LLP tilbyr no personlege medlemskap

Landsmøtet til LLP vedtok fredag 19. april einstemmig å føreta ei vedtektsendring slik at  alle som har interesse for arkiv og som ynskjer å støtte LLP sitt arbeid no kan melde seg inn i LLP som einskildmedlem.

Vedtektene har tidlegare sagt at berre personar som er fagleg tilsett ved institusjonar som er fullt medlem av LLP eller andre som av fagleg oppnemning eller av yrke handsamar saker med tilknytning til arkivsektoren kan vere medlem.

Eit medlemskap for einskildpersonar kostar kr 200 pr. år og personlege medlemer kan og veljast til verv i LLP.

LLP sitt styre skal formelt godkjenne alle søknader om medlemskap.

Innmelding:
e-post: postmottak@llp.no
Tlf: 976 49 262

Ta gjerne kontakt med LLP sitt sekretariat for ein uforpliktande samtale dersom du ynskjer meir informasjon om LLP sitt arbeid.

 

Om LLP

Bli medlem

 

 

 

 

Workshop om veiledning i digital arkivdanning og arbeidet med langtidsbevaring event 07/12-2017
location_on Riksarkivet, Wergelandssalen, Folke Benadottes vei 21 , oslo
Privatarkivkonferansen 2018 event 12/03-2018 - 13/03-2018
location_on Radisson Blu Scandinavia Hotel (Holbergs plass)
message Privatarkivkonferanse 2018
Årsmøte 2018 for Arkivforbundet event 12/03-2018
location_on Radisson Blu Scandinavia Hotel (Holbergs plass)
message Årsmøte 2018
share