Det 6. norske arkivmøte – Program og påmelding

Programmet for Det 6. norske arkivmøte i Ålesund 17.-19. april 2013, er no klart. Det er og ope for påmelding til konferansen.

LLP sitt landsmøte vil finne stad under konferansen, fredag 19. april kl 9.00

Fagleg program

Påmeldingsskjema

Dei norske arkivmøta finn stad annakvart år for alle arkivtilsette og arkivinteresserte i Noreg. Arrangementet er eit samarbeid mellom Riksarkivaren, Norsk Kulturråd, Landslaget for lokal- og privatarkiv og Norsk Arkivråd.

Stiftelsen Asta – LLP sine representantar 2013 – 2014

Stiftelsen Asta vart oppretta av LLP i 1995 i samarbeid med Riksarkivaren og har som føremål å fremje standardisering, kvalitetssikring og tilgjengeleggjering av informasjon om arkivbestanden i offentlege og private verksemder. Dette skjer gjennom informasjonssystemet Asta og ved å levere konsulenttenester innan praktisk arkivarbeid. Stiftinga har og forvaltningsansvaret for Arkivportalen.no

Sjå nettsider: Stiftelsen Asta

Styret og styringsgruppa består av representantar frå LLP og Riksarkivet med to styrerepresentantar, to vararepresentantar og tre medlemer i styringsgruppa kvar. Leiarvervet vekslar annakvart år, og i 2013 er det Riksarkivet som har leiarvervet.

LLP sine representantar for perioden 2013 – 2014

Asta styre:
Terje Haram – Bergen Byarkiv
Wenche Risdal Lund – IKA Kongsberg
Vararepresentantar:
Karianne Schmidt Vindenes – Vestfoldarkivet
Arnt Ola Fidjestøl – IKA Møre og Romsdal
Asta styringsgruppe:
Snorre Dag Øverbø – Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Arne Skivenes – Bergen Byarkiv
Kariannne Schmidt Vindenes – Vestfoldarkivet

 

 

Kulturrådet løyver tre millionar kr til privatarkiv

Kulturrådet delte fredag 25. januar ut løyvingar frå støtteordninga for privatarkiv. 21 av 31 søkjarar fekk løyvd til saman 3 millionar kroner, og mottakarane representerar stor geografisk og tematisk variasjon.

Sjå liste over tildelingar på Kulturrådet sine nettsider:

Tildelingar – Støtteordning for privatarkiv

Støtteordninga for privatarkiv er grunna i behovet for ein meir heilskapeleg samfunnsdokumentasjon og i behovet for digital tilgjengelegheit til eit breidt utval av arkiv. Ordninga har gjeve særs gode resultat og har gjort det mogeleg å bevare arkiv etter ei rekkje bedrifter og organisasjonar som med stort sannsyn elles ville ha gått tapt.

11 av dei 21 prosjekta som fekk løyvingar i årets tildeling skal driftast av arkivinstitusjonar. Stortingsmeldinga om arkiv som vart lagt fram 9. november 2012 har gjeve sterke signal om at støtteordninga for privatarkiv i framtida skal rettast inn mot museumssektoren. Denne skal handsamast av Stortinget våren 2013.

 

 

 

Kulturrådet løyver 250 000 kr til LLP-prosjekt

Kulturrådet delte fredag 25. januar ut utviklingsmidlar til arkiv og museum. Føremålet med ordninga er at arkiv og museum skal vere aktuelle samfunnsinstitusjonar, og løyvingar til samarbeids- og utviklingstiltak er eit viktig reiskap for å nå desse måla.

Ein føresetnad for å få støtte er at løyvingane går til prosjekt som har overføringsverdi til større grupper av institusjonar eller heile sektoren, med utgangspunkt i samarbeid mellom fleire institusjonar, samarbeid med forskingsmiljø, regionale samarbeidstiltak eller utvikling av faglege nettverk.

Det er med stor glede at LLP har motteke nyheiten om at Kulturrådet i søknadsrunden har funne høve til å løyve kr 250 000 kr til prosjektet ‘Fylkeskommunal administrasjonshistorie og arkivkunnskap’.

Prosjektet tek sikte på å utarbeide ei forskingsbasert framstilling av fylkeskommunal administrasjonshistorie og arkivkunnskap frå 1838 til 2010. I første omgang skal det publiserast artiklar om emnet på Wikipedia og LokalhistorieWiki. Artiklane vil bli ei viktig kunnskapskjelde for folk i dag om fylkeskommunane si administrasjonshistorie.

For meir informasjon om prosjektet kan du følgje peikaren;

Fylkeskommunal administrasjonshistorie og arkivkunnskap

Arkivmeldinga – LLP sitt innlegg for Stortinget sin familie- og kulturkomite

LLP deltok tysdag 22. januar i komitehøyringar hjå Stortinget sin familie- og kulturkomite vedkomande stortingsmeldinga om arkiv. Komiteen er sakshandsamar for arkivmeldinga og skal legge fram si innstilling for Stortinget komande vår.

Styreleiar Karin Gjelsten og tidlegare styreleiar Ellen Røsjø møtte komiteen på vegne av LLP. Komiteen fekk utdelt eit skriftleg dokument til vidare sakshandsaming og Ellen Røsjø haldt munnleg innlegg for komiteen. Det var sett av 10 minutt til innlegget.

Tilsaman 8 organisasjonar haldt innlegg for komiteen. Det er høve til å sjå alle innlegga på Stortinget sitt nettfjernsyn. LLP sitt innlegg startar 24 min og 45 sek inne i opptaket.

Sjå opptak:
Stortinget sitt videoarkiv – Open høyring 22. januar

Les LLP sine innlegg for komiteen:
Skriftleg innlegg – Open høyring 22. januar 2013

 

 

6 NA – Føreslå kandidatar til arkivmøtet sin formidlingspris

Det 6. norske arkivmøte vert i år arrangert i Ålesund 17. – 19. april.

Arrangementskomiteen har i år beslutta å dele ut ein formidlingspris, og vonar dette vert ei fast hending på arkivmøta som finn stad annakvart år. Det er arrangementskomiteen som er jury, og prisen er ein kunstgjenstand.

Alle som ynskjer det, kan føreslå kandidatar til prisen. Kriteriet er at det må vere eit formidlingsprosjekt som er presentert etter sist arkivmøte i 2011. Vinnaren vil bli oppmoda til å presentere sine formidlingsresultat under arkivmøtet.

Frist for innsending av forslag er 31. januar 2013 og må innehalde ei skildring av formidlingsresultata, og ei begrunning for at kandidaten bør tildelast formidlingsprisen.

Forslag kan sendast på e-post til: nica@arkivverket.no

Les meir på 6NA sine nettsider:

Det 6. norske arkivmøte