God jul og godt nyttår!

Landslaget for lokal- og privatarkiv ynskjer alle våre medlemer ei riktig god jul og godt nyttår!

Sekretariatet held stengt frå 23. desember til 2. januar.

Me ser fram til vidare godt samarbeid i 2012.

Presentasjonar frå LLP sitt privatarkivseminar

16. – 17. november 2011 arrangerte Landslaget for lokal- og privatarkiv seminar om privatarkivarbeid.

Her er nokre av presentasjonane frå foredraga. Fleire kan koma til etterkvart.

 

 

Seminar om arkivforsking i Trondheim 23. april 2012 – Invitasjon til å halde foredrag – «Call for papers»

Me har gleda av å annonsere at Landslaget for lokal- og privatarkiv feirer sitt 25-års jubileum med to seminar på Britannia Hotel i Trondheim, 23. april og 24.-25. april 2012.

LLP og Institutt for arkiv-, bibliotek-, og informasjonsfag (ABI) ved Høgskolen i Oslo og Akershus arrangerar seminaret «ARKIVFORSKING: TRENDAR OG UTFORDRINGAR» måndag 23. april. Professor Karen Anderson vil halde innleiingsforedraget om «Trends and challenges in international archival/recordkeeping research»

Me inviterar arkivarar og arkivforskarar til å sende inn framlegg til foredrag om eigne forskingsprosjekt eller emne knytt til konferansetemaet.

Meir informasjon om dette kan du finne ved å lese invitasjonen frå HiOA og LLP.

Meir informasjon om påmelding og program til både forskingsseminaret 23. april, og jubileumsseminaret 24. og 25. april vil koma.


	

LLP si høyringsfråsegn vedkomande etablering av Norsk Helsearkiv og Helsearkivregisteret

LLP har i dag sendt si høyringsfråsegn til Helse- og omsorgsdepartementet vedkomande forslag til lovendringar i samband med etablering av Norsk Helsearkiv og Helsearkivregisteret.

Gjennom handsaminga av statsbudsjettet for 2010 vart det avgjort at det skal etablerast eit nasjonalt helsearkiv med føremål å sikra forsvarleg oppbevaring og tilgjengeleggjering av eldre, bevaringsverdige pasientarkiv frå spesialhelsetenesta.

Den nye verksemda, kalla Norsk Helsearkiv, vil bli organisert som ei eiga eining innanfor det statlege Arkivverket. Arkivverket er organisatorisk underlagt Kulturdepartementet, men Helse- og omsorgsdepartementet vil ha ansvaret for etablering og oppbygging av Norsk Helsearkiv i ein interimfase.

Departementet sendte i juli 2011 ut eit høyringsnotat.

Les LLP si høyringsfråsegn her.


	

LLP-konferansen om privatarkiver 2011

LLP har gleden av å presentere program og tidsskjema for årets privatarkivkonferanse som holdes i Bergen 16. og 17. november 2011.

Årets konferanse retter fokus mot ulike problemstillinger og utfordringer knyttet til arbeidet med privatarkiver, som bevaring og formidling av næringslivsarkiver, verdien av å ta vare på organisasjons- og foreningsarkiver og utfordringen med elektroniske arkiver i organisasjonene. Også formidling og forskning vil være tema på konferansen.

Program, Konferanse om privatarkiver, LLP 2011.

 

 

LLP overfører openArms-midlar til DIAS-prosjektet

LLP vedtok på styremøte 25. mai 2011 å overføre dei resterande midlane frå openArms-prosjektet til DIAS-prosjektet.

Det stod att kr 355 183 kr frå openArms-prosjektet. Desse er no overført til Riksarkivet.

DIAS-prosjektet er eit samarbeid mellom Riksarkivaren og fire sentrale kommunale aktørar; Bergen Byarkiv, Oslo byarkiv, IKA Møre og Romsdal, og IKA Trøndelag.

Eit hovudmål for prosjektet er å definere ein felles og omforent pakkestruktur for bevaring av digitalt arkivmateriale med utgangspunkt i OAIS-standarden (ISO 14721: 2003). Denne strukturen skal kunne nyttast fleksibelt for alle typer av digitale leveransar til statlege og kommunale arkivdepot.

Grunngjevinga for vedtaket kan lesast i orienteringsbrevet til Norsk Kulturråd.

Meir om DIAS-prosjektet.

 

 

 

Kulturdepartementet tek i mot skriftlege innspel til arkivmeldinga

Kulturdepartementet skal i løpet av 2012 leggje fram ei melding til Stortinget om arkivsektoren. 9. juni arrangerte departementet innspelskonferanse der ei rekkje representantar for arkivsektoren i Noreg fekk koma med sine innspel til meldinga.

Departementet har i tillegg opna for skriftlege innspel til meldinga. Fristen er sett til 1. september og kan sendast til e-post: arkivmelding@kud.dep.no

Me oppmodar våre medlemer om å gjera nytte av denne mulegheiten.

