LLP sitt styre for komande periode

Landsmøtet i LLP gjekk fredag 19. april einstemmig inn for valkomiteens innstilling til styre for komande periode. Karin Gjelsten ved Bergen Byarkiv er gjenvald som styreleiar for perioden 2013-2015. Det er styret i LLP som vel nestleiar. Konstituerande styremøte skal haldast i Oslo 22. mai.

LLP sitt styre

Karin Gjelsten. Styreleiar. 2013-2015
Bergen Byarkiv
Tlf: 55 56 61 84/48 11 17 23
Karin.Gjelsten@bergen.kommune.no

Tom Oddby. 2013-2015
Drammen Byarkiv
Tlf: 32 04 66 99/92 04 56 12
tomodd@drmk.no

Tor Ingve Johannessen. 2012-2014
Interkommunalt Arkiv i Rogaland IKS
Tlf: 51 50 12 80/91 68 57 03
tor.johannessen@ikarogaland.no

Mads Langnes. 2012-2014
Romsdalsmuseet
Tlf: 71 20 24 66/95 12 90 67
mads@romsdalsmuseet.no

Cecilie Lintoft. 2012-2014
Oslo byarkiv
Tlf: 23 46 03 49/90 47 53 28
cecilie.lintoft@kul.oslo.kommune.no

Ole Martin Rønning. 2013-2015
Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Tlf: 95 45 60 79
ole.martin.ronning@arbark.no

Turid Holen. 2013-2015
Interkommunalt Arkiv i Vest-Agder IKS
Tlf: 38 14 55 93/92 82 19 45
holen@ikava.va.no

Vararepresentantar

1. vara: Marion Sørensen. 2013-2015
IKA Finnmark
marion@ikaf.no

2. vara: Berit Stie. 2012-2014
Aust Agder kulturhistoriske senter.
Tlf: 37 07 35 25
Berit.Stie@aaks.no

LLP lyser ut stipend på kr. 30 000

LLP har gleda av å lyse ut stipend for 2013 på kr 30 000, med søknadsfrist 1. august 2013.

Både enkeltpersonar og institusjonar kan søke, og føremålet med stipendordninga er at dette skal gå til arkivfagleg vidareutvikling, studieturar, eller til utarbeiding av faglege artiklar og litteratur.

LLP sitt styre har utarbeidd statuttar for stipendordninga. Søknaden må fylle vilkåra for dei rammene som er teikna opp i desse.

Søknad kan sendast til e-post: postmottak@llp.no

eller pr. post:

Landslaget for lokal- og privatarkiv
c/o Bergen Byarkiv, pb 7700
5020 Bergen

Spørsmål kan rettast til LLP sitt sekretariat på tlf 97 649 262

Statuttar for stipendordninga

Føremål
Tilskotsordninga skal bidra til å heve kunnskap om statlege, kommunale, fylkeskommunale og private arkivinstitusjonar og deira arbeid med, og bruk av arkiv

Virkeområde
Tilskotsordninga er eit tilbod til LLP sine medlemer. Det er ein føresetnad at det føreligg økonomiske midlar løyva av styret.

Vilkår for tilskot
Tilskot kan løyvast til tiltak som har ein kvalitet som bidreg til å fremje føremålet med ordninga.

Ved tildeling av tilskot vert det lagt vekt på at tiltaket har høg arkivfagleg ambisjon og kvalitet.

Det vert ikkje løyva tilskot til:

a) dekning av underskot for tiltak som allereie har funne stad.
b) tiltak som har funne stad før søknaden sendast inn.
c) ordinær drift av institusjonar, organisasjonar eller anna verksemd.

Kunngjering og søknadsfrist
Tilskotsordninga vert kunngjort på LLP sine nettsider

Søknadsfrist vert kunngjort på LLP sine nettsider.

Krav til søknaden
Søknaden skal vere skriftleg og underteikna av den som søkjer eller den som har løyve til å forplikte vedkomande søkjar.

