrupper for kvart av dei tre satsingsområda i prosjektet. LLP har fått invitasjon til å vere representert i strategigruppe for privatarkiv og i strategigruppe for arkiv i e-forvalting.

I arbeidsgruppene vert det deltakarar frå Arkivverket sine eigne rekkjer og frå sentrale aktørar som KS, KAI-miljøa, Norsk Arkivråd, Kulturrådet og LLP med fleire.

LLP sine representantar:

Strategigruppe for privatarkiv: Cecilie Lintoft – Oslo byarkiv.
Strategigruppe for arkiv i e-forvaltng: Ole Martin Rønning – Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.

Peikar til nettstad for SAMDOK-prosjektet:
SAMDOK- samla samfunnsdokumentasjon

LLP si uttale til Kulturutgreiinga 2014

NOU 2013: 4 – Kulturutgreiinga 2014 som vart levert til regjeringa 4. mars har vore på høyring fram til 1. juli.

Kulturutgreiinga 2014 vart sett ned av regjeringa for å greie ut utviklinga i norsk kulturpolitikk etter 2005, og gje ei vurdering av dei viktigaste utfordringane kulturpolitikken står ovanfor i åra som kjem.

Utvalet har vore leia av Anne Enger.

LLP har levert høyringsuttale til utgreiinga.

LLP si uttale til NOU 2013:4 Kulturutgreiinga 2014

Høyringsdokument (Kulturdepartementet)