Arkivorganisasjonane held fellesmøte om arkivmeldinga

Måndag 19. november held LLP saman med dei andre arkivorganisasjonane møte om arkivmeldinga som vart lagt fram 9. november. Føremålet med møtet er å saman kome fram til ein strategi for vidare oppfylgjing av meldinga.

LLP vil gjerne ha innspel frå medlemer. Desse kan sendast på e-post til postmottak@llp.no

LLP vil og snarleg kome med ei uttale i samband med meldinga.

Arkivmeldinga vert lagt fram

Den lenge varsla Stortingsmeldinga om arkiv er endeleg klar. Kulturminister Hadia Tajik legg fram meldinga under ei pressekonferanse i Riksarkivet sine lokale, fredag 9. november kl 13.30.

LLP vil vere tilstade når hendinga finn stad, representert ved nestleiar Torleif Lind.