«Stemmer» er tema for Arkivdagen 2013

Tema for Arkivdagen 2013 i november er «Stemmer». Eit ope tema, men likevel sjølvsagt i eit år der me feirar både stemmeretten og det norske språkmangfaldet.

Arkiva dokumenterer ikkje berre stemmerett og kampen for denne, men inneheld millionar av stemmer frå fortida. Alle desse stemmene representerar eit språk. Korleis ein heile tida har nytta språket og uttrykt seg, er arkiva særs gode kjelder for å kasta lys over.

Det er berre fantasien som set grenser for kva innfallsvinklar små og store arkiv kan nytte.

Me oppmodar om å følgje med på Arkivdagen sine nettsider www.arkivdagen.no

Me ønskjer lukke til med arkivdagen i november.

 

AU-møte i Arkivforbundet event 31/05-2018
location_on Kontoret til Arkivforbundet
message Arbeidsutvalgsmøte mellom styreleder, styrenestleder og generalsekretær
Styremøte i Arkivforbundet event 05/06-2018
location_on Oslo byarkiv, Maridalsveien 3
message Første ordinære styremøte etter landsmøte
share