Høyringssvar – nye bevarings- og kassasjonsreglar for kommunar og fylkeskommunar

Riksarkivaren sende i slutten av juni 2012 forslag til nye bevarings- og kassasjonsbestemmelsar for kommunar og fylkeskommunar ut på høyring. LLP er ein av høyringsinstansane og har no levert sitt høyringssvar.

Dette kan du lese her:

LLP – høyringssvar vedkomande nye bevarings- og kassasjonsbestemmelsar

Høyringsdokument:

Høyringsnotat frå Riksarkivaren

Riksarkivaren sitt utkast til nytt regelverk

 

 

 

 

 

Arkivmeldinga – LLP ber om referansedokument frå medlemer

LLP arrangerte 13. desember medlemsmøte om stortingsmeldinga om arkiv, som vart lagt fram av Kulturdepartementet 9. november.

Me takkar for alle innspel. Me har motteke viktige innspel frå heile breidda av fagmiljøet. På  medlemsmøtet deltok representantar for byarkiv, fylkesarkiv, museum, ein privatarkivinstitusjon og kommunarkivinstitusjonanes digitale ressurssenter. I tillegg har me fått fleire skriftlege innspel frå representantar frå byarkiv, museum og interkommunale arkivinstitusjonar.

Ein av konklusjonane frå medlemsmøtet er at arkivinstitusjonar utanfor Arkivverket er lite synlege i meldinga. Dette misforholdet ynskjer LLP å bidra til å jamne ut.

Nokre viktige punkt:

  • LLP merker seg at dette er ei arkivmelding for statleg sektor
  • LLP beklager at arkivmeldinga ikkje har fokus på aktivitetar som skjer ved dei kommunale arkivinstitusjonane, at meldinga stort sett brukar døme  frå arkivverket, og at byarkiva ikkje er synlege i forhold til statistikk
  • LLP meiner at arkivmeldinga ikkje har vyer for organisering av arkivfeltet og ikkje signaliserar tiltak for å styrke dei kommunale depotinstitusjonane
  • LLP ser med bekymring på at arkiv ved musea skal handsamast som ein del av musea, og ikkje som ein del av det totale arkivmiljøet
  • LLP reknar med at dei auka løyvingane til privatarkiv som kulturmeldinga og ABM-meldinga omtalte står ved lag, men stiller spørsmål ved kvifor det ikkje står noko om dette i arkivmeldinga
  • LLP er bekymra for dei private og kommunale arkivskaparane sine mulegheiter for å sikre digitalt materiale
  • LLP ser med glede at private leverandører av offentlige tenester for framtida skal følge arkivlov og arkivforskrift

I løpet av januar/februar skal LLP møte familie- og kulturkomiteen på stortinget for å drøfte meldinga i forkant av at meldinga skal handsamast av denne i løpet av våren.

Me vil difor be våre medlemer om å sende oss eit skriv på inntil ei side som kan bidra til å utfylle hovudpunkta av det som de meiner meldinga manglar med utgangspunkt i dykkar organisasjon/institusjon, – og det som de ser på som dei viktige utfordringane for dykkar verksemd. Det er ynskjeleg at skrivet startar med ei kort skildring av verksemda.

Desse vil nyttast som referansemateriale for det dokumentet som LLP skal utarbeide til komiteen og til departementet. Det er såleis av stor betydning at så mange som muleg av medlemene våre bedreg med eit slikt skriv.

Frist er sett til 15. januar 2013 og kan sendast til e-post: postmottak@llp.no

Opposisjonen ber om opptrapping av støtteordninga for privatarkiv

Familie- og kulturkomiteen på Stortinget har no levert si innstilling vedkomande regjeringa sitt forslag til statsbudsjett 2013.

LLP merker seg særleg at opposisjonen, beståande av Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti har sett behovet for betre rammer for privatarkiva. I innstillinga ber dei om større merksemd til ikkje-statleg arkivsektor og ei opptrapping av støtteordninga for privatarkiv. Komitemedlemene uttrykkjer bekymring for at viktig arkivmateriale frå privat sektor står i fare for å gå tapt.

I innstillinga heiter det:

«Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at de store utfordringene som ligger i de private arkivene. Mye viktig arkivmateriale er i ferd med å forvitre og enkelte typer dokumentasjon, eksempelvis private bedrifters arkiver, blir kassert etter at tiden for lagringsplikten i iht. regnskapsloven er tilbakelagt.»

Vidare ber dei om ei opptrapping av støtteordninga for privatarkiv:

«Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti vil minne om at arkivfeltet er mer enn de statlige arkivene. Disse medlemmer etterlyser rammer som kan bedre vilkårene for privat- og lokalarkivene, og disse medlemmer peker i den forbindelse på behovet for en opptrapping av støtteordningen for privatarkiv.»

LLP deltok 18. oktober i budsjetthøyringar hjå komiteen der me leverte vår uttale vedkomande budsjettforslaget og uttrykte nettopp behovet for ein heilskapeleg arkivpolitikk som også femnar om ikkje-statleg arkivsektor. LLP bad om ei monaleg auke i støtteordninga for privatarkiv til minst 15-20 millionar kr pr år.

Innstillinga frå komiteen kom berre nokre få veker etter at Kulturdepartementet la fram den første Stortingsmeldinga om arkiv. I dag vert støtteordninga for privatarkiv forvalta av Norsk Kulturråd med eit rammeverk på kr 2 millionar pr år. I arkivmeldinga vert det tilrådd at støtteordninga for privatarkiv skal innskrenkast til å gjelde berre arkiv i musea og at det statlege Arkivverket skal overta store delar av utviklingsansvaret for arbeid med sikring og bevaring av privatarkiv. I komitehøyringane 18. oktober understreka LLP viktigheita av at ansvaret for utviklingsoppgåvene på arkivfeltet held fram å ligge hjå Norsk Kulturråd.

Heile innstillinga frå Familie- og kulturkomiteen kan du lese her:
Innst. 14 (2012-2013)(Midlertidig)

Knytta til denne saka:
LLP i budsjetthøyring hjå Stortinget sin Familie- og kulturkomite
Arkivmeldinga er lagt fram

 

LLP held medlemsmøte om arkivmeldinga

LLP har invitert alle medlemer til eit medlemsmøte 13. desember der temaet er stortingsmeldinga om arkiv som vart lagt fram 9. november.

Bakgrunnen for møtet er at LLP ynskjer å få flest mogeleg av medlemene med på ein diskusjon om meldinga og for å få innspel til det vidare arbeidet med handsaminga av innhaldet i denne.

Møtet finn stad i Bergen Byarkiv sine lokale i Bergen.

 

Knytt til denne saka:
Arkivorganisasjonane held fellesmøte om arkivmeldinga
Arkivmeldinga er lagt fram