For at LLP skal få innspel frå medlemer og fylgje opp arbeidet vidare er det fint om innsendte innspel vert sendt i kopi til oss på e-post: postmottak@llp.no

Lenkje til Kulturdepartementet

Sluttrapport frå prosjektet privatarkiv i musea

Sluttrapporten frå prosjektet «privatarkiv i museum» som vart initiert av ABM-utvikling og Riksarkivaren er no fullført.

Arkivkartlegginga i 2005 synte at norske museum oppbevarar meir enn 30 000 hyllemeter privatarkiv og at størsteparten av dette materialet er uordna og utilgjengeleg for bruk. Musea manglar faglege og økonomiske ressursar til å ta seg av arkiva på ein forsvarleg måte.

Dette var bakgrunnen for at ABM-utvikling og Riksarkivet sette igang prosjektet «Privatarkiv i museum» i 2007. I første omgang som eit pilotprosjekt.

Seks av åtte fylke har no levert sluttrapport. Dei rapporterar at dei har fått ei oversikt over tilstand og mengde i sine respektive fylke. Dei har utarbeidd planar/avtalar for kven som skal gjere kva påprivatarkivområdet. Fleire fylke har oppretta faste møtefora. I Hordaland har ein til dømes oppretta eit privatarkivnettverk.

Sluttrapporten syner og at kompetansen i musea har auka. Riksarkivet har som bidrag i prosjektet halde kurs og opplæring regionalt.

Les sluttrapporten: Privatarkiv i musea

 

 

Kurs i privatarkivarbeid 1. og 2. september

LLP arrangerar kurs i privatarkivarbeid for dei som arbeider i bedrifter, organisasjonar, museum, og arkivinstitusjonar.

Kurset vert halde 1. og 2. september på Maihaugen ved Lillehammer, og vert leia av Marit Hosar, arkivleiar ved Opplandsarkivet avd. Maihaugen.

I tillegg vil foredragshaldarar vera:
Bjørn Bering, utviklingsdirektør for fagfeltet arkiv, Norsk kulturråd.
Vilhelm Lange, leiar for privatarkivavdelinga ved Riksarkivet.

Kurset vert arrangert av LLP i samarbeid med Norsk kulturråd, Riksarkivet og Opplandsarkivet avd. Maihaugen.

Påmelding kan sendast pr e-post til postmottak(at)llp.no
Frist for påmelding er 24. august.

Les meir om kurset: Privatarkiv i museer og andre institusjoner

LLP inviterer til konferanse om privatarkiv

LLP inviterer til konferanse om privatarkiver 16. og 17. november i Bergen

Årets konferanse retter fokus mot ulike problemstillinger og utfordringer knyttet til arbeidet med privatarkiver, som bevaring og formidling av næringslivsarkiver, verdien av å ta vare på organisasjons- og foreningsarkiver og utfordringen med elektroniske arkiver i organisasjonene.

Pris:
Medlemmer: kr 2700
Ikke-medlemmer: kr 3200

Påmeldingsfrist:
5. oktober
e-post: postmottak@llp.no
Påmelding er bindende.

Hotellrom må bestilles av den enkelte og er ikke inkludert i prisen for konferansen. LLP har avtale med Hotel Grand Terminus. Rom kan bestilles der ved å oppgi refransenummer 1554950, med frist 18. oktober.

Pris for enkeltrom er kr 850 / dobbeltrom kr 1050

Konferansen vil bli holdt i Kalfaret brygghus sine lokaler, i Kalfarveien 76. Bergen.

PROGRAM

Onsdag 16. november:

BEVARING OG FORMIDLING AV NÆRINGSLIVSARKIVER

Samarbeid mellom arkiv, museum og næringsliv; bevaring og formidling av arkiver etter norsk petroleumsvirksomhet

– Torkil Thime, Statsarkivet i Stavanger

– Norsk Oljemuseum

– Per Skarung, Esso Norge

Arkivproblematikk under New Public Management

– Terje Haram, Bergen byarkiv

Torsdag 17. november:

ORGANISASJONS- OG FORENINGSARKIVER

Organisasjonsarkiver som kilder og dokumentasjon

– Bjørn Bering, Norsk Kulturråd

Noen erfaringer med Riksarkivets arbeid med elektronisk arkivmateriale i organisasjoner

– Per Kristian Ottersland, Riksarkivet

Bevaring av elektroniske arkiver – en utfordring for idrettslagene

– Hordaland idrettskrets

Referater og medlemslister på minnepenn! Utfordringer rundt bevaring av elektroniske arkiver hos organisasjoner

– Nina Klæboe, Bergen byarkiv

Foreningsarkiver i Misjonsarkivet; ordning og anvendelse

– Gustav Steensland, Misjonsarkivet

FORSKNING OG FORMIDLING

Samarbeid om formidling

– Maria Press, Statsarkivet i Trondheim

Majoritets- og minoritetsperspektiv i arkivbevaring. Hva dokumenterer henholdsvis de offentlige arkivene og privatarkivene om innvandrerorganisasjoner?

– Ellen Røsjø, Oslo byarkiv