Sekretariatet held stengt i juni månad

State Library and Archives of Florida.Flickr commonsPå grunn av ferieavvikling held LLP sitt sekretariat stengt mellom 31. mai og 30. juni. E-post vert lest sporadisk, men me kan diverre ikkje garantere svar før ved inngangen til juli månad.

Dersom det gjeld hastesaker kan ein kontakte Karin Gjelsten på e-post: Karin.Gjelsten@Bergen.Kommune.no, eller på tlf: 481 11 723.

Me ynskjer alle våre medlemer og samarbeidspartnarar ein retteleg god sommar!

 

 

Samarbeidsmøte om eForvalting og arkivdanning

Etter invitasjon frå Riksarkivaren deltok LLP torsdag 2. mai i samarbeidsmøte om e-forvalting og arkivdanning. Styreleiar Karin Gjelsten og styremedlem Cecilie Lintoft representerte LLP, og møtte saman med representantar for Norsk Arkivråd, KS-faggruppe for dokumentasjon og arkiv og Departementenes arkivledergruppe.

Bakgrunnen for samarbeidsmøtet er Riksarkivet si oppfølgjing av arkivmeldinga, eit arbeid som skal koordinerast innan satsinga SAMDOK – samla samfunnsdokumentasjon. Prosjektet skal ha tre fokusområde: kommunale arkiv, privatarkiv og arkiv i e-forvalting.

Møtet 2. mai omhandla e-forvalting og arkivdanning og dei inviterte fekk som utgangspunkt for diskusjonen halde presentasjonar om sitt syn på kva som er dei viktigaste utfordringane innan dette feltet.

LLP sin presentasjon kan du lese her:
LLP sitt innlegg på samarbeidsmøte om eForvaltning og arkivdanning

Riksarkivet sin SAMDOK-blogg

Kulturutvekslingsprogrammet med Polen lyser ut 30,5 millionar kr

Vil du samarbeide med ein polsk kulturaktør? No er det mogleg å søkje om støtte frå kulturutvekslingsprogrammet med Polen.

No er den andre utlysinga for tildeling frå programmet klar, og ein kan begynne å førebu søknadar. Det er polske aktørar som kan søkje om midlar, men dei må samarbeide med minst ein partnar fra Noreg, Island eller Liechtenstein. Og prosjekta kan gjerne initierast frå Noreg.

Les meir på Kulturrådet sine nettsider:
Ny utlysing i Polen

24. mai arrangerar Kulturrådet eit partnerskapsseminar i Warszawa, der norske kulturaktørar kan bli kjende med polske kulturaktørar. Seminaret er gratis, men deltakarar må sjølve dekke reise og opphald. Frist for å søkje er 16. mai 2013.

Les meir på Kulturrådet sine nettsider:
Matchmaking-seminar i Polen 24. mai