LLP si høyringsfråsegn vedkomande etablering av Norsk Helsearkiv og Helsearkivregisteret

LLP har i dag sendt si høyringsfråsegn til Helse- og omsorgsdepartementet vedkomande forslag til lovendringar i samband med etablering av Norsk Helsearkiv og Helsearkivregisteret.

Gjennom handsaminga av statsbudsjettet for 2010 vart det avgjort at det skal etablerast eit nasjonalt helsearkiv med føremål å sikra forsvarleg oppbevaring og tilgjengeleggjering av eldre, bevaringsverdige pasientarkiv frå spesialhelsetenesta.

Den nye verksemda, kalla Norsk Helsearkiv, vil bli organisert som ei eiga eining innanfor det statlege Arkivverket. Arkivverket er organisatorisk underlagt Kulturdepartementet, men Helse- og omsorgsdepartementet vil ha ansvaret for etablering og oppbygging av Norsk Helsearkiv i ein interimfase.

Departementet sendte i juli 2011 ut eit høyringsnotat.

Les LLP si høyringsfråsegn her.


                        
share