Søknaden skal innehalde fylgjande:

a) skildring av tiltaket det vert søkt om støtte til, herunder føremål, stad og dato/periode for gjennomføringa.
b) informasjon om føremålet.
c) oversyn over medverkande.
d) spesifikasjon over andre mottekne tilskot dersom søkjar eller andre medverkande har motteke slik støtte.
e) budsjett med finansieringsplan.

Handsaming av søknader
Tilskot løyvast ut frå ei skjønnsmessig vurdering basert på føremålet med og kriteriar for tildelinga nemnd ovanfor. Ved vurderinga skal det mellom anna vektleggjast fagleg nivå og utbytte.

Rapport og rekneskap
Prosjektrapport skal sendast inn seinast seks -6- veker etter at tiltaket er avslutta.

LLP stiller seg berettiga til å gjere rapporten tilgjengeleg på LLP sine nettsider.

Fråfall av tilskot og krav om tilbakebetaling
Om tildeling av tilskot byggjer på uriktige opplysningar frå søkjar, eller tilskotet -eller delar av det- ikkje er nytta etter føresetnadane, herunder at fastsette vilkår ikkje er oppfyllt, fell tilskot som ikkje er utbetalt vekk og utbetalt tilskot kan krevast tilbake. Det same gjeld om tilskotsmottakar ikkje har levert rekneskap og rapport innan fastsett frist, eller om rekneskapet ikkje vert funne tilfredsstillande.

Sakshandsaming og klagemulegheitar
Vedtak om tilskot og avslag på søknader kan ikkje påklagast.

LLP tilbyr no personlege medlemskap

Landsmøtet til LLP vedtok fredag 19. april einstemmig å føreta ei vedtektsendring slik at  alle som har interesse for arkiv og som ynskjer å støtte LLP sitt arbeid no kan melde seg inn i LLP som einskildmedlem.

Vedtektene har tidlegare sagt at berre personar som er fagleg tilsett ved institusjonar som er fullt medlem av LLP eller andre som av fagleg oppnemning eller av yrke handsamar saker med tilknytning til arkivsektoren kan vere medlem.

Eit medlemskap for einskildpersonar kostar kr 200 pr. år og personlege medlemer kan og veljast til verv i LLP.

LLP sitt styre skal formelt godkjenne alle søknader om medlemskap.

Innmelding:
e-post: postmottak@llp.no
Tlf: 976 49 262

Ta gjerne kontakt med LLP sitt sekretariat for ein uforpliktande samtale dersom du ynskjer meir informasjon om LLP sitt arbeid.

 

Om LLP

Bli medlem

 

 

 

 

Stortinget handsamar arkivmeldinga

Stortingsmeldinga om arkiv vert handsama av Stortinget i dag, torsdag 4. april kl 10.00. Arkivmeldinga er første sak på dagsorden, og det er høve til å følgje denne direkte frå Stortinget sitt nettfjernsyn.

Meldinga vart fremja i statsråd 9. november 2012, og har vore til handsaming i Stortinget sin familie- og kulturkomite fram til 14. mars, då komiteen sende si innstilling til Stortinget. LLP la fram si tilråding til komiteen i høyring 22. januar.

Opposisjonen i komiteen, Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, har kritisert meldinga for å vere ei melding som har ei altfor smal tilnærming til arkivfeltet, som prioriterar å handsame det statlege Arkivverket framfor det heilskapelege arkivlandskapet, og som i for låg grad peikar framover og gjev sats til naudsynt politikkutvikling.

Gunn Karin Gjul (Arbeidarpartiet) har leia komiteen og Olemic Thommesen (Høgre) har vore saksordførar.

Peikarar:

Stortinget sitt nettfjernsyn (møtetype Stortingsmøte)
Innstilling 243 S (2012-2013)
Melding St. 7 (2012-2013) Arkiv
LLP sitt framlegg for Stortinget sin familie- og kulturkomite