Støtteordninga for privatarkiv – uttale til Kulturrådet og til Kulturdepartementet

LLP har i dag sendt eit likelydende brev til Norsk Kulturråd og til Kulturdepartementet med ei uttale om støtteordninga for privatarkiv.

6. juni vart det klart at Kulturrådet har løyvd 3, 3 millionar kroner til 25 institusjonar under støtteordninga. Dette representerer inga auke frå 2011. I tillegg til tildelingane våren 2011 vart det i november same år løyvd 1, 1 millionar ekstra til 5 institusjonar som var vurderte som viktige prosjekt, men som likevel ikkje hadde nådd fram i hovudtildelinga.

Brevet frå LLP til Norsk Kulturråd og Kulturdepartementet kan du lese her:

Uttale i samband med støtteordninga for privatarkiv

Les og på Norsk Kulturråd sine heimesider:

Tre millionar til privatarkiv

Workshop om Arkivdagen 2012 – 18. juni

18. juni arrangerar Riksarkivaren, Norsk Kulturråd og LLP workshop om arkivdagen. Som vanleg vert arkivdagen arrangert i november og årets tema er ‘Møteplassar’.

På workshopen vil det vera innleiingar med idear og erfaringar og vi vil prøva å starte ein dugnad der vi vil lage digitale forteljingar kring temaet utover hausten.

Tid: 11.30-ca 15.00
Stad: Oslo byarkiv

  • Om Oslo-samarbeidet ved Runhild Seim, Riksarkivet
  • Om den nordiske samanhengen, Eli Solberg, Norsk Kulturråd
  • Innfallsvinkler til temaet for 2012 møteplasser og om å arrangere/delta på lokale workshops i å lage digitale fortellinger, ved Marit Hosar, Opplandsarkivet, avd. Maihaugen

Påmelding innan 14. juni til ellen.rosjo@kul.oslo.kommune.no

Det er no oppretta ei felles nettside med informasjon om Arkivdagen 2012

Informasjon om arrangement kan sendast på e-post til eli.solberg@kulturrad.no

 

Kulturrådet gjev støtte til Wikipediakurs

Norsk Kulturråd har sett av midlar for 2012 til arkiv, museum, og regionale kulturnett som skipar til kurs i korleis skriva for Wikipedia. Mesteparten av midlane skal nyttast til å etablera kurs og samlingar for fagfolk ved institusjonane og frivillege rundt i landet. Det løyvast inntil kr 25 000 for kvart kurs som vert innvilga støtte.

Søknadsfrist er 20. juni.

Kulturrådet vil kople informasjon i ulike formidlingstenester som arkivportalen.no, digitaltmuseum.no, digitaltfortalt.no og europeana.eu saman med innhald i sentrale kunnskapskjelder. Gjensidig lenking vil bidra til meir bruk av dei ulike kunnskapskjeldene og gjera tema som gjeld arkiv, museum og kunst meir kjende blant brukarane.

Les meir på Norsk Kulturråd sine heimesider.