LLP i budsjetthøyring hjå Stortinget sin Familie- og kulturkomite

LLP har i dag delteke ved budsjetthøyringar hjå Stortinget sin Familie- og kulturkomite. Ellen Røsjø la på vegne av LLP fram våre innspel til regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2013.

Budsjettforslaget for 2013 synte eit tilskot til arkivføremål på kr 359, 5 millionar kr. Av desse går 316 mill til det statlege Arkivverket – ei auke på kr 24, 1 mill kr. Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek får ei auke på kr 0,5 mill, og post 77, som mellom anna omfattar støtteordninga for privatarkiv har fått ei låg auke med 1,89% til 36 millionar.

Ellen Røsjø argumenterte i dag for auke til støtteordninga for privatarkiv, ei styrking av Kulturrådet si utviklingsrolle på arkivfeltet, og for sterke regionale arkivinstitusjonar framfor institusjonar danna utfrå forvaltningstilhøyre. Komiteen sine medlemer fekk og utlevert LLP si uttale i samband med budsjettforslaget for 2013.

Komiteen v/ Olemic Thommessen stilte spørsmål om korleis LLP opplever samarbeidet og kontaktnettverket med Kulturrådet. – LLP opplever dette som godt, men arkivområdet utgjer ein liten del av Kulturrådet. Det er eit stort behov for meir ressursar.

LLP sitt framlegg for komiteen og uttalen i samband med budsjettforslaget kan du lese her:

LLP sitt framlegg for Stortinget sin Familie- og kulturkomite

LLP sin uttale i samband med regjeringa sitt forslag til statsbudsjett 2013

Dokumenta er og sende som innspel til Kulturutgreiinga 2014

Uttalen er sendt til Kulturdepartementet.

share